Hageskulen – del 2

Tida er inne for å utvide matproduksjonen i hagen. Me seier oss klare for steg 2. Me har budd i huset vårt i 7 år (!), og til no har me hausta inn gulrøtter og poteter – ikkje dei heilt avanserte slagi, men avansert nok til at me kan kalle det for del 1.

I tillegg til poteter og gulrot fekk me bringa eit par bringebær-ris til gards i fjor, men dei avgjekk med døden i vinter.

Eit par ripsbusker er og planta, og i fjor hausta eg 5 bær frå eine kjørren. Dersom du kan kalle det kjørr når dei ikkje er større buskene…

CAM01173

Kjørren forsøker nesten å gøyme seg i grast, bak noko som ser ut til å vere brennesle. Men trass harde vekstkår ligg avlinga an til å tre-dobble seg frå i fjor. Prosentvis høg auke held i massevis for ein matematikar.

Eg fekk moglegheiten til å vere med på ein impulstur til Førde førre veke, der me blant anna fekk eit knakande godt føredrag av Thorir Hergeirsson. Då føredraga var ferdige og klokka berre viste 19.55 rakk me ein kjapp tur innom Plantasjen på veg heim. Då nytta eg sjansen og raska med meg nokre jordbærplenter. Dette var førre tysdag, det vil seie at i dag MÅTTE dei i jordi. Me gjekk laus på ein skråning bak huset, som grunna hellinga er godt eigna til bærvekst. Jordsmonnet var dessverre ikkje av same oppfatning, det var knallhardt og fullt av grov grus og stein.

CAM01171

Men Høymolen ser ut til å trivast utmerka her, so liv laga er det. Bevæpna med jordspade og jernrive gjekk me til angrep, men det viste ikkje mykje att etter oss sjølv om innsatsen var høg over lengre tid:

CAM01168

Aldri so gale at det ikkje er godt for noko, eg og junior fann ei knakande festeleg bille me kunne studere litt, og berre det var no verdt all moroi.

Heldigvis har eg ei mor full av gode idear, so plantene vart planta dei, rett i jorda, bokstaveleg tala:

CAM01169

So får me sjå då, om eg klarar halde liv i gjengen ut sommaren. Innan den tid må eg vel ha fått spadd vekk so mykje ugras at plantene kan få avansere bort i det som kan bli ein fantastisk fin jordbæråker med ca 40 graders hellingsvinkel. Stor skredfare med andre ord.

Elles har eg eit tre som ikkje vil vekse. Det står der so stille og ikkje seier nokon ting, men eit eller anna er det som ikkje stemmer. Nokre av blada har antydning til gulfarge på tuppane. Ikkje er det for tørt og ikkje er det for blautt. I fylgje mi vurdering. Passeleg med sol, og gjødsel har det fått. Igjen, i fylgje mi vurdering. Eg som trudde tre kom til å vekse seg store og sterke på null komma svitsj. Enten er det noko gale med jordsmonnet, eller so er det mi vurdering som ikkje stemmer. Det må vere jordsmonnet tenkjer eg, i fylgje mi vurdering.

CAM01172

Kanskje eg skulle målt høgda på treet for å sjå om det faktisk har stagnert. Og kanskje er det eit godt bilete på hagekunnskapen min. Den byrja og i god tru, eg hadde store planar om mykje blomster og gode lukter, og so har det stagnert rimeleg bastant. Heilt til prosjektet med jordbæra som eg no har klart å strekke omlag akkurat ei veke – før eg byrja på åkeren. Og eg klarar nok å bruke mange veker til på ting som sikkert kunne vore gjort rimelg kjapt, berre eg går inn for det.

Det hadde for eksempel vore lurt og hatt på plast då me laga til skråningen. Ja, det er det vanskeleg å argumentere mot. Me var til og med inne på tanken, hugsar eg. Men når me lagar murar og støyper og målar vegger og listar, strøk etter strøk, og opparbeide plen og slikt, då vart det berre ikkje prioritert. Eg tenkjer at det hadde vore ein god ide å fått på eit tjukkare lag med jord og, men det får eg holde for meg sjølv.

Rhododendron-planter har eg 4 av i talet. Eller berre 3 no, etter at ein gul liten dott vart fjerna i kveld. Av dei tre er det ein pjusken liten stakkar, med litt brunt ytst på blada sine som skrik etter meir vatn. Ein som truleg kan bli bra dersom han byrjar vekse. Og ein som verkeleg blomstrar. Bokstaveleg tala.

CAM01167

Kvifor han ser so godt ut er lika overraskande for meg som det er for andre som kjem innom på besøk. Men under skjer overalt.

Eg har vore so heldig og hatt to innleigde gartnarar i vår, ein junior og ein senior, som har planta frø av ymse slag rundt om kring. Dei sette ned pakka dei hadde planta for å markere revir, men då me hadde 8 fem-åringar her på bursdagsfeiring vart dette stokka om på rimeleg kjapt. Ein frøpose fann eg til dømes att i solstolen min, og då mistar posane litt kredibilitet. No byrjar det spire litt her og litt der, men ikkje veit eg kva dei har planta, ikkje veit eg kvar dei har planta, og ikkje ser eg om det som kjem opp er blomst eller ugras. Flaks at eg ikkje evnar å sjå til bedda so ofte då, slik at dei blomane som kjempar seg opp får tid til å blomstre før dei ved eit uhell vert luka vekk.

På heimefroten elles går det mykje i leiting etter lommebøker, bilnøklar, mobiltelefonar og andre tekniske dupedittar. Det går i bølgjedalar, nokre veker verre enn andre. Denne veka må ha vore ein botn, då går det snart oppatt.  Standardfraser er “har du sett….”, og so leitar me rundt oss sjølve. Det dukkar alltid opp att, men ikkje ofte når me treng det, og dessverre ikkje sjeldan kjem det att frå omverden.

Min betre halvdel mista telefonen sin i vinter. Kanskje vart han liggande på taket på bilen, truleg vart han vekke på Haukåsen. I går var det minibankkortet som forsvant. Etter ein køyretur frå Gåpn til Turtagrø og tilbake til Gåpn, vart lommeboka oppdaga på taket av bilen, lettare klebrig. Men utan minibankkort. Kortet må då sjølvsagt sperrast, og so byrjar leitinga. Det er sporlaust vekke. Men i dag, då ringer det ein triveleg kar, kortet er funne, det låg langs bilvegen opp mot Turtagrø… Korleis minibankkortet har komme seg ut av lommeboka – som låg på taket – i fart, medan lommeboka ikkje datt av, det er for meg heilt uforståeleg…. Men, som sagt, under skjer i blant…

Oppgira over att minibankkortet kom til rette att, er steminga høg då me set oss og ser på lokalreklame og helikopterbilete frå Haukåsen og omegn med herr Arne Hjeltnes i spissen. MEN, at me skal klare å sjå om telefonen som vart vekke i vinter no var dukka fram att under snøen i det kameraet sveipar over Haukåsen frå helikopteret, det vil ikkje berre vere eit under, det ville vere å tru på julenissen…  Men eg har teke feil før… og kva veit me om alt som skjer på Nordpolen i desse klimatider….