Ein lang fjelltur – og rapport

Fruen ønskte tidleg i vinter ei tydeleg spesifisert liste over kva løp eg ville vere med på i sommar. Dette for å samkøyre ferieturar, kvardagskabalen, hyttebygging og jobbing best mogleg.

Eg som aldri planlegg lenger enn til neste kaffikopp måtte då frem me pc’en og lage til ei liste. Lustraløpet, Molden Opp og Fanaråken Opp er no blitt ein “trippel”, som er obligatorisk. So var det til å finne ein 1/2 maraton (hovudmålet for 2017)  og spe på med andre spennande aktivitetar.

Desse løpa gjer at eg dei siste åra har kunne halde meg nokolunde i form. Arbeidet som sjølvstendig næringsdrivande + frue og to tvillinggutar tek mesteparten av tida mi.
Då har det vore godt å få ein til to treningar i veka. Eit ekstra pressmiddel for å komme meg ut og trene er å melde seg på i forskjellige løp, blir mest motbakkeløp då det er mest slike løp av her me bur.

Eg kjem som oftast sist eller nest sist i klassen min, men det er først og fremst meg sjølv eg konkurrerer mot. Tilfredsstillande å fortsett kunne setje personlige rekordar som 43-åring.. Betraktar meg som ein mosjonist som likar å utfordre og konkurrere mot meg sjølv. Det sosiale, samhaldet, den nervøse praten før og evaluering over ein øl eller to etterpå er og veldig viktig.

Foto:www.hornindalrundt.no

“Hornindal Rundt” løpet har eg kjent til eit par år no. Bror min har fullført 38km, mens ein kamerat av han har fullført 75km heile to gonger. Løpet går i tøft fjell-terreng over 9 fjell.

Foto:www.hornindalrundt.no

Foto:www.hornindalrundt.no

Dette løpet har for meg virka meg heilt ufatteleg og komplett umogleg men og veldig veldig  fascinerande. “Får melde meg på hornindal rundt dao”, sa eg tørt til kona.. “Ja det passar bra. Rett etter ferien vår til Danmark det”, svarde ho ….pfff….”Ufatteleg”, “det går ikkje ” var svaret mitt dao….

Halvamaraton vart fullført i april som nemnt før i eit anna innlegg. “Flækøyhue upp”, “Lustraløpet” og “Molden Opp” vart unnagjort før det vart ferietid.. til saman hadde eg like mange kilometer i beina i mai som eg hadde i heile fjor til saman… Dette mest grunna asfaltløpingen i år..  Hornindalløpet og datoen dukka opp i bakhodet igjen, dette var ei ledig helg som burde brukast til noko. Eg bestemde meg  for å ta ein liten langtest:

 

28km over knappe 1900 høgdemeter gjekk veldig greitt, roleg tur, koste meg. Kan eg då klare halve distansen (38km) i Hornindal tru? Det umoglege begynte faktisk å bli halvvegs mogleg iallefall

Ferietid…. 8 dager på tur, legoland og flate Danmark var målet, ikkje optimalt med hensyn til høgdemeter, men fekk logget nokre kilometer både på dagtid inne i legolandparken saman med familien og på trimtur om kveldane.

Vel heime frå ferie var det til å finne fram alpinstavane. Forstod sopass at på so lange turar er stavar nyttige, mest for å minske belastning på knær. Eg ut på tilvenningstur. 500 høgdemeter med ein elendig stavteknikk førde til pinn stive skuldrar og leggar dagane etter, ikkje lovandes…

Onsdagen og Torsdagen før avreise skulle eg eigentleg ha jobba, men dei vart brukt til å google løpsrapportar og næringsinntak før og under løp. Youtuba alle Hornindal-filmane for n’te gong. Messenger, sms, telefonar og kaffibesøk til dei som før har delteke for å støvsuge dei for tips til løpet.

