Endeleg SOL

Og då var det ut i det fri med ein gong. Eg var ferdig på jobb kl. 11 i går, so då sete eg og Kai oss i super-escorten og køyrde til fjells =)

stein og stein

Fyrste stopp var på Store Solleibotntind 2083 moh. Vêret kunne ikkje vore betre same kor me hadde vore! Blikkstille, knallblå himmel og klårt i alle retningar. Utsynet var majestetisk! det seiest vel at ditta er ein av dei beste utsiktstoppane i Jotunheimen? Det er vel og muligens den som er enklast å komme oppå, kanskje utanom Fanaraaken =)

Hurrungane

 Austabotntindane

Mål nr. 2 var Søre Solleibotntind, S2, ca 2040 moh. Til høgre ppå bildet over. Ringstind majestetisk i bakgrunnen. Eg såg vel med llitt skepsis på den toppen, for eg tykte det såg bratt og smalt ut bortover eggen…

 

Fyrste hinder viste seg derimot å vere langt verre. Me måtte ned i ei djup kløft for å komme bort på S1, ein fortopp til S2. Og der var det ikkje berre berre å komme seg ned. Men me fant no ein veg tilslutt. Og då skjønnte me at det var fleire plassar me kunne komme oss ned, men der var bratt, luftigt og heilt laust med masse små og mellomstore steinar overalt.

Kai på smale eggen mot S2

 meg på S2

Kai på toppen av S2 Kai med bra utsikt

Men til toppen kom me, og tilbake og. Vart ganske mørkt før me nådde bilen, men FOR EIN TUR og FOR EIT VÊR! MEir detaljar kjem – no må eg på jobb =)

Tags: