"Stabilitetens pris"

… var det eksamen min i Bergen i går handla om. Eg skulle samanlikne Sudan, Tunisia og Irak etter sjølvstende vart innført, og drøfte om me kunne snakke om ein "stabilitetens pris". Langt i frå det verste eg kunne fått. Eg var strålande fornøgd eg vakna i dag og var gla det ikkje var i dag eg skulle køyre tur-retur Bergen. Slek eit snøvêr! Godt kva som er gjort =)

Det mest spanande å rapportere frå byen var den vanlege handleturen på ikea. Eg trur eg har kjøpt ei Billy-hylle kvar gong eg har hatt eksamen – det byrjar med andre ord å bli ein del hyller her i huset!

Denne gongen vart det ei 202×80 cm hylle – dei kjem jo alltid flatpakka, og eg registrerte at pakka vog 37 kg. Hjelp med å bere er for pyser, so eg bar og banna og fekk no hylla med meg ut til bilen – men då eg byrja å stappe inn i calibraen kunne eg ikkje skjønne kvifor dette ikkje gjekk! Åja, forrige tur hadde eg hatt med tog og snører og lete hylla henge utanfor bagasjerommet. Tog var det dårleg med denne gangen – og passeleg sveitt og forbanna var eg – so den hylla skulle INN i bilen – det var ikkje tvil i mine tankar!!! Eg gryta ei stund bakfrå, drog ei stund frå førarsida og ei stund frå passasjersida. Då makkverket endeleg smatt inn sa det smokk – og eg fekk verken atte bagasjerommet eller nokon av alle dei 2 dørane =) Då kan de tru det var det ei dame som var bli. No kunne eg i alle fall ikkje spørje om hjelp – det hadde nok vore i flauaste laget. Om eg har vurdert å kjøpe stasjonsvogn før so gjorde eg det i alle fall no!!!

Eg fekk lirka og vridd på hylla (skulle ikkje tru det eigentleg var mogleg med treplater…) – til slutt fekk eg lete atte både bagasjelokket og passasjerdøra – men eg frykta ei stund at eg måtte køyre heimatte med begge framsetene slegne fram! Det small godt då eg knekte førarsetet bakover att slik at eg med eit stønn fekk smette inni bilen. Eg såg ikkje synlege bulkar på bilen som hadde vore so smart å parkere attmed meg (!) so då var det straka vegen hemm!!! Eg trur eg i alle fall hadde passert Dale før pulsen igjen slo normalt og sinnet hadde lagt seg.

Eg burde kanskje heller skrive oppgave om drøfting av komfortens pris etter ein tur på ikea =) Godt sat eg i alle fall ikkje dei vel 4 timane heimatt, og eg skulle no søren meg ikkje stoppe noko plass og strekke på føttttttna…  (Eg har endå ikkje eingong PRØVD å få hylla utatt av bilen – fort det blir ei stund til…)

 

Elles er det ein kald krig i huset – brødrene Kvalsøren har rotta seg saman for å sjå RBK tape stort – so eg får ikkje sjå Liverpool =( Trur det blir mange timar til stabiliteten senkar seg att over Nes i natt…

3 Comments