Dugnad vellukka

 

Mykje skog måtte gi tapt på laurdag, då 14 personar møtte til dugnad i Vigdalen. «Skitrassêen» vart rydda frå litt forbi vårstølen, og fram til hyttene på Vigdalsstølen, pluss eindel oppover mot Buskrednosi.

Er nesten moro når det ein får gjort so mykje på ein dag! 8 motorsager var i sving på det meste. I tillegg rydda me fint etter oss fram til me nærma oss Vigdalsstølen. La greiner og rask i haugar, og kvista av det som kan brukast til ved.

Diverre kjem ikkje bileta opp slik eg hadde tenkt, har litt tekniske problem i heimen. Men it-ansvarleg er sett på saken, so håpar på ei snarleg løysing =)

 

 

 

 

Her er den nye motorvegen. Pappa hadde med dreneringsrøyrer som vart lagde ned i dei største grøvene. Elles la me kvistar og rask i hol og dumpar for å jamne ut litt.

 

 

Nokre av dugnadsfolka =)

2 Comments