Flækøyhøe upp og restituering…

Då kalendaren viste at me var komne til mai månad, tykte eg det var på tide å få tidfesta ferien 2014. Kvar, når og korleis skal me feriere… 

Dersom me skal ut på eventyr utover 3 dagar, må me kanskje planlegge litt. Eg spurde min betre halvdel om han hadde noko ynskje for sommarferien. Ja, det hadde han. Motbakkeløp litt rundt om både her og litt der. OK, nokre løp kan me vel legge inn, so lenge eg slepp å springe opp fjellsidene. Eg ville gjerne ha stad og datoar skriftleg, og nokre veker seinare dukkar det opp ei liste på 10 løp. Eg tykte det var mange, men fekk då til svar: – ja, men det er berre her i fylket!”.

Den er grei, motbakkeløp it is. Og fyrste løpet på lista gjekk av stabelen på Bismo i helga, so då sette me kursen for Sjåk.

Eg fekk tildelt den store æra av å tanke opp bilen og hente ongane i barnehagen før avreise. Stolt som ei høne rullar eg opp framfor gamle Shellen i Gåpn. Kliv ut av bilen, og byrjar leite etter diseltanken. Eg hadde no vore so framsynt at eg hadde sjekka at bilen gjekk på diesel og ikkje bensin! Og eg hadde sett att tanken var på motsatt side av førarsida, slik at eg ikkje skulle køyre inn til pumpene feil. Det ser jo berre SO idiotisk ut når nokon gjere det.

Eg fekk ikkje opp tanken, eg oppdaga at den var skrudd fast med skruar og at det ikkje var tanken likevel, truleg var det ein eller anna form for ventil midt på langsida av bilen, i passeleg tank-høgd. Skuffa kryp eg innatt i bilen, og i staden for å prøve å snu, køyrer eg ein runde rundt halvøya ved bensinstasjonen, og kjem inn til pumpene med andre kinnet til. Eg kryp, litt mindre stolt, ut av bilen og finn tanken på førar-langsida. Her må nøkkel til for å få opp loket, eg set i nøkkelen og skrur, men loket rikkar seg ikkje. Eg hukar meg ned for å lirke, og oppdagar etterkvart att dette er påfyllingshol for vatn til vaskane i bilen. Eg går i alle fall ut i frå at det er dit vatnet går. Kva er det som er gale med meg? Virkar ikkje augene? Frustrasjonen kjem sigande. Bak i bakhovudet meiner eg å hugse at tanken for drivstoff var ved døri inn i bilen. Men på kva side?

Eg ser ikkje noko tank, tel til 10 og ringer min betre halvdel. – Kvar er dieseltanken plassert? Å ja, det var sant, ved førardøra, under eit deksel. Ok, takk og farvel. Eg opnar dekselet, nytt nøkkelhol, eg set i nøkkelen og byrjar vri. Og vri og vri og vri. Det skjer absolutt ingenting, dekseleg går rundt og rundt, som ein kork til såpeflaske med barnesikring! NO er mitt tolmod slutt, og då eg på ny må ringe min betre halvdel for å spørje korleis eg OPNAR tanken, og eg får litt lett humring då det svarar på telefonen, DÅ smell det. Eg set meg innatt i bilen, og køyrer so roleg eg kan mot barnehagen. Det humpa kanskje litt ekstra fram øyagata, fartsdompane er ikkje bygd for bubilar styrd av eksploderande kvinnfolk…

Med bubil til barnehagen...

I barnehagen er det stort for gutane å bli henta i bubil, og dei annonserar høgt og tydeleg til alle som vil eller ikkje vil høyre, at dei skal på campingferie og sove i TO netter. Å milde himmel, det blir ikkje mykje større enn dette, og dei fleste ongane vert med bort til gjerdingen for å sjå oss av gårde. Eg byrjar å roe meg ned, og køyrer overraskande roleg bort gardavegen. Heldigvis. Det er godt ikkje alle hentar i bubil, det hadde vorte bra trafikkaos borti gata der…

Min betre halvdel får fylt opp tanken, og me set kursen over Sognefjellet. Me søv alle godt i bubilen, sjølv om det regnar noko so inn i staur og veggar om natta. Me tenkjer på flaumvarsel i hytt og pine, men bilen står heldigvis på land når me vaknar opp att og. Eg, som i alle fall i fylgje meg sjølv søv so lett, har lege vaken og høyrt på regnet i periodar. Derfor får eg lov til å slumra litt utover morgonen fram til frukost. Då forklarar eg til mine tre gutar, at:” – å, det var godt å få sove litt. Eg er jo ikkje heilt i form heller eg, so dette var godt”. Vesle poden ser litt oppgidd på meg, og seier: “- å ja, var det derfor du snorka so i natt då!”.  Min betre halvdel held på å le seg i hel. Eg måtte humre litt og, men var skuffa over at eg ikkje sov so lett som eg trudde. Aldri so bra at det ikkje er gale for noko…

