Molden

Endeleg ein dag fri som det ikkje regna. Då var mål nr 1å sove så lenge som muleg utover dagen, og mål nr 2 å komme seg til fjells. Var ingen som hadde tid til å vere med meg, so det vart berre eg og Gipsey. Ho var over-entusiastisk =)

Nydeleg vêr, nesten heilt vindstille på toppen, lettskya og passeleg varmt.

Møtte eindel folk. Og sjølvsagt møtte eg mine gode naboar! Er ikkje ein fjelltopp me ikkje møtast på! Men du verden so kjekt =)

Spreke folk!

To damer som kosa seg i haustfargane =)

Nei – det var ikkje so mørkt då me gjekk nedatt – men i motlys har eg ikkje heilt fått kamera til å fungere slik som EG vil at det skal gjere… Må vere noko gale med kamera… Men var flotte fargar både på himmel, fjord, fjell og tre. So no er dagen komplett!

One Comment