Sommarliv

For eit sommarver! Det er litt av ein kontrast frå ein trøblete vår til ein so fantastisk flott sommar!

Skyfri himmel, god temperatur og – heldigvis no etter kvart – forholdsvis friske ongar, kva meir kan ein be om? Me er byrja å lande litt etter alt oppstyret i vår. Noko endeleg svar har me endå ikkje fått, men det tolkar me som at det ikkje er noko gale på nokon av undersøkelsane som er gjennomførde. Det er ferietid både hos legar og sjukehus, men dei hadde sjølvsagt teke kontakt om dei hadde funne noko gale! Og om det aller meste no er utelukka, gjennstår epilepsi som ein diagnose etter elimineringsmetoden. Me nyttar allereie fast epilepsimedisin som me tykkjer virkar ok, og har slege oss til ro med det fram til hausten. So tek me det eit steg av gangen vidare.

Sjølv har eg vore ein snartur nede i kjellaren, ser eg no i etterkant. Eg vart til slutt sjukemeldt siste par vekene av skuleåret, og eg skjønna (etterkvart) kor nødvendig det var. Eg sov og sov og sov. Og gjekk turar. Eg har ei innmari god venninne som dreg meg ut i skog og fjell omlag dagleg, trening opp og skravling nedatt, det kan vel ikkje vere betre terapi å få enn det! Eg må hugse å fortelje ho det inni mellom, kor utruleg mykje dei turane har betydd for meg desse månadane!

Bading på Nes, bading i Solvorn, bading i fjellet. For fjellturar med gutane har det vorte eindel av. Etterkvart. Med overnattingar på Sperlestølen som det eg hadde gleda meg aller mest til. Det sat langt inne før det vart ein realitet, men so gjekk det jo so bra! Og då byrja eg å roe meg nedatt. Det var nemleg klar beskjed frå Haukeland på siste kontrollen der: lev som normalt i sommar, kom dykk ut. Men ikkje reis utanfor mobildekning, og ikkje reis til fjells dersom det er dårleg fly-ver. Klare og tydelege reglar som me skal klare å leve med.

No legg me våren bak oss, og nyt sommaren. Me vil meir til fjells og me vil ha oss ein tur i bubilen. Me har ikkje noko reisemål me må komme fram til, alle spør kvar me skal, og me tenkjer at kvar me ender er ikkje so nøye. Til og med kontrollfriken i meg tykkjer det er greit å ikkje ha spikra reiserute frå A til Å. Målet er å vere i lag på tur heile familien. Og le mykje, ete is, bade, kose oss i fjellet og leike med våre to herlege juniorar.

GOD SOMMAR!

IMG_4883