  • “Bruk stavar, det sparar du mykje energi på”  (jaja..berre finne rette teknikken først)
  • “Fyll opp lagera” (pøste på med pasta,ris og grovbrød dagane før)
  • “Får du i deg nok og rett næring so klarar du det.”  (planlegge innhald i sekken, google frenetisk)
  • “Ver vand til langturar i fjellet, asfaltløping og fjelltur er to forskjellige verdener” (ikkje optimalt for meg i år da eg har vore mest på asfalt)
  • “vurder skobyte, ta gjerne med i sekken”
  • “Aldri ta pausar, da går tida fort. Snu sekken over på magen og finn fram nista mens du går”
  • kjem du deg til Gulekoppen, so kjem du deg fint til mål på 38km

 

Det kjem klart fram at i eit sånt langt løp skal det ikkje mykje til før alt er forgjeves,  mange ukjende faktorar og ein kan ikkje overlate noko til tilfeldigheitar. Her var det berre til å leggje ein plan og  setje seg ned og notere ned ei liste over kva som er anbefalt å vere med:

Anbefalt Innkjøpsliste:

Mat og drikke:

  • farris og eplejuice = sportsdrikk
  • snickers, vingummi, colagummi, seigmenn, potetgull = mykje nam-nam på tur altso!
  • banan
  • cola, redbull
  • niste (loff med peanøttsmør og nugatti)
  • Gel og Energibarer

Utstyr:

  • Ekstra løpesko
  • Ekstra strømper
  • Ekstra truser
  • Ekstra løpeshorts eller korte tights
  • Leggstrømper (for å ikkje bli kald under snøløpingen
  • Ekstra t-shirt eller singlet.
  • ullskjorter
  • Ekstra jakke
  • Hanskar og hue
  • buff
  • briller
  • drikkeflasker
  • Racebelte. Et strikkbelte som festes rundt livet med en klips. Her kan man feste startnummeret
  • Toalettpapir
  • Vaselin
  • Gnagsårplaster og saks
  • ibux gel og piller (slit med eit kne)
  • gps
  • mobil-nødlader
  • Førstehjelpspakke
  • knebeskyttar

I tillegg kom alt utanom sjølve løpet; telt, sovepose, primus, liggeunderlag, stilongs, toalettveske, øl?, mat og drikke.

Alle blogger og turrapporter anbefaler gel og energibarer so mykje at eg verkeleg undrar meg på om dei er betalte for å promotere desse. Dette er næring med høgt energi-innhald som magen bør vere godt kjend med på forhand. Bestemmer meg for å gå for det trygge: mat eg er vand med, berre med litt meir energiinnhald enn den vanlege brunostskjeva med grovbrød.

Går da for loff, snickers, new energy  og smågodt. Forhåpentleg gir den ekstra luksusen i matvegen ein ekstra motivasjon for halde ut på tur.

Fredagen vart det ikkje til at eg kom meg på jobb ein gong…eg gjekk fram og tilbake, inn og ut av huset, totalt surrete i hodet, heilt fråverande for familien, eg hadde kjempespenningar i kroppen… fann til slutt ut at det var berre til å pakke seg i bilen og reise. All denne planlegginga vart og lagt merke til av fruen med sterk henvisning til ferieturane våre og andre løp der eg som oftast har gløymt det meste. Eg fekk ei lukke-til-helsing, og av garde for det oppover..

Vel..fyrste stopp etter 10 min…inn på Spar Gaupne… handle mykje smågodt, snickers, new energy, loff, redbull, peanøttsmør og nugatti  (ja, eg fekk mange blikk frå køen då ja)

heile tre stopp til vart det oppover, sogndal,skei og stryn kor det blant anna vart handla havregryn(1kg), sukker(1kg), Stranda møresnacks og meir pasta. Virka som om eg aldri vart ferdig oppi hodet med planlegginga.

Oppmøte idrettshallen i Hornindal… Sport1 med kjempesal av utstyr…vurderte ny sekk..men avsto då eg ikkje ville virke so proff :)  kjøpte drikkeflaske og løpssokker. (Fantastisk godt utval her til meget gode prisar)

På campingen var det ikkje mange plassar ledig, men får ein grei teltplass. Krise! 1manns-billigteltet hadde fått ei stor flenge og det regnar… ok, fram med presenningen eg hadde teke med,  sånn i nødstilfelle. So allereie der fekk eg noko att for nøyen planlegging. Får den opp over teltet ved hjelp av stavane. (Der kom stavane til god nytte og).

