Nobbafjelli i solnedgang

Ny topptrimtur. Ny tur med hovudlykt. Men klage kan me ikkje =)  Eg, Gipsey og Magne var klare til start ved bommen mot Årdal kl. 16.45 i går ettermiddag. Nydeleg sol og flotte snødekte toppar gjorde underverk med hummøret:

nydeleg utsikt mot solleibotntindane og austabotntindane

Her skulle me gå (bildet under). Kuppert terreng, med eindel snø.

terrenget for turen vår

Eg var faktisk i tvil om eg skulle ta med stilongs i sekken på denne turen, men Magne meinte at det burde vere med. Eg hadde vel knapt gått i 20 minutt før stilongsen måtte på. Det var kald vind og temperatur rundt 0 grader – der eg gjekk og vasa i bomulls-tightsen min! Aldri før har det vore SO godt å få ull inn til låra mine =)

drikkepause

Tempoet var høgt, og drikkepause kjærkomment. Fleire vatn var islagt – so det var friskt fjellvatn i elvane me vabba over!

Nydeleg =)

eige skystystem? Eige skysystem ?

Me gjekk og gjekk – oppover og nedover… Eg med min halvgamle diesel-motor trengde nokre høgdemeter for å få kroppen i gang. Magne gjekk som vanleg på flybensin og skaut i veg som ein rakett. Gipsey sprang mellom oss so godt ho makta, og tykte vel eg var i tregast laget til tider! Men me nærma oss målet.

Gipsey er alltid beredt: vatn og kart =)

Magne fekk leike seg med GPS’en – og det var eit godt hjelpemiddel. Mange småtoppar i området, og ikkje heilt logisk kvar me skulle legge ruta.

 Eg kjem, eg kjem =)

Toppen vart bestigen då klokka hadde passer 19.00. Solnedgangen var ein ting – skodda som kom sigande ikkje fullt so romantisk…

 utsikt mot Mørkrisdalen  Utsikt mot Mørkridsdalen.

So då var det å ta ein tradisjonell 3 minuttars stopp, og so legge på sprang mot bilen. Ikkje noko er so koseleg som fjellturar der du stadig går i kamp mot klokka og vêret, bere med seg kilovis med mat som ein ikkje får tid til å ete – og ein merkar på bildene ein tek ved bilen FØR start at det allereie er byrja å «skjømme» (mørknast for dei som ikkje forstår det ordet=)

Men me var heldige – skodda berra trua rundt oss… Ikkje at det hadde spelt so stor rolle om ho hadde komme – det var bekmørkt å gå likevel, so navigerte etter fotspor, Gipsey-spor og GPS.

Nok ein flott fjelltur – og Magne er ein topp nærmare målet. Me måtte gå med hovudlykt i ca 1 time – men snøen gjorde det lettare. Lysare. Litt kaldt, men me herdast av slikt, som Magne so fint ordla seg då me sette oss innatt i bile.

Dagens spørsmål: Gjett kven som tappe seg eit kokande heitt boblebad då me kom tilbake til Nes i 23-tida??

3 Comments