Falcotrail 2018

Det var vel etter Oppdal fjellmaraton at eg såg meg rundt etter flere løp.  Kunne godt tenkt meg ein ny langtur og ITRA har ein god oversikt. Her finn eg eit ultra-løp den 8. desember i spania som er nær Torrevejia der foreldrene mine har feriehus. Hmm… kombinert flukt fra mørketid med ein langtur i solrike Spania, DET FRISTER!!!

Falcotrail er eit årleg arrangement i i byen Cehegin, murcia regionen, sørøst i Spania. Det er flere distanser å velge mellom, 22km 49km og 72km. 
I 49 km distansen var det i år det Spanske nasjonalmesterskap so topp kvalitet på deltakarane.
Løpet virket som eit relativt fint og stort breddearrangement med ca 1400 deltakarar fordelt på dei ulike distansane. Byen ligg på ca 500 m.o.h. og høgaste punkt i løypa er på ca 1120 m.o.h.


Eg går for Ultradistansen på 72km. ITRA har og noko dei kallar finisher criteria. og perfomance index. Kvart løp får her ein indexscore som man kan sammenstille med sin egen «score» frå tidlegare fullført ITRA-løp- Dette gir ein viss peikepinn på vansklegheitsgraden for å kunne fullføre løpet innen angitt tidsfrist.

Indexscoren til Falcotrail indikerer for min historikk at ultradistansen skal vere oppnåeleg, men løypeprofilen ser absolutt tøff ut, eit titalls bratte fjell me skal forsere men og eit parti mellom 18 til 36 km som bør vere bra løpbart.

Løypeprofil foto:http://www.clubdeportivoquipar.es/falco-trail

Eg sendte linken til mine brødre for å sjekke interessen og det tok vel berre eit par sekund so kom det tommel opp. Fly og påmelding vart booka, denne gongen fekk eg med meg eldstebror som og var med på Xreid tidlegare i sommar.

Opptreninga til løpet tok eg med ein nesten forbausandes ro. Har fått eit godt grunnlag i år og vedlikehaldt det greit i haust.

November hadde mange finværsdager med mykje sol og lite snø oppe i fjellet og da var det godt å ha ein tildels fleksibel arbeidskvardag der man kan ut på tur når man vil. Det vart mange turer med vår nye kvelp Shinx, ein 6mnd. gamal eurasier + ein lengre tur i lustrafjella, 32km med nokre tusen høgdemeter. Var og med på Ultra interval challenge som du kan lese innlegg om her.

Me reiser ned torsdag kveld og Spania leverer som vanleg fint ver med +20 grader, varmare enn normalt for årstiden seier far min når han henter oss på flyplassen i Allicante. Me bruker fredagen til shopping (løpeting) før me tek ein roleg shakeout tur ned til stranda.

Bror som skal stille i maraton 49km klassen har knapt fått trent noko til dette løpet. Har slete med ein leggskade og har få forhåpningar til å kunne fullføre løpet og er vel egentleg berre med som crew/ferist. Men shakeouten går bra, kjenner lite til skaden so da stiller han til start. Om muleg so vil han prøve å skifte til halvmaraton-distansen.

Løpsdag,opp kl. 0340. Har sove godt! Har verkeleg fått «tekken» på dette med konkuranse-førebuingar. (i forhold til hornindal) Er man pakket og klar so er det jo ikkje mykje meir å gruble på. Berre å setje seg i leigebilen for ein dryg times køyring til Cehegin.


Er spent på kva dagen skal bringe og om eg verkeleg er klar for dette. Distansen i dag er omtrent den same som i hornindal rundt. Fleire fjell men mindre totale høgdemetere. Det er og en tidsfrist på 15timer for å få fullført distanse og medalje so det blir hovedmålet seier eg i bilen. Delmål nummer to set eg til 12 timar.

Me finn startområdet og skundar oss til sekretariatet for å hente ut startnummeret mitt. Her går det i spansk og fingerspråk inntil det kjem ein løpsleder som kan litt engelsk og forklarar kva dei snakkar om: «passaporte?» Eg må legitimere meg med pass og passnummeret som me registrerte oss med for å få ut startnummeret. Me prøver å virke so uvitandes til dette samtidig med ei forklaring om at det ligg att i feriehuset. Løpsleder forsvinner og so står me altså der i spania, ein halvtime før start uten lov til å stille til start.