Kompis og son hans frå Gaupne kjem innom, eg blir invitert opp til stabburet dei har fått leigd. FOR ein forskjell i val av innkvartering.

Stabburet til far og son

Mitt palass, her skal eg sove

Fikk det etterkvart faktisk rett so triveleg i og utafor teltet.

Sender ein snap heim.

Tilbake til presenningsteltet..som no har rast saman grunna ei stor vatndemning hadde brista midt over teltet. får rigga det til igjen før kveldsmat. Forsøker meg på å pakke sekken, men gir opp… får sjå an veret i morgon tidleg… er meldt regn på formiddagen, deretter opphald med solglimt.

Legg meg… Krise nr. 2. Eg har absolutt ingen antyding til noko som kan likna på trøttheit, pulsen er høg!  Eg har for mykje adrenalin og spenning i kroppen, dette kjenner eg godt til frå før av då eg aldri får sove før store anledningar…fram med mobilen, sjå litt nett-tv via 4G. Det blir ein laang og kjedeleg film som eg før slutten gir opp. Finn fram spotify og søkjer på relaxing music, gir opp det og….sovnar so vidt før eg bråvaknar: Meir regn! + vind!!! Presenningen blafrar og lagar enormt med lyd! Stakkars løps-teltnaboar som sikkert vaknar og no ….krise nr. 3!..Kva gjer eg no?

Evakuerer…..

Til varebilen som er so vidt stor nok til å ligge på skrå baki. Her er det stilt, men eg er fortsatt lys vaken…desperat no! Meir nett-tv… gode tankar, sauetankar… googlar innsovningsteknikkar: Puste inn via nasen—telje til 7—puste ut….. “Noko so tullete greier har eg aldri vore borti” tenkjer eg…og sovnar!

Kl.0615 ringer alarmen. Eg har kun sove ca 2 timar! Jaja, kunne vore verre tenkjer eg, lagar frukost og pakkar sekken, pakkar sekken, og repakkar sekken før dei andre ringer og etterlyser meg.

Rekk fram til startområdet 0755, ser nokre som varmar opp. Det avstår eg frå. Møter på ein gamal kjenning som fullførde heile i fjor, sjuk i år so blir kanskje berre halve på han. Ynskjer han lukke til. Starten går i eit roleg tempo, litt køgåing før me småjoggar avgårde.

Let høfleg dei andre få starte først.

Etter eit par kilometer på asfalt går me inn på ein skogsveg, tempoet er lågt, far og son aukar … eg let dei gå… eg vil køyre i mitt eige tempo. Me går inn på ein sti opp mot første fjellet, Middagsfjellet (840moh).

Det vert brattare, har lånt meg nokre betre stavar av bror min, eg fokuserer mykje på stavteknikken, føler den sit betre no, bruker stavane til balanse og støtte..set dei aldri framom skodna. Det er ikkje dei som skal dra meg opp fjellet. Ser på klokka at eg har brukt 40min allereie! Finner fram ein snickers og drikk litt. Pulsen er meget god, føler meg kvikk. Dei andre rundt meg peser… har eg starta for treigt? Aukar tempoet og går forbi nokre mot middagsfjellet(840), tek att og pratar med ein hyggeleg svenske, han tek det roleg, han er åleine i klassen sin og vinn om han berre fullfører.

Det har regna so langt. Gjekk for ullskjorte frå start, ville spare dei andre kleda til dei høge toppane. På middagsfjellet er det kaldt og surt, men eg er sopass varm no at eg dropper klesbyte.. ser andre tek pause og kler på/av seg.

Rett over toppen skifter underlaget. No er det gjørme,gjørme og atter gjørme. 300 løparar framfor meg har gjort stien ubrukeleg, so no er det mykje folk overalt og fullt fokus på navigering på kvar si side av stien. Utfordrande terreng kor eg føler eg får til eit godt tempo nedover uten å risikere for mykje.

Inn mot Vikasætra er det ein grusveg som alle skal fram og tilbake på. Her møter me dei som ligg framom, og dei som ligg bak på returen. Kjekt med slike sjekkpunkt kor me møter på fleire enn kun dei du løp likt med. Vart jogging på grusvegen.

No er det vidare mot Kirkhornsætra, før det går vidare opp til ein ny topp, Sætrehornet.

Eg tek det ganske roleg i alle motbakkar… går i sone1… so økonomisk som mogleg, begynner å vurdere å fortsetje på heile løypa. Terrenget her likar eg meg godt i. Akkurat som heime i lustrafjella. Bestemmer meg for å ta ei ny vurdering etter Gulekoppen, som er det høgaste punktet på 38km løypa. Får i meg noko møresnacks, og drikker godt før kvar motbakke.

Sætrehornet (852moh) og Storehornet (1102moh).  Sender ein snap heim:

Opp mot gulekoppen traff eg på fotografen. Foto:Ole Eltvik

Fekk da endeleg bruk for solbrillene. Foto:Ole Eltvik

Fekk ikkje eit einaste solglimt under heile turen, men viktig å sjå kul ut da! Foto:Ole Eltvik

 

Opp mot Gulekoppen ser eg ryggen til far og son igjen… Dei var jo langt framfor meg ved sjekkpunktet der me møtte motgåande løparar.

Tek dei att, dei slit…med kne og forkjølelse, har teke pausar og smertestillande. Me løp saman nedover snøfelta… her tek me att mange deltakarar.

Ned til ny seter, eg føler meg veldig kvikk då eg no veit at eg kjem til å klare 38km, noko som gir meg eit nytt dillemma: skal eg satse vidare for ein grei tid på 38 eller spare meg i tilfelle eg vil oppgradere til heil? Det blir ein mellomting… eg går og løp i eit tempo eg føler er økonomisk mogleg, aldri høg puls, men likevel med eit godt driv. Far og son slit i nedoverbakkane.

Det går fort ned til Holskarsætra, nok ein avstikkar der me møter motgåande løparar. Trongt her, vanskeleg å passere. Ved vending snur eg sekken over på magen og finn fram nista…vel, det gjekk ikkje heilt som planlagd..nista låg sjølvsagt i botn av sekken… Kort stopp her for å omorganisere sekken. 2 loffskjever går rett ned.

No går det par hundre høgdemeter oppover igjen til Daurmålhornet og vidare til kupa… eg løp no der eg kan. Bra med energi i kroppen..kun ein topp igjen no før Honndøla bru…det går bratt nedover i gjørmeterreng…

Temmeleg blautt

Både spennande og skummelt, eg tek nok ein gong igjen mange på nedover/bortover parti,  inn på ein grussti. Dei fleste rundt meg går no, eg joggar til eg kjenner krampa tek tak baki begge låra, ouch..var dette so lurt då?

Har minst eit fjell igjen, for no er det Muldsvorhornet som skal bestigast. Eg tek som vanleg ein matbit i bunn av bakken,no klarer eg berre halve lofftoasten og puttar resten i ryggsele-lommen til eting seinare.

Muldsvorhornet viser seg å vere ei knalltøff stuppbratt kneik. Når ein begynner på stigninga so ser ein stien småslynge seg langt og bratt oppover. Godt over 30% !

Eg finn tilbake til sone1 farten min og berre labbar forsiktig oppover. Folk tek meg fort att og går forbi, men etter ei lita stund tek eg dei fleste att igjen. Pustande og pesande leitar dei nedi sekkane sine etter meir energi og lågare puls. Motivasjonen min stig. Eg er absolutt på rett spor når det gjeld når man skal ta til seg næring. Eg går forbi ein som har fått ein totalkollaps…han sit berre og stirer tomt framfor seg, pratar nett med han og ser at han startar å gå igjen etterkvart.  Eg hiv innpå siste snickersen, loffrestane går og ned no og supplerer med smågodt. Har det slettast ikkje verst i matvegen :)

Kneika bestigast og no er det strake vegen ned til mål nokre kilometer der nede. Fyrst bratt grusveg. Eg tek det roligt her med tanke på eit dårleg kne eg har, ser nokre flaggbannere langt der nede, klokka viser 7:20. Kan eg kome i mål på under 7 1/2 time? Eg gir på litt ekstra, kjem inn på asfaltveg, kik på klokka, 7:28… nei det går ikkje… men når starta eg klokka? eg stod jo bakarst i startfeltet og når starta tidsregistreringa mi? Eg bestemmer meg for å halde tempoet, løper feil rett før brua og mistar fleire sekundar,oppløpet… strekker armene opp… fullført!!

