KRINGLA 30.09 – 01.10

 

Utsikt frå verandaen på hytta då me stod opp søndag morgon :-)

Me reiste til fjells i helgi. Vekk i frå mas og kav i byen. Magne har tilbringa veka i Oslo, eg har vore i Bergen. Me kom oss oppå Kringla utpå laurdagen i småyr, og eg kjende kroppen vart lettare og lettare for kvart steg eg tok. Ditta hadde eg lengta lenge etter. Magne fiska litt, medan eg slappa av utover kvelden med ei god bok. Det høljeregna og blæs om natta, men utsikten på bildet over var det som møtte meg då eg gløtta på døra søndag morgon! Ein nydeleg haustdag….

To glade turkameratar poeserar i haustfjellet

Magne og Gipsey ved Smørvi-vatnet

utsikt mot herbersteinane

 

Utsikt mot innste botn i vigdalsstølsdalen (der Herbersteinane ligg)

Me gjekk oss ein tur i haustfjellet på søndagen. Opp til Smørvi-vatnet for å fiske litt, og vidare til Grasøy-vatnet. Tok oss opp fjellsida (på feil side av vatnet) og over kamben til me såg nedatt i Vigdalstølsdalen. Me kava litt på i vierkratt og på sleipe svaberg – Magne konkluderte med at me var nok i ferd med å gjere «ei fyrstebestigning av Sørvest-veggen på Grasøyvaten-nuten, høgaste fjellet i Kringla-massivet»…. Hehe… Ein flott tur. Litt enklare nedatt då me faktisk fulgte stien! Då me hadde ete god middag og vaska oppatt etter oss, tusla me nedatt i låglandet – med rosa himmel som bakgrunn. Eit perfekt punktum for ei avkoblande helg…..

Ein flott himmel