Kong Vinter

I dag har vinteren komme på Nes. Ikkje mange millimeterane vel å merke, men kvitt er det. Eg ligg heime på sofaen i dag med rennande nase og bankande hovud. Då er det ikkje so mykje ein orkar å ta seg til, men pc’en er det godt selskap i =)

 

Utsikten var ikkje all verden i dag:

Eg må ta med eit bilete frå i går og. Då køyrde eg over Heggmyrane, og tykte det var fasinerande kor bein snøgrensa var. Dette bilete er teke om ettermiddagen, var nok endå tydelegare på føremiddagen i går:

Det lullar godt i ovnen, og eg ligg innpakka i ulltepper og ein god kopp te innan rekkevidde. Dagen treng ikkje bli so galen sjølv om formen ikkje er på topp, i alle fall kan dagen bli fin fram til kl. 14 =)  Då får me sjå korleis det går med julehandelen i år!