Eg tek i mot ei sportsdrikkeflaske, armane kvilar på låra…puster ut..godt fornøgd! eg har nådd målet mitt!

Eg ser ei som kjem med medalje til meg…NO, NO rekk eg ikkje å tenkje eingong..eg veit berre det at om eg tek i mot den so er eg ferdig for dagen, so med armane vinker eg febrilsk at eg ikkje vil ha medalje og orda berre dett ut av meg..”eg trur eg vil fortsette eg…

Oj..vil du det, spør ho…”eh..ja..eg føler meg bra ogso har det vore so gøy” kjem det ut av meg..

Ein sekretær til kjem bortom og og spør meg igjen, eg bekrefter fortsatt med at dette var so gøy at eg vil fortsetje..  “Ja, da er du den første utanbygds som nokon gong har valgt å oppgradere til heil løype” får eg høyre.. “Oj” er det einaste eg får ut da, samtidig so eg kjenner ein hard klump i magen. Eg får forsikringar om at eg har god tid på meg og om det skulle bli tøft so er det muleg å trekke seg via “escape” ruter på delar av den resterandes løypa også.

Eg føler meg til tross for krampetendenser veldig bra. Eg har ikkje teke meg heilt ut på 38km. Eg har før dette løpet innstilt meg på at eg skal “ned i kjellaren” ytelsesmessig og der er eg ikkje enno.. Eg fortset!

Ved kaffibesøk dagen før til bror min som har fullført halve løpet to gonger før so ville eg vite om han angra på at han ikkje fortsatte. Der og da ved mål so var han fornøgd, men hadde nok angra litt i ettertid.

Eg ville ikkje angre!  og me var einige om at det var greitt å pakke ekstra sekk…berre sånn i tilfelle.

Eg henter den andre sekken min og går inn i matteltet dar me får ein fantastisk velsmakande betasuppe. Eg sjekker tida: 7:29:42 :)

 

 

Pakkar om,byter ullskjorte og sokkar. eg har kaffi på termos i den andre sekken..det smakar so godt at eg tek termosen med vidare. Må vel vere einaste som har med seg termos under dette løpet :) Ein 1/2 liter cola blir og med vidare.

Gjorde seg med eit sokkebyte no

Eg tek meg ein god pause på over 40 min.  Det er ingenting som hastar for no skal det kun fullførast. Eg tek imot kollega med son. Dei og er bestemde på å fullføre.

No skal me over på den andre sida av honndalen, først svakt oppover nesten 5km inn til blåvatnet der me snur nedover igjen same veg 2,6km før me tek av stien oppover til det første fjellet 1177moh.

Eg går opp til blåvatnet, mot meg so møter eg mange spreke folk, løpandes, dei har vore oppe til blåvatnet, og dei har alle raude startnummer mens eg har blått som indikerer at eg eigentleg var ferdig ved 38km. Eg får nokre rare negative tanker rundt dette. Føler at alle ser rart på meg. Kva har eg gitt meg ut på no, skulle eg gitt meg med 38? Klarer eg verkeleg 38 til? Kjem eg til å bli meir skuffa enn fornøgd om eg må gi meg her på denne runden?

Etter blåvatnet småjoggar eg nedover igjen..møter på far og son som er på veg opp, dei er no under  10 minutt bak meg.  Tek att og kjem i prat med ein hyggeleg kar..han og er litt bekymra, spesielt med tanke på kor langt det er igjen… han har i fjor vore med på eit liknande xreid ultra løp som han måtte bryte.  Praten gjer oss begge tydelegvis godt for han går i frå meg når det begynner å gå oppover mot sandfjellet. Eg og føler meg betre no.

Sandfjellet har ein lang anmarsj..eg går mykje aleine her, tenkjer mykje no. På ein sånn tur er det greit å ha noko å gruble på. Tenkjer lenge på korleis 75km medaljen ser ut da den som dei kom med på 38km hadde blått band..konkluderer med at det er raudt band på 75. Ser fram til å motta den !

