Home sweet home 2

Heilt fantastisk godt å komme heimatt, sjølv om me berre var vekke i 4 dagar. Det vert lite soving og so som so med etinga på sjukehus, då er alt betre heime i eige hus. 

Det var skikkeleg rørande å sjå dei to gutane våre då dei fekk treffe kvarandre att. Praten gjekk i eitt, og dei utveksla leiker og historiar og smilte frå øyra til øyra. Det er noko eige med det bandet tvillingar utviklar seg i mellom, dei høyrer liksom saman. 

noah og christeoffer lukkeleg gjennforena

1.påskedag vart ein roleg og koseleg dag. Og bestemor i Gåpn kom på besøk, og tok med seg gutane ei lita stund. Mannen hadde gått ned for teljing, med halsvonde og feber, ikkje rart det kjem nokre baseluskar snikande når kropp og hovud får seg ein trøkk. Eg nytta sjansen og fekk meg ein tur i skogen. Det var godt for hovudet, godt for ein stiv og verkande rygg og godt for psyken. For eit fantastisk, nydeleg flott påskever, sjølv om påskekjensla ikkje vert heilt den same utan ski og snø! Men blikkstille fjord, kvite toppar og grøne marker er ein god erstatning!

Etter å ha sveitta meg opp bakkane, vart det roleg tempo nedatt skogsvegen med feel-good-musikk på øyra, og då kjende eg på kor heldige me er. Det er sikkert ikkje uvanleg med eit ras av “no-skal-me-leve-i-nuet-tankar” som flyg gjennom hovudet slike gonger, og her er kva eg tenkjer: Det er dessverre mange som opplever liknande dramatiske situasjonar som me har vore gjennom. Og det er mange som må belage seg på sjukehusopphald som varer mykje, mykje lenger enn me opplevde. Og dessverre er det og nokre som opplever eit heilt anna utfall til slutt. Det er det berre so vidt eg klarar å tenkje på akkurat no, eg kan ikkje førestille meg korleis me hadde hatt det om ikkje det hadde gått so bra. Om me fremdeles hadde levd i den tragisk teite uvissa. Eller korleis verda hadde rasa saman dersom me hadde fått beskjed om at CT-scanninga viste noko gale…

Alt det me tek forgitt i kvardagen, her me stressar på for å rekke alt me trur me må gjere. Kjeftar på ongane fordi me har dårleg tid. Stressar for å rekke jobb, rekke barnehage, rekke å lage middag, rekke å handle, rekke å trene, rekke å beklage at me har det so travelt at me ikkje rekk å besøke dei me skulle besøkt, rekke å innom facebook, rekke å hugse på alt det andre me skal rekke. Å ja, å so rekke å leike litt med ongane. Og kva var det med skulle rekke som me har gløymt, var det ein tannlegetime eller var det service på bilen?

Det vert plutseleg eit heilt anna fokus på kva som er viktig her i livet nå sjukdom råkar. Eg ser i alle fall at eg kan gjere fleire små grep og sikkert få ein heilt anna livskvalitet, det er berre merkeleg at det må noko so dramatisk til å for å oppdage det. Og om nokre månadar, når me får dette litt på avstand, er eg truleg tilbake i same tralten uansett… Me er merkeleg skrudd saman, me menneske, kanskje skulle me kopla om litt inni mellom…

Sjølv om det var ei dramatisk hending og me var redde og triste, har me og vore utruleg glade; for det har strøyma på med positive tankar. Me må få seie tusen, tusen takk for alle meldingar og helsingar frå nær og fjern, me tykkjer det er heilt ufatteleg kor mange som viser omsorg og bryr seg om vår vesle familie. Me er heldige, takknemlege og forhåpentlegvis snart klare til å legge alt dette bak oss!

CAM01043

I dag er det 2.påskedag og like flott ver! Me må nyte siste offisielle fridagen til det fulle, men sidan me ikkje kjem oss opp i fjellet, får me nyte våren i hagen. Då kjenner eg at det vert litt småpusling i det som med litt velvilje minner om blomsterbedd, og rolege timar på verandaen. Matlysta byrjar vende tilbake på vår kjære gut, og då kjem nok kreftene meir og meir etterkvart og. So får me sjå kor lenge det går før me friskmelder oss heilt! 

2 thoughts on “Home sweet home

  1. Anne Merethe Apr 22, 2014 13:44

    Hei hei! Så godt at dette gjekk bra! Eg veit akkurat korleis de har det!!!! Me opplevde det same med Emil då han var 8 veker… http://annemisvingen.blogspot.no/2012_03_01_archive.html

    Tenkjer på dykk, og som eg skreiv så unnar eg ingen å vera SÅ redd!! Men som du seier; i ettertid kan ein sjå at andre har det verre… Men det er forferdeleg å vera heilt hjelpeslaus når ungane er sjuke! God bedring til dykk alle i heimen! :)

    mvh Anne Merethe

  2. Anki May 5, 2014 20:15

    Takk for omtanke og gode ord Anne Merethe! Eg har ikkje klard å lese mi eiga historie før no siste dagane. Eg venta og venta på ein reaksjon som ikkje kom, før eg oppdagar at jo, den kom den, eg klarde berre ikkje å sjå det. Eg har sove og sove og sove, og vore fysisk heilt utmatta siste vekene. Og endå vart me tekne på alvor og alt vart gjort på beste måte heile vegen!

    Eg manna meg opp til å lese din historie, og tårene trillar her. Fy kor tøft det må ha vore. Og so med berre eit par månadar gamal baby, då dei er bitte små og på sitt mest sårbare, og mor er i ei berg- og dalbane med hormon og søvn. Du skriv utruleg godt, det var strekt å lese!! Takk og pris at alt gjekk bra med godguten din og!

Comments are closed.