Fastpacking Breheimen

Xreid Turtagrø – Beitostølen var hovedmålet for 2018. Når det gjekk sopass bra som det gjekk fann eg fram att draumen om å reise på ein lengre tur inn i Breheimen. Eit område eg faktisk har vore veldig lite i, det til tross for at eg bur rett ved.

Med alle DNT-hyttene der so ville eg og prøve ut «fastpacking» konseptet der man med lette sko,klær og sekk kan kome seg lenger og raskare gjennom terrenget enn med vanlig tradisjonell turoppakking.

På dei fleste dnt hyttene er det stort proviantlager so der får man fylt opp både mage og sekk. Telt og sovepose treng man heller ikkje, nok med ein lett lakenpose.

Sikkerheit derimot skal man ikkje ta lett på. Det er ikkje mobildekning i breheimen, heller ikkje mykje folk på tur so sjølv ei lita ankelforstuing her kan fort verta fatal.
Breheimen ligg på kalde høgfjellet og veret snur fort her. Rask ferdsel i terrenget aukar og risikoen for fall.

På denne turen hadde eg med meg ein satelitt sendar/mottakar der eg kan sende og motta meldinger, dei heime kan til einkvar tid sjå kvar eg er og eg kan og hente ned værmeldingar. Dette ga meg ei stor tryggheit på turen. Eg hadde nok ikkje lagt ut på denne turen aleine uten.

Sjølvsagt so må man og velge turmål etter eiga evne. Ukjent som eg var i området so hadde eg ikkje nokre definerte overnattingsmål eller tidsmål. Eg såg det an etterkvart kva hytte eg låg an til å nå. Brukte god tid med hyggelege turfolk på hyttene og stoppa ofte for bilde/video-taking og ein prat med dei få eg møtte. Småjogga der eg kunne, men breheimen består av mykje stein og ur so det vart mykje vanleg gange.

Breheimen leverte alikevel godt over forventa. Heilt fantastisk spetakulær natur i eit forholdvis lite besøkt område (i forhold til jotunheimen) fantastiske fjell og hytter. Spesielt so satte lyden av fritt rennandes vatn eit sterkt minne av turen på meg( den lyden hører de og på videoen)

Eg hadde to overnattingar (Arentzbu og Sota). Kom til Nørstedalseter etter litt over to døgn (51timar) 103km totalt.
Normalt bruker man 5 eller 6 overnattingar på ein runde inn i breheimen.

Sekken på denne turen vart ca 6-7Kg frå start, men mest truleg 8kg under turen da eg måtte bere på ein del blaute kle frå regnveret fyrste dagen.

GPS, kart kompass, nødladar, førstehjelpsett, alupose, ekstra sokker, truse ullkle,lue, vottar, skallkle, lykt ,flaske, handduk var og med i sekken

1. dag Navarsete-Fivla-Fast-Arentzbu ca 40 km

2. dag Arentzbu-sprongdalshytta-Sota seter ca 30km

3. dag Sota-Nørstedalseter. ca30km

Avsluttet turen med ein fantastisk sykkeltur ned til Fortun. Anbefalast! men ta med god sykkel med GODE bremser, eller leig ein skikkeleg ein på Nørstedalseter!

#meburieindraum #dnt #nørstedalseter #ultrarunning #lustertelemark #salomonrunning #happyrunner #kondis #breheimen #luster #navarsete Sota Sæter DNTLuster TurlagSprongdalshyttaVigdalstølen #fastpacking DNT Oslo og Omegn