Vigdalen 13.oktober

Høyrde at det var ein flott gjeng som tok seg ei herve opp mot Nosakollen for eit par veker sidan. Tykkjer at det var utruleg bra initiativ – noko må gjerast før skogen tek over makta!!!

Kjem her med ei oppfordring til alle som føler seg kalla:

SKOGARYDDING I VIGDALEN

Oppmøte laurdag 13.oktober kl. 10.30 på snuplassen på Vårstølen. Blir rydding av skog frametter dalen og opp mot Vigdalsstølen, eventuellt oppover mot Buskrednosi, og eventuelt vidare framover dalen.

Ta med motorsag eller anna sag, eller berre kom å rydd/ber vekk greiner.      (det kan nemleg alle klare)

Eg er klar over att dette krasjar litt med buldring og anna Ofse-aktivitet, men håpar at alle som ikkje skal buldre kan ta seg ein time eller 3 i Vigdalen!

Eit par bilder for å illustrere:

Utsikt mot Veahaugane

OVER: Bilde teke frå Vårstølen mot Vigdalsstølen vinteren 2007

UNDER: Bilde teke frå "Veahaugane" mot Vårstølen vinteren 2007

bilde frå veahaugane mot Vårstølen

Og sist men ikkje minst: Eit bilete frå Veahaugane, som eg vel å døype "eit eldorado for glade skikøyrarar som "sikkar" når dei skulle ha "sakka" – og tykkjer at det å bryte ned småskog med kroppsvekt i stor fart er det som gjer skiturane til vakre minne for livet" :

IMGP0424

9 Comments