Oppdal Fjellmaraton

Oppdal fjellmaraton er eit løp i flott og variert høgfjellsterreng i hjartet av trollheimen.  Maratondistansen har en god blanding av sugande motbakker, lange fine løpsstrekker og halsbrekkande nedoverbakker. Traseen går for det meste på sti, men det er og partier «off track» Utfordrande elver- og bekkekryssingar har dei og lagt inn.

Det er fleire distanser å velge mellom; 42km,22km og fjellmila so fra halveges maratondistanse blir det veldig sosialt på stien etterkvart som halvmaraton og fjellmila- deltakarane kjem inn i same løypetraseen.

Eg fullførde i fjor og løpet frista so absolutt til gjentaking, so når eg fekk med meg broder’n so var det berre til å melde seg på. Kjekt å vere fleire på tur!

Dette vert han sin debut på maraton og målet er å fullføre i god stil. For min egen del so vil eg i år forsøke eit høgare tempo enn fjoråret og dei andre ultraløpene eg har vore med på. Der har det vore mest fokus på å fullføre. Den mindre distansen og sjølve løypetraseen i Oppdal innbydde og motiverte meg til å setje eit mykje høgare tempo.  Fjoråret var meir som ei oppleving enn eit «race».

Eg ville og revansjere meg overfor dynafitbakken og alpinbakken der eg fekk tilnærma full stopp i fjor. I etterkant viste det seg å skuldast eit trettheitsbrot i eine foten, skada i 2mnd. etterpå.

Høydeprofil: foto Enern Oppdal

Med bubilen til far reiser me fredags ettermiddag. no ventar ca 5timars køyring over to fjelloverganger.

Turtagrø – med utsikt mot Store Skagastølstind. Ved turtagrø startet årets Xreid.
Skyene forsvann etterkvart som me nærmet oss Oppdal, Her over Dovrefjell
Vel framme i oppdal vart det tid til ein gåtur i sentrum
Alarmen satt til 06:00, frukost og so er me klare!
15min. før start

Luster Telemark klare for 42km.

Start
kl07 reiste bussen frå Oppdal og etter ein drøy halvtime so var me framme ved Gjevilvasshytta der starten for maraton var.

Eg hadde ein plan om å legge meg mykje lenger framme i feltet, dette for å unngå køgåingen som eg opplevde i fjor.

Eg ynskjer broder’n lykke til og snik meg framover i feltet sekundene før startskotet.

Grusveg eit lite stykke før me løper inn på ein sti innover Gjørdøldalen. Starten går bra,  eg ser an dei andre deltakarane og justerer tempoet etter kva felt eg vil henge meg på. Innover dalen so legg eg meg på halen i det eg trur er felt nr.2 eller 3.
Det blir brattare og nokre startar med gåing. Eg føler meg pigg og vil løpetrippe vidare so reiser forbi dei. Neste felt er komen eit godt stykke framfor meg når stien endrar karakter til meir teknisk bortoverløping.

Dette er terreng eg likar meg godt i, eg langar ut, småhopper over steiner og faktisk koser meg. Ut av skogen so ligg eg plutseleg i ryggen på feltet. Her splittes feltet, nokre aukar farten og reiser frå. Eg roar litt ned, vil ikkje gå tom for energi oppi bakkane her. Fyller vatn ved ein bekk,  finn fram ein sjokolade for energipåfyll og tek av meg ullskjorta. sola steiker godt allereie. Unngår å stoppe, byter kle mens eg går oppover.

Oppover mot Høghøa

 

 

Bilde tatt bakover

Det første fjellet følest mykje mindre i år enn i fjor, sikkert fordi eg no kjenner att traseen og veit kva som møter oss. Tek da roleg inntil me nærmar oss toppen. Folk nærmar seg bakfra, ein kjem og forbi meg, aukar tempoet og tek han att rett før toppen, veit at det er fint terreng vidare.

Spør «vakten» kor mange som har passert: 6-7 stk. seier han og eg blir positivt overaska, det var ca 4 stk. i det feltet som eg tok att ved skogen, og so er det da altso kun 2-3 foran der igjen.

No er det mykje moro nedoverløping i slakt og flott høgfjellsterreng. Eg klemmer til og ser ingen bak meg lenger når eg kjem ned på flata. Har og teke inn litt på dei foran meg.

