Haustferie

…og nydeleg vêr. Ikkje gale. Nok å ta seg til både ute og inne, men no er planen å ta seg nokre dagar i Jostedalen. Magne skal til Oslo på kurs nokre dagar, so huset får stå som det står. Rot og skrot og målarsaker går vel ikkje sin veg! Me har byrja å tenkje på å ha innflyttningsfest i huset vårt snart, men det ser ikkje ut til at me har ledige helgar på ei stund endå. Dessutan har me berre budd her i knappe 5 mnd.

Har fått spørsmål om å legge ut nokre bilder frå huset vårt slik det ser ut no når me har flytta inn. Og det skal eg prøve å legge ut, i alle fall innan kommande helg er omme.

Inntil då: GOD HAUSTFERIE til alle – Jammen er det fint å vere lærar!