1.desember

Adventstida står for døra (?) og det kan ikkje vere mange som har gleda seg like mykje som meg til å pynte til jul i år!!! Tenk å pynte i eit heilt nytt hus… Dette var heilt til eg oppdaga kor lite pynt eg faktisk hadde i den store øskja mi…

…No er øskja tom – og eg har pynta halve kjøkken og glaskarmen i soverom 2 – denne pynten har tidlegare vore nok til kjøkken, stove, gang, entre og elles der det måtte vere ein spikar ledig! Mystisk =)

Jaja, eg kan vel ikkje rekne med å få tak i all pynt fyrste året! Raud duk på kjøkkenet og adventsstake i trappeoppgangen var det viktigaste. Skal sjå det blir jul likevel! (Men eg ser at eg visst nok har hengt opp mesteparten av juletrepynten på veggane…. hmm. Blir eit stusseleg pynta juletre her i huset i år =)

Magne har juleverkstad i kjellaren (han har byrja å setje opp stendarar til utebod-rommet). Einaste eg har fått bidra med er å finne ein pakke med hylser slek at han fekk festa råma til stendarane i støypegolvet. Skulle nesten ynskje eg ikkje hadde funne dei, for FY for ein bråk med banking og boring…

Eg har vaska litt og bråka fælt her i 1.etg. i heile dag. Stakkars Gipsey ligge under bordet på kjøkken og stønnar og bere seg – gjettar at ho savnar den rolegare tilværelsen i Gåpn hos Marie og Hans som har emigrert til Thailand desse vekene! Men eg tykkjer ikkje ho skal klage – ho kan vere fornøyd med at ho slepp å bli pynta til jul her eg kavar på i min eigen vesle verden. Eg fant nemleg ein artig "hårbøyle" med nisseduskar på… men eg klarde å stå i mot freistnaden =)

Julesnøen er i ferd med å forsvinne. Ikkje meir enn 6-7 cm att no – men isen i i tunet og langs vegane ser ikkje ut til å bry seg med at det er mildvêr og småregn!!!  

So slek går dagane på Nes. Eg skal vaske og pynte – Magne snikkere og bore – og passe på at det jevnleg kjem støvskyer opp frå kjellaren slik at det ikkje skal vise at eg for ein gongs skuld har vaska!! Blir ikkje dette ei roleg og fredeleg adventstid so veit ikkje eg!!!

3 Comments