Me gjer eit siste forsøk på dialog med løpslederen som no tydeleg visar at ho er blitt lei av «amatørene» frå Norge. Lettelsen er stor da eg får lov til å legitimere meg med kredittkortet. Berre for å toppe det so må sjølvsagt brodern gjennom same spetakkelet ein time etterpå for å få hentet ut sitt startnummer. Han turte ikkje å spørre om å få byte distanse…

Mykje styr for å få denne lappen.
Norske farger må me sjølvsagt ha når me representerar fedrelandet.

Klar til start og det er full rocknroll kl 0553 i sentrum av Cehegin. Full guff på speaker, lys og lydanleggg.

Me må gjennom ein kjapp kontroll på at me har med lykt, vatn og mobil. Det er satt ein grense på 300 deltakarar på lengste distansen. So mange er det ikkje til start, antek ca 150. Temperaturen er eit par grader. Spanjolene har kledd seg godt med heldekkende plagg fra topp til tå. Eg synes det er perfekte forhold. Låner nokre armsleeves av pappa, resten av ytterklærne har eg i sekken.

Starten går, me løper ut av byen, det er bekmørkt. Opp mot det eine fjellet godt synleg frå byen ser me eit enormt lysandes kors. Magisk steming!

Det er tre fjell(eller hauger som me namnset dei her i norge) som no kjem rett etter kvarandre. eg legg meg nesten bakerst men forstår på tempoet etter første fjellet at eg ligg i feil felt so jobbar meg oppover for å finne ein gruppe som held eit bra men økonomisk tempo. Det er tett mellom løperene inntil første servicestasjon på 12km. Merker at underlaget er annerledes enn kva eg er vand til med mykje meir støv og løse rullandes steiner som eg får knallhardt tilbake i skinnleggen i nedoverbakkane.

Fall nummer 1
Etter første drikkestasjonen so løser feltet seg opp og me løper inn i eit flott vindruemark-område. Sola kjem fram og eg bestemmer meg for å ta av lykta, men lykta vil ikkje av hodet…røsker til og oj der dett solbrillene av. Har visst teke dei på hodet før eg tok av lykta, bråstopper i ein slak nedoverbakke for å ta dei opp, mister fotfestet og dett bakover.
Føler meg so skrekkeleg dum at eg flyg rett opp igjen og set i gang å løpe før dei bak meg tek meg att, studerer og føler på skadene. Blodete albue, hand og vond hofte. Fy flate kor flaut det hadde vore å måtte gje seg no. Fly heilt til spania for å ryke ut etter ein mil… trur ikkje far og bror hadde vorte so imponerte…eg må lenger!

Etter at dei første fjella er unnagjort so er det mykje løpbart. Underlaget skifter jamnt mellom fine stier og grusveg. Løypa er meget godt markert med bånd og merking på bakken. Alikevel klarar eg etter andre matstasjon å gå over ein dobbelt sperrelinje og oppover ein anna sti……går og tekster med far og bror om at alt er heilt ok, inntil eg oppdager at det ikkje finnes noko meir merking… må løpe nesten helt tilbake til matstasjonen for å finne bånda att. Dei og pilane på bakken fortel meg att me skal inn i eit tørrlagt bekkefar. Taper eit par minutter på feilnavigeringen og sjølvsagt tek eg nok eit nytt fall rett etterpå.

Løper heilt åleine no, hadde faktisk vore greit med fleire rundt meg for å bekrefte at eg er på rett sti, for sjølvsagt får eg eit innfall om at eg er komen inn på maraton-løypa. Etterkvart høyrer eg motorvegen og hugsar frå kartet at det var langløypa som var i nærheita av den.

Kilometerene går fort unna, godt å endeleg få prøve seg på ein løpbar ultra. På Hornindal og Xreid har det vorte mest gåing i teknisk og lite løpbart terreng.

Fint løpeterreng

Held eit godt tempo og tek att fleire, hilser på alle eg møter. Dette ein av dei fine eigenskapene med denne sporten.. ultraløping er skikkeleg sosialt! Praten går lett mellom deltakarane og me får nye vener ved kvart løp. Tiden me bruker er det ikkje so nøye med. Sjølvsagt vil me kome inn på ein god tid, men hovedmålet til majoriteten for ultraløpere er nok rett og slett å kunne fullføre på eit godt vis.

Mitt spanske språkforråd begrenser seg til ca fire ord so det blir nokre tommel opp, vamos og gracias, men det går fint på engelsk med dei fleste.

