Vatn…

Er ikkje alltid ein køyretur frå Sperla til Gåpn er lika spanande som i dag…

Sperle-elvi har velta stein i heile går, i natt og i heile dag – var ikkje store opningen att under sperlebrua… Bygnaden vår ned til redskapshuset fekk store skader ved forrige flaum for eit par månadar sidan, so blir spennande å sjå kor mykje elvi har greve ut denne gongen. Blir nok ikkje billeg å reparere det… Eg tykkjer no i grunnen ikkje det so merkeleg at somme er for at Statkraft får lov til å regulere Sperle-elvi etter å ha opplevde nokre slike dagar og netter… Og dei som har 79-flaumen friskt i minnet er det vel endå verre!

Steike til rabalder det var oppi her…

Me hadde fått elv i bøen bak huset på Sperla og…

Då me køyrde nedover dalen, var det vatn i vegen på alle dei vanlege plassane. Fyrst i Uri:

So kom me til Myklemyr, her kjem eit bilete av den mindre kjente Myklemyrinnsjøen… me ana at det var mykje vatn på markene då me møtte ei bufåre på veg fram hovudvegen, og slik såg innsjøen ut:

So var det Haukåsgjølet:

Neste hinding: ville me komme forbi Hellemoøysvingen like før Alsmo? Frykta det verste då me såg ein vegvesenbil stå der med blinkande lys:

Men det gjekk akkurat. Godt me ikkje hadde brøytebilen min som tek nedpå viss det ligg meitemark i vegen:

Video frå gjennomkøyringa kl. 15.30   # HER #

Snakka med folk som passerte der i 17-tiden – var visst meir vatn då… har vel sin logiske forklaring i at toppen til fjells kjem seinare nede i dalen… hehe…

Det var mykje vatn i vegen like før bakken opp mot brua over Leirdøla og, men ikkje vanskeleg å køyre gjennom. Video  # HER #

Siste spørsmålet var kor langt det var att under Gåpnabrui før vatnet kunne renne over:

Det var no att eit stykkje – men me kom inn i ei skikkeleg jævlige regnbye akkurat her, so det var nesten uråd å ta bilete. Dogga i bilen, dogga på kamera, og skodda kom sigande! Men samanlikna med bilder frå august-«flaumen» so er nivået mykje likt!

Tok ei svipptur opp mot Gardavegen i Gaupne, for å sjå på markene der det skal komme nye hustomtar snart:

Reknar med at dei må demme opp elva før dei kan bygge hus her =)

Folk må få lov til å vere i mot utbygginga so mykje dei vil, men eg tenkjer som so: Hadde det vore ein meter med nysnø i fjellet i dag – det hadde jo ikkje vore uvenleg om ein ser på kalendaren – kor mykje vatn hadde det komme i elvane då? Var 14 grader pluss på Sperla klokka 13.00 i dag. Er vel ikkje spådd noko mindre klimaendringar i åra som kjem…

9 Comments