Fjellfilmfestivalen 2007

Fortroppen reiste i går ettermiddag, og rapportane tilbake til base-camp her på Nes er udelt positive. No pakkar eg snippsekk og sovepose og teke turen oppå Turtagrø eg og. Vêret akkurat no ser nett lovande ut – men det snur so fort at eg tørr ikkje håpe på topptur i måro. Det er betre om eg blir positivt overraska!

campen på Turtagrø

Måtte me vakne til sol og blå himmel i måro tidleg =)

 

OPPDATERING

søndag 9.sept  kl. 13.30

Det var den festivalen… Og eg kan vel ikkje seie at eg har fått med meg noko særleg. Etter eit festeleg lag på fredagskvelden der me drakk Kylie ut av dalen for denne gong, hadde eg visse startproblem i gårkveld. Vart sitjande litt for lenge i stova og prøve å finne eit godt argument for å reise til fjells… Landskamp, pizza og fyr i ovnen vs. telting i regn, skodde og bråkemusikk… Merkeleg nok vart det det siste. Eg fekk akkurat opp teltet før mørket slo inn, og kjensfolk dukka opp rundt omkring. Men hovudet var tungt og lysta på fest var fråverande… so det er ikkje so mykje spennande å skrive om min opptreden. Derimot er det mange andre artige historiar som kan nemnast.

Magne og Hans tok Store Raudalstind i går – i skodde, sludd og vind. Turlaget har skrive 4-6 timar estimert tid frå Leirvassbu til toppen. Men med god drahjelp frå NM’meistar i motbakkeløp kom Magne seg til topps på 2 timar og 40 minutt… Kan vel takke dei øvre makter for at eg ikkje vart med på den turen. Den andre gjengen var på Kyrkja og var fornøyde med det.

Av historiane eg plukka opp rundt speilegg-steikinga i lavo’en i dag tidleg, bør desse nemnast:

5.plass: Dansing i sirkusteltet oppå brus-kasse… Kven andre enn Magne måtte då etterpå TA MED seg kassen og passe godt på han. Var jo god utsikt oppå der… Akkurat kva han såg etter er det ingen som veit, men det er kanskje det beste =)

4.plass: Frukost i går morgon. Gjengen hadde sørga for å få med seg 24 egg og ein haug med bacon – men då dei skulle til å lage frukost var primusen vekke…. haha… Primusen dukka oppatt utanfor teltet utpå dagen, nokon som hadde teke feil pose, so ikkje noko fare, men utruleg moro å sitje der med so mange egg og ikkje mulegheit for å steike dei =)

3.plass: To av dei fullaste i gjengen møttast utanfor Sirkusteltet då festen nærma seg slutten, og den eine klarar so vidt å stå oppreist og stotre: "Jammen har du drokke opp alt ølet? Ka ska me gjera?" . Den andre svarar at det ligg litt øl bak nokre tønner der. "Nei, DA e nødlager til seinare på natti" so det kunne ikkje rørast… hehe. Gode greier…

2.plass: Tom sitt legendariske forsøk på å lyse opp lavo’en i natt, noko som resulterte i brennande gjennstandar i begge hender, samt på buksa… Og både raudsprit og parafin brenn forholdsvis godt, so å stå å blåse på annankvar hånd var vel ikkje det mest effektive. Alt gjekk bra, men det må ha vore eit syn =)

1.plass: Min kjære Magne toppar som alltid. Han skulle handle seg t-skjorte på hotellet, og fekk låne nøkkel til å låse opp utstillingsmonteren for å finne rette størrelsen. Då han etterpå hadde levert tilbake nøkkelen skulle han betale for seg, og kunne ikkje finne lommeboka… leita og leita, og forstod ingen ting – før han såg lommeboka låg fint til utstilling bak glassdørane. Konge bra Magne… eg har høyrt at fleire tilskodarar fekk seg ein god latter =)

 

Vêret i dag var ikkje mykje å skryte av, so då er det heim å tørke blaute telt og soveposar og kle og sekker og sko og alt anna og eigentleg. Genia hadde telta midt på ei myr – men det var vel forsovidt myr overalt =)

Det var det. Kanskje kjem det eit bilde eller to frå eit eller anna – viss Magne finn att kameraet =)

RelatedPost

6 Comments