CAM01198

Opp på Flækøyhøe kom min betre halvdel (for eg går ut frå at det er namnet på fjellet?), sjøl om han måtte innrømme at det var tungt. Siste 600 høgdemeterane var det 35 % stigning. Eg skjønna ikkje kva han klaga etter, det var dette han ville, so null sympati frå meg, med dieseltanken friskt i minne. Eg skal ikkje gløyme den lett nei!

Medan mannen sprang og ongane leika i flotte Bismo sentrum, fekk eg drive litt restitusjon. Hjerne-restitusjon. Det er ikkje til å komme utanom at siste vekene har vore knalltøffe. Overraskande tøffe. Guten vår er i bra form att, men ikkje 100%. Framleis mykje trøytt, og vert svært fort sliten ved fysisk aktivitet. Lange dagar i barnehagen er ikkje noko god kur, det har derfor vore litt av ein kabal å få til å gå opp med jobb sidan påske.

Sjølv har eg hangla lenge. Hals og bihuler. Hoste og rennande auger. So feber eit par dagar, før halsen byrjar att. Heldigvis er me i mai med eindel ekstra fridagar. Då vert det mykje soving. Overskot er eit framandord, og energien er heilt på botn. Men hjernen vil. Alt for mykje. Og når eg set i stolen med opne auger med ein kropp som ikkje vil, då vert det alt for mykje tid til tenking, og det kjem det aldri noko godt ut av. Eg er so glad for at me slapp med skrekken, og me er ikkje spesielt redde for at noko slikt kjem til å skje på ny. Alle prøvar har vore negative, og poden er ok. Men det har sett seg ein støkk inni meg ein stad. Eg har ikkje heilt klart å lokalisert kvar, men det riv litt i meg kvar dag. Når dei nærmaste vert råka, då har ein lyst til å gå gjenom flammer for å hjelpe… men so er det ikkje noko som helst ein kan gjere. Ingenting. Den hjelpelausa, det er ei grusom kjensle. Kanskje er det den eg slit mest med å legge bak meg….

Me har fått utruleg mange tilbakemeldingar. Alle lurer på korleis det går. Både med poden og med oss andre. Eg seier som sant er, det går jo bra. Men so kjem eg heim, sig ned i stolen og er heilt tom. Det er like før ekkoet i hovudet hjallar so høgt at andre høyrer det. Og det kjennest so utruleg feil å seie at det ikkje er heilt bra, om eg so berre prøver å seie det til meg sjølv. Det kling feil. Men likevel so er det mange tunge dagar. Meiningslaust tunge dagar. For alt har jo gått so bra. Då er det vel ikkje lov til å sitje og sutre og klage over nokre fille forkjølelsar og eit litt tommare hovud enn vanleg. For alt ER jo bra. Eller kanskje eg skal omformulere meg til å seie at alt BLIR jo bra. Snart, i alle fall!

Derfor var det EKSTRA godt å få denne helga saman, berre me fire. På ekspedisjon til fagre Skjåk. Og det var tydeleg at juniorane og sette pris på det, at me var alle fire samla. Det var nemleg det dei snakka om då me spurde om det hadde vore ein fin tur. Det, og snøballkrigen mot mor og far. Jammen var det flott på Sognefjellet då me putra oss heimatt utpå søndagen. Litt dimt i veret, men soli braut gjennom, og heilt vindstille.

 

CAM01230

Me hadde vore so framtenkt at me hadde teke med rumpebrett på turen, til hypotetisk snøleik på fjellet dersom ver, føre og form tillot noko slikt. Og far i huset tykte det var heilt supert. Ongane vart med han og skreidde etterkvart og ;-)

Ved bilen var det ei diger søyle, og sidan veret var so bra vart det sjølvsagt eit lite bad.

CAM01231

Det er merkeleg korleis støvlar og regnbukse alltid er blautast på innsida etter bruk, kan det vere ein fabrikasjonsfeil?

Me gledar oss til neste motbakkeløp, og tenkjer at når denne turen vart ein stor suksess trass ymse småproblem i startgropa, då må sommaren bli bra uansett kva som måtte komme vår veg!