Ser på klokka, kilometerene går sakte men oppover, lover meg sjølv ein første slurk av colaen når eg kjem til 50km. må setje nokre delmål. Løypa me går i har eg ikkje sjekket ut i det heile teke, eg har ingen aning om kor me skal gå og kor mange fjell me skal oppom. har kun kilometer-teljaren og stimerkingen å forhalde meg til.

Oppover mot toppen so tek folk meg att (som vanleg). På toppen er det ein sur kald bris, no går det bortover på høgfjellet før me skal bratt ned ein snøflanke til eit vatn. Like før slutten av denne flanken so må me over eit snødekt elvegjøl? Her er det ikkje mykje snø att og eg kan sjå at folk har tråkka gjennom. Detter man heilt gjennom her, under snøen og ned i elveløpet so er man nok fortapt.. Dette er og den mest utilgjengelege delen av løypa redningsmessig. alle eg ser foran meg har nok tatt det rolegt her for tek dei att rett etterpå.

Først nedover hjortedalen ved ca 53 km vert det tid for cola-pausestopp for å feire passerte 50km.

No er det grusveg forbi hjortedalsætra og Storesætra. Eit utruleg flott område.

Folk sit ved hyttene og heiar. her er og fine vegar å løpe på, men eg går no. Kun ved posten til storesætra der det står mykje folk å heiar på oss set eg over i løpsmodus.

Føler meg audmyk som får lov til å oppleve denne flotte naturen og dei fantastisk flotte folka her.

Eg er godt vand til støler og setrer heimefrå, men storsætra og området rundt tek pusten av meg, SO utruleg vakkert. Og om eg er imponert so lurer eg på kva byfolk og utlendingar tykkjer når dei kjem hit.

No er me nede på ca 440 moh og skal opp på Høgenibba, eit fjell på over 1200 moh.

Måtte ta eit bilde av det einaste solglimtet eg såg denne dagen, uansett so var det heilt greit ver no på kvelden.

Har ingen rundt meg no, so da passer det greit å koble verden ute med litt musikk, mods og 80-talls-U2 Avkoplinga hjelper på det, humøret stiger!

I jamnt stigandes og skiftandes terreng med nokre snøfelt på slutten so går det heilt greit opp til toppen, 1191moh, 60Km. No skal me ikkje høgare…går bort til varden, tek fram mobil og knipsar eit par bilete og snap før turen går vidare.

Høgenibba

15 kilometer igjen no, dette går det, begynner å estimere slutttid og klokkeslett. Det blir natt før eg er i mål. Eg tenkjer på ølen eg har med, det var jo planen å kose seg litt med eit par øl etter fullført løp på 38km. no spøker det for det. Eg aukar tempoet no, kanskje, berre kanskje so rekk eg ei øl utpå natta :)

Nedover igjen til ca. 800moh. Halvveges nedi bakkane so lurer eg på ein ting… registrerte eg løpsbrikka mi ved kontrollposten på høgenibba? eg var jo rett ved den, men surra so mykje med mobil og bildetaking at eg gløymde heile registreringa…AJAJAJ Kva no?

Skal eg traske opp att? blir eg verkeleg diska om eg ikkje har registrert meg der? Eg tok jo bilder av varden. Det må vere godt nok bevis på at eg har vore der. Eg fortset.

Tek att ca 8 stk. på veg mot neste kontrollpost på Kviven som er ein liten topp. Det går unna. hjalp absolutt på tempo og motivasjon med ein øl som gulrot. Føler meg no meget bra!

Eg tek retning mot Grodås der mål er ..men mot der er det ikkje merking, rart..går tilbake til posten og finn att merkinga…enda rarere, den går jo vekk og nedover frå dit me skal ende opp. Eg må berre stole på at dette er rette vegen, den snur vel snart. Eg håper inderleg at eg ikkje er inne på ei merka “escape” rute, dvs. ei snarveg nedatt for dei som gir seg. Eg ser etter ferske spor i stien, finn eit startnummer..Er det nokon som har gitt seg og kasta det frå seg her mon tro? Merkinga går over mot ein ny dal og der ser eg ein kontrollpost. PUH!

