Endeleg kontroll att

Når PC’en tek over daglegliv OG hakkarar frå hakkebakke-verden tek over heile blogg-tjenesten, so merkar ein fort kor lite makt eit stakkars menneske har i denne store verda. Men no er visst alt tilbake til sitt vanlege her i huset. Passord virkar att og det går an å forlate pc’en utan ønskje om å sprenge heile dritten i fillebitar og kaste bitane på fjorden.

Sidan vêret er labert i dag so passar det å publisere eit par brukbare bilete teke for eit par dagar sidan. Då var det rosa himmel og verkeleg flott solnedgang på Nes!

Ja – eg angrar på at eg ikkje gadda å gå ned i kjellaren å hente speilrefleksen, bileta på sonyen blir langt frå so skarpe. Men når giddalausa fyrst har komme sigande om kvelden er eg hjelpelaus…

Signhild sende meg eit bilete på veg til jobb tidleg i veka – og viss ikkje dette er skikkeleg Halloween-himmel, so kva er det då?

Må ta med at dette er teke med mobilkamera i fart, var visst ein fantastisk himmel…