Juleverkstad

Uteboden vår byrjar å bli isolert. Etter 2,5 kveldar med snikkedering går det faktisk framover. Og framgangen tok seg verkeleg opp etter at eg gjekk til investering av ein vater som er i vater, ei loddesnor – og ikkje minst snikkarbelte til Magne. Snikkar-naboen vår tykte at det var litt av ei bragd å bygge eit heilt hus utan snikkarbelte!! (…no har kanskje ikkje akkurat me bygd so mykje sjølve – men all ros tek me til oss med takk)

Litt problem med å hugse at hammar og diverse anna utstyr heng i beltet til Magne – me leitar fortsatt begge to ei stund rundt omkring av gammal vane etter blyant, måleband, meterstokk, vinkel, loddesnor og vater – før me kjem på at alt ligg jo i belte til Magne! Men det går seg vel te =)  Spikar er ikkje vanskeleg å finne – dei ligg spredd over heile frysen min, og litt bak frysen og litt på golvet attmed frysen har eg observert.

Før me byrja på dette prosjektet var me begge einige om at det hadde vore steike fint med eit eige trimrom i kjellaren – og so saug me i gang med å bygge utebod. Forstå det den som kan. Men det er vel ei tid for alt. Og det er jo fantastisk god trim å snikkere =)

(PS: Her skulle det då vore eit bilete av rommet me jobba i – men sidan berre 5 av 6 PC’ar her i huset er opperative i kveld so får eg ikkje ført over bilete frå speilreflekskameraet. Trur me treng ein 5-6 PC’ar til her ja – med ditto ledningar !!!

 

OPPDATERING kl. 21.00

Må nett ta med at det fortsatt er fint og kvitt her på Nes!! Kom vel 10 cm kramsnø i natt – so har det regna litt i dag – men i kveld er det fint og opplett og so vidt plussgrader! No har det faktisk lege snø her samanhengande i omlag 5 veker – det er ikkje spesielt vanleg på denne tida av året – eller generelt nokon tid på året!! Men eg klagar ikkje – mykje betre med kvitt og glatt enn svart og blautt =)

Eg får legge ut eit par bilete teke med digitalkameraet då – er no hardt å måtte gi seg på noko! So langt er me komme – her var berre støypeveggene då me byrja i helgi:

isoleringa er kommen godt i gang

Gjekk forbausande bra med samarbeidet vårt – og stendarane vart beine – i alle fall etter at me fekk vater som var i vater – og ei skikkeleg loddesnor so råma vart bein og fin =)

klart til å slå på ru-panel no

 

     Mamma lærde meg å laske under innspurten av husbygginga…

lasking

      … so no kan ikkje nokon påstå at me ikkje har laska til jul =)

10 Comments