Ein av desse nye spanske venene fekk eg ved å ta mitt tredje fall for dagen. Denne gangen rakk eg ikkje å gjere noko utenom å legge hodet bakover medan eg stuper framover i stien. Har fulgt spanjolen ein god stund og det er når han aukar tempoet ned eit tørrlagt elveleie at eg legg inn dette fallet. han stopper, snur og er oppriktig bekymra for meg. Eg kjem meg opp på beina og konstanterer nok ein gong at eg har vore utruleg heldig. Kne, andre albuen og handledd denne gongen.

Min spanske ven som pratar godt engelsk reiser ikkje før eg sjølv innser at eg må vise at eg er ok og ved mine fulle fem so me fortsett saman vidare på turen. Me får ein god prat om alt, ingenting og Killian Jornet.


No må eg finne ut av kvifor eg har begynt å falle so mykje. Har altso tatt 6 fall på dei to siste løpa. Har ein mistanke til at det kan vere noko med salomon xa enduro skoa mine. Dei er nokre fantastiske sko med sin gode støtte, passform og demping! Dei har ein veldig sterk beskyttelse i tuppen, muleg for sterk da sammenstøta føles so kontante at eg ikkje har nokon sjans til å ta meg inn att. Dette har eg eigentleg merka meg heilt siden første tur da eg plutseleg begynte å snuble borti alt på turene mine. Dette er berre ein teori, men har og lest noen tester på nettet av skoa der dei erfarte liknande.


Me er no komen inn på maratonløypa so fleire folk i løypa og terrenget endrar seg vesentleg til meir teknisk krevende opp mot løypas høgaste punkt på ca1120m.o.h.

Spanjolene rundt meg imponerer! Dei er nokre skikkelege spanske fjellgeiter som gruser meg når det blir bratt!. Det er høg kvalitet på deltakarane her! Før start so skuler man so oftest ein del på dei andre deltakarane og nemnte da til far og bror min at her såg eg ikkje mange «amatører» og det viste seg å stemme bra.

Flott utsikt
Min spanske hjelpar

Ved ein vegkryssing ved ca 50km står pappa og ventar på meg.

Eg har sendt han ein sms med kilometerstatus for kvar mil so han har rekna seg til at eg kjem snart. Eg tek ein kort stogg her. 50km unnagjort på 6 1/2t og med kun 25km igjen so ligg eg veldig godt an til å klare tidsmålet! Dette går lett! Enkelt! proklamerer eg til pappa trippandes ivrig etter å kome meg vidare.


Med denne farten so bør vel 10 timar vere oppnåeleg og? Bror min som stilte til start på maraton kl08 er visst berre 30min. foran meg so er ekstra gira på å møte han i løpet av turen.

Finn deg ei skei og et i veg oppfordra dei meg til. Måtte vere høfleg og smake, godt var det og,

Me går no opp og ned mange småfjell med veldig teknisk og bratt terreng. Enkelte plasser må me halde i og rappellere ned tau. Tempoet faller naturlegvis veldig.

Eg tek att bror min som er ved godt mot. Han har teke det veldig roleg og er bestemt på å fullføre.

Brødrene Brothers!

Eg har hovna opp i eine kneet etter siste fallet og slit med smerter, spesielt i nedverbakker. Etter ein pause med næringspåfyll og ein Ibux forsvinn heldigvis smertene .

Fleire plasser har dei satt ut tau til sikring nedover.

Lite løpbart terreng no og eg bruker 1 og ein halv time på 3km! 10timar var for optimistisk, usikker på om delmål2 på 12t er fortsatt oppnåeleg.

Ved ein matstasjon på 59km so tek me ein lengre stopp og ny Ibux. Kneet føles greit, ser at ein del løparar passerer og føler meg klar til å fullføre! Spør brodern om det er greit at me fortset i eige tempo vidare. Eg er ikkje so begeistra for samløping der man må tilpasse tempo, betre at man løper i det tempoet so føles mest økonomisk for kvar enkelt. Han er med på det og reiser frå meg? Oj…vart han fornærma? eller vekte eg eit konkuranseinnstinkt lurer eg på der eg tufler avgårde lenger og lenger bak til han heilt er ute av syne.

Herifrå blir det mykje rykk og napp med fleire løparar. Dei tek meg att i fjella medan eg tek dei på løpepartia, alikevel tydeleg at dei begynner å bli slitne da dei heller går enn løper på strekkene. eg har det bra og tek etterkvart att brodern når me no ser byen Cehegin der me starta. klokka viser 11t15. Dette kan gå det! ..ser ut til at me skal rundt eit fjell før nedstigningen til byen.

