Innspurt i Vigdalen

Då nærmar det seg innspurten på skogaryddinga i Vigdalen. No har Statkraft sponsa røyr til grøvene som er til plage langs skitrassêen, og nedlegging av røyr er komme eit stykke på veg. For å bli ferdige so gjenstår eit område like forbi Fjellstølen. Der vart det i helga merka ut kvar trassêen skal leggast, slik at det blir bra å gå på ski der, og Statkaft kan bruke same trassêen til skuterkøyring.

Derfor kallast det herved inn til ny dugnad, til alle som føler seg kalla:

LAURDAG 27.oktober.

Start frå Vårstølen kl. 10.00. Ta med motorsag, ryddesag, snel – eller berre kom. Forrige dugnad var det 8 motorsager og 5-6 som rydda vekk trås. De hadde vore plass til ein god del fleire i begge grupper!

Ein dugnad går alltid 10 gonger lettare om me er godt hjelpa – og til fleire som kjem, til fortare blir me ferdige.

Ver snill å gi beskjed til alle de ser om at dei blir med dykk på dugnad i Vigdalen!!!!