Hørde  i etterkant at fleire andre har teke feil ved Kviven-posten og jamvel måttet bryte grunna feilnavigering her.

Nedover dalen går det, skumringstid. arrangøren har satt ut solcellelys nedover dalen, dei sler seg no på . Stemningsfullt å sjå lysa visa vegen vidare.

Eg har ikkje sett ein sjel no på over ein time før eg kjem ned til Otredalsætra 400moh. Her får me tilbudt drikke. Eg styrter ei 1/2l  sportsdrikkeflaske rett ned. No skal me opp igjen over til rett dal igjen. Eg ser ein del løparar i bakken rett foran meg. Motivasjonen stiger, under 10km igjen og kun ein liten topp igjen på ca. 750moh.

No går eg på i bakkane, spring på flatane. Eg tek att mange.

Suser rett forbi siste kontrollpost, og bråbremser da løpsbrikka på armen min blinker som besatt, ser meg tilbake. heilt bekmørkt no, har ikkje sett kontrolpunktet eingong. Eg fatter no eit håp for at løpsbrikka vart registrert på høgenibba alikevel. treng visst berre å vere i nærleiken av kontrolpunktet .

No går det stupbratt nedover ein sti i skogen..eg ser ingenting, heilt mørkt. Eg bør ta fram lykta, faller eg her so går det gale, og det kun 3 kilometer før mål. Eg ser eit lys framfor meg og tek att ei dame som eg får ein hyggeleg samtale med. Godt lys, godt selskap og kun 2 kilometer igjen gjer at eg no slappar av og berre nyt dei siste metrene av løpet. Me spring saman inn til mål.

WOW! Eg har fullført 75km!!!

og no kjem medaljen mot meg, den har ikkje raudt band, men SVART!
Kunne ikkje vore tøffare farge enn det!

 

17 timar,23 minutt og 52 sekund har eg brukt. Eg har ein god følelse i mål. Det er ein meistrings-følelse Dette var over all forventing.

Eg sender nokre meldingar heim om at eg er i mål og får servert ein kald men fantastisk god betasuppe. Betasuppe

Får tilbod om bilskyss ned til campingen, arrangørane forten mykje skryt: Fantastisk flinke og serviceinnstilte!  Eg takkar nei,da eg trur eg har godt av å gå meg litt ned før legging. Går sjølvsagt svimandes i feil retning og det blir ein kilometer eller to før eg finn fram til teltet.

Og ølen, ja den smakte godt! :)

Fantastiske Salomon sko!

Dette umoglege og håplause prosjektet vart mogleg og til den beste fjellturen eg har hatt nokon gong!

Har i etterkant prøvd å finne grunnlaget for kvifor det gjekk sopass greitt som det gjorde. Eg hadde nok ikkje det beste grunnlaget med ca 400 km totalt i år. Ein sjekk på strava visar og at dei fleste andre ligg på minst det dobbelte. Er veldig fornøgd med at eg løp i mitt eiga tempo og var vel aldri oppe i melkesyreterskel-nivå.  Låge forventningar slo nok positivt ut. Også var det den nitidige planlegginga da.

Eg har og erfaring med lange 12-18 timars klyveturar i hurrungane med tildels lite energi-inntak. Kjenner nok og kroppen min relativt bra etter fleire år med hardt arbeid både i jobb og på heimefronten som tvillingforelder. Har nok fått ein seige kropp med åra.

Løypa passa meg og bra. Dette var terreng eg er vand til heimanfrå. Den skil seg kanskje litt ut frå dei andre ultraløpene og med at den er teknisk krevjande og ikkje so enkel å løpe gjennom. For meg var dette bra da eg kunne halde eit tempo som ikkje sleit meg ut.

Forventningene blir nok automatisk skrudd opp litt til neste år for sjølvsagt kjem eg tilbake!

Takk for meg og at de ville lese denne lange tur-rapporten.

Burger i stryn dagen derpå

Alle løpsblogger har eit bilde av kva dei har i sekken..eg fekk ikkje plass i dette bildet til alt, brukte heile verandaen :)