Jammen fekk me ei elvekryssing her og
Cehegin

Når me rundar fjellet so endrar stien retning oppover…nei skal me opp der! seier eg og banner høgt bak til brodern. klokka er no 11:35. Aukar tempoet men forstår at dette går ikkje! Heldigvis so går stien berre opp til ein fjellrygg 50m høgare opp før den går nedover på andre sida.

Eg satsar alt!

Hopper nedover den bratte stien i skumringen, so eit par kilometer relativt flatt inn til byen. Reflekterer kort over at eg faktisk er kapabel til å setje inn ein sluttspurt etter 73km! Politet stoppar trafikken når eg kjem inn i byen og folk sit på gatekafeane og heiar so entusiastisk som berre spanjoler kan. Fantastiske folk! Eg bukker og takker og føler veldigt på mestringsfølelsen.

I ein av dei siste gatesvingane står pappa og tek bilete, eg kikar på klokka: 11t56min

Eg klarer det! og stopper opp for ein kort prat før eg joggar inn i mål.

Brodern mot mål
Rett inn i partyteltet for gratis pasta og øl.

Mitt første løp utenlands er vel gjennomført. Ei flott arrangement med ein variert og til tider spetakulær løype, skal ikkje sjå vekk ifra at eg/me kjem att ein gong.

Plasseringsmessigt so blir det ein 48. plass av dei 94 som fullførte innen tidsfristen. Godt fornøgd med det, da gjorde eg meg ikkje heilt vekk denne gongen heller. Kor mange som ikkje rakk fristen eller fikk DNF kjem ikkje fram av listene men antok ca. 150 til start.

Ein fin avslutning på ein løpssesong som har gitt meg mykje. To ultraløp, maratoner både på asfalt,fjell og mange flotte fjellturar er i overkant av kva eg hadde håpt å få til i år. Må innrømme at eg er blitt avhengig av desse turane og trening generelt. Stor takk må gå til dei heime som støtter meg på trening og løp. Eg håper at løpingen gir ein positiv påverknad både i heimen og på jobb i kvardagen.

I etterkant av kvart ultraløp i år har eg følt at eg har hatt meir å gi. Det er ein god erfaring å ta med seg til neste år. Sjølvsagt har eg vore fornøgd med at løpet er over og er sliten når eg kjem til mål. Men eg har rett og slett ikkje vore heilt i «kjellaren» ennå. Litt usikker på om eg vil dit, men ein av drivkreftene med ultra er jo utfordringen med å teste ut sine grenser. Eg er mentalt klar for nye og lengre eventyr! 2019 kan bli spennande!

Takk for at du ville lese dette og Godt nytt år!

Fra stranda i torreveija
til snømåking på kvelden

Sko: Salomon XA Enduro – Føtene var heilt fine etterpå, resten av kroppen derimot var oppskrapa, hoven og blodete etter alle falla.
Kommer til å teste ut andre sko framover for å finne ut av all snublingen. Ellers so var det ingen problemer med dei. Sit som støpt på foten under heile løpet!
Klokke: – Garmin Forerunner 310XT
Lykt: Petzl – Rimeleg modell eg tok med heimefrå. god nok til å gi lys 1 1/2 time på morgonen.
Sekk: Kalenji. – I utgangspunktet tenkte eg å løpe med dynafit sekken men kjøpte Kalenji sekken fredagen da den har flere og bedre lommer på framsiden. Det ga enklare tilgang til softflasker, mobil og gels. Sekken fungerte meget bra! Billeg var den og, 34 euro.
Næringsinntak: -Blir meir og meir gels med i sekken. Det fungerer godt. Hadde og med en del tørka frukt spesielt mango som eg fikk smake av en turven på Xreid. Fint som avveksling til all flytandes føde. Forsynte meg ellers godt av tilbodet på matstasjonene med sjokolader, appelsiner,tuber og sportsdrikke. Gjekk tom for drikke lenge før kvar matstasjon so burde hatt med meir enn 1 og en halv softflaske med.
Sett på stien: -Det Spanske tv-teamet som ville ha eit intervju. Stotra fram «no spanisj» so var intervjuet over før det starta…
Heimeside til løpet: http://www.clubdeportivoquipar.es/falco-trail/
Resultat: http://www.asuspuestos.com/sites/default/files/ultra_0.pdf
Fotogalleri: http://www.clubdeportivoquipar.es/resultados-falco-trail-2018/


RelatedPost