veke 32 – Utstikking av huset på tomten

Utstikking av tomt

Onsdag 9. august: ENDELEG skjer det noko meir enn berre ved, ved og atter vedahogging. Asbjørn frå Nordbohus kom for å stikke ut hjørnepunkta til huset. Me tilkalla forterkningar i form av pappa og Harald (gravaren vår). Me stilte so mannssterke at me hadde vel eigentleg ikkje noko der å gjere sjølve (!) – men Magne fekk no gå å holde litt i målbandet… Eg passa på Gipsey og overvåka prosessen.

Me har trekt huset ganske langt ned på tomten, og vendt det ein tanke mot Molden. Slik me ser det er området like nedanfor huset vanskeleg å nytte til noko anna enn plen – og me får heilt sikkert meir enn nok gras å slå. Derfor har me heller gjort tunet litt større. Greit å kunne snu ein bil der og ha litt god plass til å parkere. Kjekt å ha når slekta mi kjem på besøk, som Magne så fint seier :-)

Utstikking av tomt

Steng for kommentarar..