Saltomortale

I det me nærmar oss neste motbakke so skjer det som ikkje skal skje…eg snublar i ein stein og fyk framover.. utruleg nok so får eg til ein fantastisk vridd framoversalto der hender, skulder, albue og hofte i rask rekkefølge touchar bakken og fører meg opp på beina igjen. WOW! Imponert over fallteknikken min!  sjekker skadene. Kun skrubbsår, hofta og hendene tok verste støyten men absolutt løpbart . Eg var heldig der, men og ufokusert da ulukka skjedde på den flataste partiet hittil i løpet.

Etter neste topp skjer det same igjen, snubler og faller framover, denne gangen i nedoverbakke. Går bra denne gangen også. roer meg ned til fyrste drikkestasjon på 13km.

Før stasjonen tek eg att to nederlandske løparar, dei susar forbi matstasjonen. eg må ta stoppe her og stramme skolissene for å få eit meir stabilt feste. Får ein hyggeleg prat med damene her før eg innser at eg må vidare da  fleire løparar kjem opp til matstasjonen.

Hugsar godt kor eg gjekk og kor eg løp i fjor, og ser at eg ligg godt an i høve fjorårets tid. kilometerene fyker avgårde, men meir motbakker no og eg ser at eit felt nærmar seg bak meg.

1t48 min inn i løpet, lagt bak oss eit flott parti med løping.

Opp mot siste bakken før halvveges so vert eg borbigått av same deltakaren som på første fjellet.  Han leder godt når me kjem på toppen. Her går det bratt nedover heilt til  asfaltvegen. Lar det «stå til!» og tek han fort atte. Får nok ein bekrefting på at eg gjer det godt i teknisk krevende terreng. Nede ved vegen so har eg oppnåd ca 1 minutt ledelse.

Låra..

Det er her eg merker at noko ikkje er heilt bra, begge låra mine setter inn med krampar…men berre rykkninger, blir ikkje full stopp og føler eg klarer å strekke ut føtene og rista ut krampa bortover asfalten, tør ikkje halde so høgt tempo.

Halvveges

Følgekameraten min tek meg att ved matstasjonen, me pratar om korleis det går, eg prøver å vere positiv og bekrefter at me ligg godt an i høve 6 timars pulja me starta i.    2t28min hittil.  «Me går for 5 timar!» seier eg, vel vitandes om at det er ein monsterbakke som ventar på oss.

blide og flinke arrangørar

 

1. pulje i halvmaraton starta rett bak meg

No ventar ein lang og seig motbakke opp mot Storgruvpiken 1389 moh, traseens høgaste punkt. Får og hundrevis av halvmaratondeltakarar i hælane so går mykje utafor stien for å sleppe dei forbi.

Leggane, lyska, hofta…

Får ikkje opp noko tempo da det rykker i leggene, må stoppe og strekke ut , gå,  strekke og gå heilt til toppen. Her er det meir variasjon igjen med lange fine løpestrekker og nokre småkuler her og der. Felles for variasjonen er at kvar gong terrenget endrar seg so får eg krampe på ein ny plass. lyskestrekken er vondast.

Foto: Stinius Hoseth Skjøtskift

Ser nokre bak meg har maratonstartnummer, no kjem vel maratonpulja som starta kl09 snart også. Eg klarar å henge meg på ei halvm. pulje og får god flyt ein stund før krampa tek meg igjen. No er det bratt ned til matstasjon og elvekryssinga.

Matstasjonen ved Vekveselva

Fyller på med energi for no ventar Dynafitbakken eller «monsterbakken» som den og kallast. Ser og følgekameraten min rett foran meg, eg lar han gå først oppover dynafitbakken.

Foto:Enern Oppdal

 

I fjor fekk eg meg ein knekk her, det er smal sti med vierkratt rundt. Dei som vil gå forbi må verkeleg anstrenge seg.
Småirriterar meg over dei som lager kø, har man laget en kø bak seg so bør man gå ut av stien tykkjer eg. Flatar litt meir ut rett før toppen so her blir det mykje heseblesandes forbigåing.

Glad for å sjå denne ja, hallelujasteming på toppen.

Eg føler meg bra over toppen heilt til me skal begynne å løpe…

Stortåa..

Nei, skulle visst ikkje få lov til å løpe igjen…for nå er det stortåa som seier frå..full stopp igjen! finne ein stein og strekke ut, mens eg ser på at alle eg nettopp har slete meg forbi passere meg att.

«håper det går bra med deg» seier følgekameraten  i det han passerer «håper det..» får eg svart litt betenkt.

Eg går no vidare i slakt terreng, finn meg ei deltakar som held eit jamnt tempo, biter tenna samman og heng meg på skoa hennes. Etter Stølbekken der me set over i lett løping takkar eg ho for det jamne tempoet. Eg vil no til å passere, men det vil ikkje kroppen, blir fleire stopp bortover strekka. verkar som om det einaste som duger er bratte oppover eller nedover bakker.

Foto: Tommy Rønningen

Glad for at me no nærmar oss alpinbakken, den skal eg revansjere! Får opp eit greitt tempo heilt ned til oppdal no, tek til og med att nokre.

Når det flater ut igjen i byggefeltet so ventar krampa på meg igjen, finn meg ei fin telefonstolpe, takkar husnaboen for lånet og haltar vidare før ein ny stopp i undergangen. Berre ein liten motbakke no før spurten inn mot mål so herifrå går det på rein vilje!

Eg faller over mållinja og får ligge i ro inntil krampa tek tak og ein arrangør kjem innom for å sjekke om alt er bra med meg.

Eit bilde seier meir enn tusen ord seier dei. EG ER I MÅL! Foto: Eneren Oppdal

Eg takkar og let dei ta eit bilete før eg stavrar meg ut av målområdet.

Tek opp telefonen og sjekkar på Race one appen kordan brodern ligg an. Han er godt på veg komen, forventa målgang innen ein 1/2 time.
Ser i live-rankingen at det kun er ein i aldersklassen min som har komen i mål, og han starta kl09. Spennende å sjå korleis dette blir plasseringsmessig.

Henter droppsekk og heiar brodern inn i mål, har slete med kramper han og, men virkar godt fornøgd med løypa og løpet elles.

Brodern mot mål

Tida mi vert 5t40min, det er ca. 50 minutt forbetring frå i fjor so fornøgd med det.

Resultatmessigt vert det ein 15. plass på meg og 21. på brodern av totalt 33 fullførde i årsklassen. Med eit optimalt løp so hadde eg håpt på ein topp 10 plassering, ser at eg hadde nok vore der om ikkje krampeproblemene hadde teke meg, men høyrer og at det ikkje berre er eg som har slete med kramper i dag.  Vinnaren hadde og kramper frå 22km. Pulja som starta kl09 har nok alikevel hatt ein greiare tur med tanke på antall deltakarar i løypa. vart mykje stopp for å slippe forbi halvmaraton-deltakarane for oss som startet kl08.

Opptreningen til løpet skulle nok vore betre –  lenge sidan ein langtur no, so alt-i-alt eit hederleg forsøk på å løpe eit fjellmaraton med litt tempo.

 

Smakte godt med pizza og utepils etter løpet

Utelivet i Oppdal på kvelden er det ikkje mykje å skrive om, det vart ein gåtur i sentrum før me tok kvelden.

På heimtur går me oppom utsiktspunktet mot snøhetta, her har dei satt opp ei «hytte» med ei flott glasfasade mot snøhetta og området rundt.

Dei såg visst moskus nedi dalen her

 

Oppdal Fjellmaraton må vere eit av noregs flottaste fjellløp!!! Fantastisk natur og ein flott trase med proffe arrangørar!

Med fleire ulike distanser so har dei og fått det til å bli eit stort og bra bredde-arrangement. Eg er skikkeleg imponert over alle deltakarar og arrangørar. Flott og med medalje og tøff caps i år!

Om eg skal trekke fram noko negativt so er det det å premiere folk i timesvis etter løpet heilt interesseløst. Det trur eg dei som vinner og tykkjer. Eg merka meg dette i fjor og i år trakk det enda lenger ut. Hedre heller dei beste med ein felles premiering etterkvart, dermed får speaker og publikum meir fokus på alle løparane og bredden som fortsatt kjem i mål. Unntaket må vere for dei yngste for der er framtida!

Takk for at du ville lese dette turinnlegget.