Nystølsnovi 1458 moh 2

Tysdag etter jobb var det topptrimtur som stod på programmet.  Magne har fått for seg at GPS kan vere kjekt å ha -og gjort ei investering -so ditta måtte testast. Me er vel lovleg seint ute med dei siste toppane i topptrimmen – spesielt ettersom det er komme ein tanke snø i fjellet…

Turen stod beskriven i turlagsprogrammet på detta viset: “me har venta med denne toppen fordi oppgangen er temmeleg bratt. No tek me sjangsen og vonar at alle er forsiktige og plukkar ut ein turrversperiod, slik at det ikkje vert sleipt og vanskeleg i bratta…”. Tid på vegen opp: 3-4 timar.

Jaja, me kom oss i vegen frå Nes klokka halv 4 på ettermiddagen, og køyrde strake vegen mot strondi, berre ein stopp på posten i Gåpn for å hente GPS’en. Eg fekk då æren av å køyre (og det er ikkje ofta eg får..) slik at Magne kunne lære seg å håndtere vidunderet. Han fant i alle fall ut kor fort eg køyrde – og det tykte eg var ein unødvendig eigenskap!

Då me stod klare til avreise på Nyestølen hadde klokka passert 16.30. Fulle av optimisme krabba me opp fjellsidene. Det var meldt regn utpå kvelden, so målet var å vere tilbake til bilen til klokka 22. Noko eg fort forstod kom til å bli vanskeleg.

Me kan vel ikkje sei me følgde nokon sti – men med vierkratt som tau drog me oss oppover hamrane.

flott utsikt nedatt

Då me hadde gått ein times tid snubla me over eit sauetrakk som me ville prøve å følgje, sjølv om det ikkje gjekk oppover der me trudde me skulle gå. Etterkvart oppdaga me at sauene hadde merka stien sin med raude T’ar, so då måtte me vere på rett veg =)

ein bre

Etterkvart byrja landskapet å bli alpint nok, og då gjekk det litt seinare – eg keik til tider på klokka og rekna på kor mange timar me måtte gå i mørke på veg nedatt. Blautt og subbe var det – eg forstår kva turlaget meinar med å velge turrver på slike turar… men etterkvart kunne eg ikkje bli meir dreten same kva eg gjorde.

Me møtte på snø. Og folk. Nabo frå Nes faktisk. To spreke karar var på veg nedatt då me kjempa som verst mot det Magne karakteriserte som “Bregne-helvete”. Me spurde håpefullt om me hadde langt atte, sidan klokka hadde passert 18.30. Jo, me var vel omlag halvveges. Men det vart verre no – ufjelt å gå i snøen. Og glatt med is på hamrane som me måtte klive opp. Optimismen fekk seg ein knekk. Var det vits i å fortsetje?

Oppover gjekk det – og då me såg nedatt på Veitastrondi var det ikkje langt att til toppen. Men no var snøen byrja å bli plagsom. I steinrøysane hadde vinden herja, og me opplevde haugar med snø der me vabba med snø over kneet… litt skummelt med lause steinar over alt. Og so var det dinna klokka då…

Me nådde toppen då klokka nett hadde pasert halv åtte. Då hadde me ca 1300 høgdemeter framfor oss nedatte – med bratt kliving, islagte sva, steinrøyser halvfulle med snø – bregner og gjørme – og siste hamaren der me ikkje visste vegen – og det var att ca 1,5 timar til mørket slo inn.

Då vart det ikkje mykje tid til å ta bilder. Eg fekk innvilga ein 3 minutt pause til å sluke ei skive (som var godt ettersom me ikkje hadde ete middag før me for) – og so var det å finne nærmaste snøfonn og legge på sprang nedover.

Me skunda på – og kom forbi dei styggaste partia før det vart mørkt. So var det opp med hovudlykta og eg frykta at ditta kunne gå dagavis… og sjølvsagt byrja det å småregne!  Men det viste seg at me klarde å holde oss på den T’merka sauastien heilt nedatt til bilen…

Og kva viste klokka då me nådde bilen?   22.05. Hurra for topptrimmen…

Det må vel kunne kallast ein skikkeleg vellukka tur  =)

2 thoughts on “Nystølsnovi 1458 moh

  1. roald kalstad Sep 8, 2007 7:49

    De er jammen ikkje kviafulle – å ta seg til fjells med haustmørke pustande i nakken, og utan å ha ete middag – imponerande! Men korleis gjekk det med GPS’en, lurte eg på. Var den til hjelp? Så får me håpa på nokre turrversdagar i september.
    flott side og turskildring forresten. snakkast.

  2. Anki Sep 8, 2007 17:26

    GPS’en var fin å ha den. Hadde jo ganske udetaljert kart – hadde ikkje akkurat fått mulegheiten til å laste over karta me treng endå. Høgdemålaren bomma berre med 7 meter på toppunktet – utan at me hadde kalibrert på førehånd. Blir moro å utforske ditta fenomenet utover haust og vinter =)

Comments are closed.