Hageskulen – del 3 6

Mine stakkars lusplaga rosebusker fekk seg ein omgang førre veke. Knall-effektiv den blandinga med eddik, zalo og vatn som eg vart tipsa om. Rosebuskene mine vart kvitt lus so det song atti, og ikkje har det komme att lus heller!

Men, som tidlegare nemnt, tok blandinga truleg knekken på alle blada på rosebuskene og. Blomstrane derimot, er flotte og lus-frie, kva gjer vel då eit blad eller 100 til eller frå?

I dag skunda eg meg å luka litt ugras og andre mistenkelege vekster rundt det eine beddet mitt, for eg visste at hovudgartnaren min kom innom, og eg skulle liksom imponere. Ho let vel over rosene, dei var heilt nydelege, sjølv om blada såg rimeleg daude ut… Men kva med lus på vill-prestekragane som eg barmhjertig har lete stå att ved det andre nesten-beddet mitt. Kva skal eg gjere med det?

Lus? På prestekragar? Ja so sanneleg, der fann eg eit par eg og. Dei var ikkje gode å sjå. Men etter å ha justert djupne-synet mitt og sett litt betre etter, måtte eg etterkvart vedgå at det var opptil fleire lus. Truleg i millionklassen…

KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

 

Røynde gartnarar kan sjølvsagt diskutere korleis det går an å oversjå noko slikt, men då eg berre er kommen til kapittel 3 tenkjer eg at det ikkje er betre ventande.

Men kva eg skal gjere med dei? Eg klypte av ein stilk og heldt under ei sterk vass-stråle. Det var irriterande lite effektivt, dei klamra seg fast og kan truleg halde pusten i fleire minuttar. Skuffa og sint kasta eg stilken i ei bøtte med vatn for å nyte synet av dei kave rundt, men trur de ikkje dei kleiv oppå blomsten og hadde det heilt utmerka? Eg lyfta opp bøtta, og roterte rundt for å skape bøljer. Store bøljer. Då måtte nokre få gi seg, dei flaut rundt der rimeleg daffe. Men eg vert ikkje forundra om dei berre spelte, og at dei so fort eg forlot dei fann fram parasollane sine og hadde strandparty der på toppen av kronblada. Standhaftige dyr altso! Konklusjonen er at eg gløymde heilt å teste fleire måtar å ta knekken på dei på, so det får bli tema for neste økt i hagen. Ikkje veit eg om det er same type lus som var på rosene, me kom ikkje inn i noko djupare samtale, men i so fall er konklusjonen at eddik og zalo ikkje tek knekken på lus, berre får dei til å pakke egga sine og deretter jagar dei 10 meter sørover til høgaste prestekragane.

Soli har omlag skine sidan påske, i dag var det meldt regn og litt ruskevêr, då fekk me ein strålande ide om å setje opp telt i hagen. Gartnar og husbonde sette i sving, og ettersom vindkasta auka var det rett so underhaldande. Eg burde nok hjelpt til, men henta heller kameraet for å dokumentere bragden.

KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

Gutane tykte det var kjempestas, og byrja ninja-treninga si trast. Med lyd-effektar og heile pakka. Då ei avbroten crocket-kølle vart heva over hovudet måtte hovudverneombod bryte inn, og informere om at våpen av dette kaliberet ikkje var eigna til ninja-trening, dei fekk heller øve seg på balanse og samspel. Eg snur ryggen til nokre sekundar, og ser dei deretter i viltre basketak rullande bortover golvet. Ikkje i balanse, men kanskje var det ei form for samspel. Verneombodet må enten setje seg meir inn i ninja-trening som kampsport, eller bli flinkare til å overlevere beskjedar….

KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

No blæs det rimeleg kraftig her ute, det er vel ikkje uvanleg det på slike store ekspedisjonar. Husbonden er ute og sjekkar fortøyningane, og set opp nokre ekstra barduner. Men me får sjå då, om stormen aukar i styrke eller om det vert overnatting i det fri på ein, to eller tre av gutane. Eg var visst ikkje eingong med i diskusjonen, det skulle vere gutte-tur, og eg kjenner at det passar meg heilt utmerka!

 

 

6 thoughts on “Hageskulen – del 3

  1. kjellrun Jun 18, 2014 19:39

    hoho, slik går no dagan :-)
    Berre nevner i forbifarten at eddik er eit strålande middel mot ugras….. Tek knekken på det meste. So kanskje du bør utelate den frå lusemiddelet ditt :-) :-) Prøv heller grønsåpe, bakepulver og ein dråpe eddik. Og du foresten, korleisi er det med desse solberbuskene du veit?!!

  2. Anki Jun 18, 2014 19:50

    Hehe, ja aldri so gale at det ikkje kan nyttast til noko. Solbærbusker ja, det ringer ei bjølle, eg hugsa ikkje på det på søndag… Men eg kjem gjerne att ;-)

  3. Anne Marte Jun 18, 2014 19:57

    Eg har lusebefengte roser og, har hatt det nokre veker og ikkje gjort noko med det. Syns du er ein effektiv gartnar, eg!

  4. Guro Jun 18, 2014 22:03

    Grønnsåpevatn… funka flott????, ver litt raus med såpa og dynk dei godt, så kan du sjå kva som har skjedd med dei dagen etter, men du må nok gjenta prosessen eit par tre ganger ????

  5. Guro Jun 18, 2014 22:04

    Skulle vera smilende der det vart spørsmålstegn !:-)

  6. Anki Jun 18, 2014 22:07

    Skilnaden er vel at du ser lusa sjølv AM ;-)
    Grønnsåpevatn fungerar utmerka Guro, det var det eg byrja med, men det held berre problemet vekke nokre dagar (tek lus med ikkje egga?) – hadde eg derimot byrja med grønnsåpevatn nokre veker FØR lusa fekk overta, hadde det sikkert holdt i massevis! Men no er det ikkje att lus, og blada veks vel ut att, so problem solved =)

Comments are closed.