Rivenoskulen 1943 moh

Då var det gjort. Magne er endeleg ferdig med toppane sine. Ikkje so mykje spennande å skrive om turen i går. Ikkje var det skodde, ikkje var det nedbør og ikkje trengde me hovudlykt. Derimot var det is-kald nordavind. Eg burde vel holdt meg heime i går med hovudverken min, men klarde no å labbe opp til Sprongdalshytta. Medan Magne småsprang opp på toppen, for eg nedatt i dalen og tok haustbilder. Det var nemleg for kaldt å ta av vottane i fjellet, so det vart ikkje mange turbildene denne gangen…

Rivenoskulen midt i bildet

Sprongdalshytta mitt i bildet, Rivenoskulen bakerst.

Magne på toppen =)

Knipsa i hytt og gevær, Signhild vart med framatt for å hente Magne. Og ho tok mange flotte bilder av asfaltvegen gjennom bilruta. Flott det Signhild =)

Elles vart det stopp her og der og knipsing overalt. Her kjem nokre haustbilder: