Påsken på sjukehus

Det vart ein spesiell påske på oss i år, me enda opp på sjukehus. Eg vart tipsa av ei god venninne om å skrive ned ting og tang undervegs, for alt ein gløymer undervegs kan vere ein har lyst til å vite seinare. Derfor vart det notert klokkeslett og førebels diagnosar, tankar og handlingar….

I dag har eg sete i flere økter og prøvd å skrive ned kva me har vore gjennom. Sjølvsagt mest for min eigen del. Eg veit ikkje om nokon andre enn næraste slekt og venner har lyst til å lese og dele vår oppleving, men det er i alle fall fritt fram, dette er måten eg reagerar på i krevjande eller spesielle situasjonar; eg skriv. Og skriv. Og skriv endå litt meir. Det vart ei lang og tidvis SVÆRT detaljert, og i fylgje mannen min litt for dramatisk forteljing. Men det var slik eg opplevde det. Eg tykte det var dramatisk nok til tider…

 

 ONSDAG 16.apri:

Onsdag morgon og det var endeleg påskeferie på heile familien. Påske-egga til gutane låg klare i stova til dei vakna, og fystemann kom henrykt inn so fort han fann egget, det var stor stas å få so mykje godteri på ein gong. Me fekk detaljert fortalt, at han hadde han ete tre bitar, og skulle spare resten. No var det barne-tv tid, og me vaksne slumra litt vidare.

Eg høyrer ein rar lyd, og går ut frå at det er maskiner på utsida av glaset som bråkar. Det har vore mykje byggjeaktivitet siste månadane, mange nye hus og vegar under oppføring. Det var no irriterande at dei byrja so tidleg no midt i påskeferien, tenkjer eg. Men det er jo eigentleg arbeidsdag onsdagen i påsken, so eg godtek det. Men lyden stemmer liksom ikkje heilt med byggjearbeid. Er det ein fugl?

Plutseleg står min godterietande barne-tv-sjåar i døri: «eg orkar ikkje høyre den lyden meir, mamma. Og no ligg han på govlet», får me fortalt. Eg står opp, og skjønnar ikkje kvifor eine guten tydleg vis ligg på golvet og ikkje har rusla inn i stova til godteri-eldoradoet. Inne på soverommet ligg guten på golvet ja, men vinkelrett mot senga med hovudet vendt vekk frå døri. Eg løftar han oppgitt opp i fanget, og tenkjer at han har ramla ut av senga, sjølv om retningen på kroppen ikkje stemmer heilt. Han lagar ein rar lyd. Sutrelyd med surkling. Det gir ikkje noko meining. Kva er det han er sur for?

Eg set han i fanget, og oppdagar at han er klissblaut. Er det oppkastsykja? Nei, det er blautt på golvet, men ser mest ut som vatn. Mannen kjem til, og han løftar guten inn i dusjen, me må jo få vaska vekk alt det her. Eg set meg på badegolvet og snakkar vidare om kva me skal denne dagen, at no har me alle saman fri i mange dagar. Då byrjar fyrste alarmklokka i hjernen min å ringe: Eg får ikkje augekontakt med guten, og han klarar ikkje sitje sjølv, han sig i saman. Augene er opne, men responderer ikkje. Eg grip han i armane. Eg ropar att på mannen, han kjem att frå vaskerommet, tek guten i fanget, og eg hentar telefonen. Slår nummeret til legevakta. Spør mannen om han klarar å få kontakt. Svaret er nei. Og det er rykker i tinningen. Pulsen min stig, eg legg på telefonen att, byrjar på nytt og slår 113. Eg svel tungt, trykker på ring, og ventar. Det ringer ikkje lenge, to eller tre gonger, og ei roleg damestemme svarar. Eg byrjar med å seie kva eg heiter og kvar eg er, og so brest stemma. Eg hikstar og tårene pressar på. Pustar djupt, og byrjar å forklare situasjonen.

Fyrste teorien til AMK er feberkrampe. «Er guten varm?». Nei, det er han ikkje. Kald. Men full i slim. «Få guten ut i frisk luft!». Me bere guten ut på verandaen. Både eg og mannen kun i ført undertøy. Framleis null respons. Dama i telefonen spør om sjukdomsbilete siste dagane/vekene. Eg hugsar ingenting. Har han vore sjuk? Eg må spørje mannen; nei, ikkje noko sjukdom. Bitte litt småforkjøla? Eit sår på kneet som var raudt og opphovna, men no mykje betre? Nei, han har ikkje vore sjuk. Ho held praten i gang og spør om kva hus me bur i. På oppsida eller nedsida av vegen. Står det noko i tunet dei kan kjenne att. Eg tenkjer at dette må vere tull, dette skjer ikkje no. Det er ikkje alvorleg. Eg skjønnar at ho vil halde praten i gang til ambulanse kjem, og eg står i truse og singlet. Eg finn ei bukse og dreg på med ei hand medan eg snakkar i telefonen med andre handa, hjernen fungerer so passa at eg skjønnar at me må reise med han i ambulanse, mest truleg heilt til Førde.

«Ser de ambulansen no?». Nei, ingenting. Eg går ut på trappa. Har det gått 4 minuttar? 14 minuttar? Har ikkje peiling. Eg går inn att og står ved sida av guten min, som no ligg på sofaen, han har tydelege rykningar på eine sida. Han har slutta å lage lyd. Er det bra eller dårleg? Det er sikkert ikkje bra.

«Er ambulansen no kommen?» spør dama i telefonen. Eg vil ikkje sleppe augene frå rykningane i ansiktet. Tvillingbroren kjem inn til oss, eg spør om han har lyst å sjå ut døra om han ser sjukebilen. Han står ei lita stund, og ropar so inn til oss: «No kom dei mamma, to bilar», og so går han tilbake til legoen sin i andre stova. Eg må og gå og sjå ut. 3 ambulansefolk og 1 lege. Fleire koffertar. Oksygentank. Mykje styr. Hugsar ikkje heilt. No er guten i trygge hender tenkjer eg, det ordnar seg no.

Eg set meg inn til broren og spør korleis han har det. Nei han har det heilt utmerka han, men han får ikkje til å feste det eine lyset på legobilen, om eg kan hjelpe med det. Det roar meg ned å sitje med legoen litt, medan det føregår respons-testing (eller kva dei no dreiv med) i naborommet. Eg tenkjer at dette må jo gå bra, no er han i gode hender, og kanskje har dei fått kontakt med han allereie. Hjernen er sjølvsagt ikkje heilt rasjonell på dette tidpunktet. Eg går tilbake til situasjonsrommet akkurat i det dei bekreftar behovet for luftambulanse. No skjer ting fort!

«Eg blir med i ambulansen» ropar eg og spring rundt for å samle litt småtteri i ein bag. Undertøy, t-skjorte og bukse til pasienten. Og sokkar. Undertøy og singlet til meg raskar eg med meg frå klessnora. Pc og Pc-ladar. Mobil-ladar. På med joggesko og jakke. Der låg tilfeldigvis lommeboka i gangen, so då fekk eg med meg den og. Ut i ambulansen og so er det full fart.

«Helikopteret frå Førde har teke av, og møter oss i Sogndal» seier sjåføren. Eg set i framsetet og tviheld på baggen eg har i fanget, for no går det unna. Blålyset vert tydeleg i tunnelane, elles merkar ikkje eg noko til det, men ser på møtande trafikk at dei skjønnar teikninga. Dei fleste i alle fall. Ein og anna bilisten køyrer nett slik dei pleier midt i vegen utan å tenkje tanken på å sjå i speigelen! Bak i ambulansen jobbar dei. Det er mykje slim som tettar halsen. Dei snakkar med medisinord som eg trur eg veit kva tyder, men no hugsar eg ikkje noko av det.

Helikopteret kjem til Sogndal nett før oss, men avtalen vert likevel å møte dei på Kvåle. Der er det god plass. Eg veit ikkje om eg får bli med i helikopteret, der er trongt om plassen. Tre helikopterfolk kjem bort til ambulansen, og er komme inn til guten før eg får opp døra og kjem meg ut. Eg brukte rett nok ei evigheit på å prøve å stige ut døra med baggen på tvert, men får etterkvar summa meg og kjem meg på føtene. Og so er det venting. Luftambulanse-doktaren går i gang med sine undersøkingar.

«Rykningane rundt munnen er konstante, og eine pupillen er utvida», seier ambulansefolka til luftambulansedoktaren. Rykningar rundt munnen? Det har ikkje eg fått med meg. Og då kjem det mange skumle tankar i hovudet. Blodpropp? Hjerneblødning? Svulst som pressar på nerver? Tårene trillar.

Me er i gode hender. Og dei 6-7 folka i sving byter på å komme bort til meg og spørje korleis det går, og forklare det vesle dei veit, opp att og opp att. Grunna det kraftig anfallet som pågår vil luftanbulanse-doktaren rett til Haukeland. Det er turbulent over fjella, då er det tryggast å legge guten i narkose, intubere han og kople han til respirator. Eg er sjølvsagt svært enig og nikkar medan eg tenkjer at dei bør snart legge meg i narkose og, men eg klarar å motstå fristelsen til å seie det høgt. Legge guten i kunstig koma? Haukeland? Eg gruar meg til å seie dette vidare…

Eg ringer heim og informerer pappaen og broren. Dei er redde, og det vert ein kort samtale. Eg veit ikkje om eg får vere med vidare. Dersom eg ikkje får vere med, må eg følje ambulansen tilbake og so køyre sjølv til Bergen. Dersom eg ikkje gir lyd frå meg nærmaste timen er eg kommen i helikopteret. Eg legg på telefonen, og kryssar fingrane for at dei tek meg med luftvegen!

Narkose og respirator verkar som det skal, og endeleg sluttar det å rykke i fjeset. Då kan eg vere med i helikopteret. Har eg sete på før? Tja, litt, ikkje mykje. Eg har hengt under helikopter i samband med redningsøving på breen, og eg har vorte henta ut sjølv med helikopter etter ulukke. Og nokre småturar elles. Men eg trur det skal gå bra, eg tenkjer at det kan ikkje vere mykje verre enn førre tur med Widerøe, då flaug briller og nettbrett, vassflasker og bøkene til passasjerane rundt omkring i flyet i hytt og pine…

Amulansefolka gir meg ei flaske vatn, og minner meg på at eg må få i meg væske. Dei har vore heilt strålande, og det er rørande å seie ha det til dei og takke for hjelpa, medan eg kliv inn i helikopteret.

Det er litt turbulent over Vikafjellet og ved landing på Haukeland. Elles går flyturen fint. Men eg sete 20 cm frå hovudet til vesle guten min som ligg intubert framfor meg, og eg anar ikkje kva som har skjedd med han. Vil han vakne opp att? Får han varige men? Kan han prate att? Og me som var på klatring kvelden før og hadde det so kjekt. Kan han nokon gong vere med på det att? Alt rasar gjennom hovudet. På ein 45 minuttars flytur rekk ein å tenkje utruleg mange skrekkscenario. Og sjølvsagt byrjar tankane komme om det var noko me burde merka. Var det noko me kunne gjort før? Er dette vår feil?

Det er iskald vind i på taket på Haukeland. Eg rekk å tenke at det er skummelt at der ikkje er rekkverk, men me dveler ikkje lenge ved utsikten, det er rett inn på intensiv-avdelinga. Helse på sjukepleiarar og legar. Anestesi og barnelege. Og eg veit ikkje kva dei var alle som stod og venta på oss. Og so var det takk for no til luftambulansefolka, dei skal ut på nye oppdrag. For nokon ekstremt dyktige og trivelege folk som arbeider i norsk helsevesen!

No skal det takast prøvar av det som går an å ta prøvar av. Men fyrst CT. Då er det fint lite eg kan gjere dei nærmaste timane. Eg vert vist inn på eit pårørande rom. Ein sofa og eit bord og to stolar. Toalett og eit lite kjøkken som eg fritt kan disponere. Her er kaffi, vatn, saft og diverse buljongar og supper. Knekkebrød og brød. Det er berre å finne seg. Eg orkar ikkje tanken på mat, men skjønnar jo at noko bør eg ete eg og. Eg veit ikkje kor lenge dette kan ta. Ein dag? To dagar? Fem dagar?

Det er stor pågang, slik at pårørande må dele rom. Eg vert sitjande med ei triveleg dame frå Måløy, der strikketøyet frå køyrt seg. Ho må ha vore her nokre dagar, tenkjer eg. «Ja, no er me komme på 6. veka, mannen min vart dårleg på veg heim frå syden». Det var ikkje det eg ville høyre. 6 veker? Men det er godt å ha nokon å snakke med. Ho spør og eg fortel om min kjære 5-åring som me ikkje fekk kontakt med om morgonen. Me gret ein skvett i lag, og so vert ho henta av legane. Me deler eit smil og eit blikk når ho går ut. Nokre blikk seier meir enn tusen ord, og eg håpar det går bra med mann henner. Veggene på desse romma kunne sikkert fortalt mange sterke historiar…

Matkupongar til kafêen vert lagt i hendene mine. «Gå og få deg mat no medan du ventar. Dersom han vaknar opp etterpå vert det vanskeleg å komme frå att i kveld!», seier pleiarane i mottaket. Eg høyrer at dei har heilt rett, og får følgje mot heisen, det er ikkje berre berre å finne fram i korridorane når tankane mine er ein heilt anna stad!

Ca 1,5 timar etter at me landa på Haukeland får eg besøk på pårøranderommet av barnelegen. CT-scanninga gav ingen funn, det vil seie at det ser heilt normalt ut. Då trillar ikkje tårene lenger, dei sprutar. Av lette og glede. Eg pustar djupt nokre gonger, og prøvar samle meg att, for det kjem meir informasjon frå legen. Mykje informasjon på kort tid, og eg hugsar berre brotstykkjer av resten. Det er noko på eine lunga. Fortetting? Dei må ta prøvar av dette. Dei vil ta ut spinalvæske frå ryggmargen for å luke ut infeksjonar i hjernen og nervesystemet? Nei, eg veit ikkje heilt kva det var dei skulle luke ut. Det gjere ingen ting. Hjernen har ingen proppar og ingen svulstar. Eg ringer heim til mannen og me høyrer lettelsen i stemmene til kvarandre.  Worst case scenario er utelukka. Me gret ein skvett i lag.

Min andre telefon går til min eigen, kjære bror. Eg klarar ikkje snakke med nokon andre enn han i familien min, eg veit ikkje kvifor, det er knallhardt å snakke i telefonen. Det vert kun desse to eg snakkar med dette døgeret, og dei vidareformidlar til resten av familien som har det tungt heime.

OK. CT var fin. Det er godt å sjå ein veg ut av den teite, kjedelege uvissa. Og ventinga. Eg sender sms med nokre gode venner. Dei er bekymra og skriv nokre ord og spør korleis det går med jamne mellomrom. Telefonen står heile tida på lydlaus, då kan eg sjølv velje når eg har kontakt med omverden. Nokre gonger svarar eg på meldingar, andre gonger hugsar eg ikkje på å svare, og inni mellom legg eg telefonen heilt vekk. Det hjelp litt å kjenne at eg sjølv har kontrollen. Eg veit at ingen forventar å få svar frå meg, dei vil berre vise omtanke. Men kunnskap er makt, og det er inni mellom godt å vite at andre og veit.

Alle desse meldingane som strøymer på. Dei skulle berre visst kor mykje det betydde for meg der eg sat heilt åleine i verda. Det at dei tenkte på oss so ofte  midt i påskefeiring og ferieopplegg. Det varma godt langt der inne under alle tårene.

«Det er ikkje anbefalt at du kjem inn til guten heilt endå, me bør få unna alle prøvane me skal ta fyrst, det tek nok ein time til!», seier kvite frakkane. Då går eg heilt ut ein tur, seier eg. Telefonen er med, dei ringer dersom det er noko å fortelje. Eg finn til slutt vegen ut i det fri, og ruslar heilt ned til kiwibutikken bak kyrkja. Det er jo onsdag i påskeveka. Det er ikkje eit godt tidspunkt å bli lagt inn på sjukehus, mange raude dagar i vente der mesteparten av verda held stengt. Eg kjøper cola og fuktigheitskrem, aviser og nøtter. Og litt av den sjokoladen eg veit det minkar på heime i godteriskåpet kvar laurdagsmorgon. Eg må jo ha noko i til han vaknar att. For han må jo vakna att snart. Tårene trillar nok att litt, men eg bryr meg ikkje. Ikkje ein drit faktisk. Mannen i kassen verkar over-venleg, og hjelper meg å pakke varene i ein pose. «God påske», dett det ut av han då eg skal gå, og so smiler han fårete, han skjønnar vel teikninga. Eg prøvar å smile tilbake, men truleg var det ein heller skummel grimase.

Klokka passerte 15.00 på ettermiddagen ser eg av tekstmeldingar eg har sendt, og me hadde berre vore i Bergen i tre timar, men det kjentest lenger. Då får eg komme inn og sitje ved senga. Eg veit ikkje om det er betre eller verre. Godt å sjå han, han søv så fredeleg. Men full av slangar og ledningar, og fleire nålestikk som tyder på at det ikkje har vore berre berre.

Eit par timar seinare er ein førebels konklusjon klar; alle prøvar som er komme svar på er negative, og mange av dei skumle tinga er avkrefta. Det heller mot at det har vore eit kraftig og langvarig epileptisk anfall, men me veit ikkje kvifor. Det er fleir teoriar, den sterkaste at det kan ha vore feberkrampe som utløyste det, men det får me kanskje aldri svar på. Dei har diskutert fram og tilbake om alt frå snikande lungebetennelse til heilt vanleg epilepsi. I alle fall, det er på tide å forsøke å kople av respiratoren, og forsøke å vekke opp guten frå narkose!

Ca 20 minuttar seinare er det ein svært fortumla gut som kjem til seg att, med halsen full av røyr og armane meir eller mindre fastlåst av ledningar og tuber. Omtåka og sløv, men augene reagerar på det han ser, og han kan snakke, om enn ikkje heilt tydelg. Eit nytt steg i rett retning. Eg ringer mannen, og fortel om oppvakninga, men det vert ein svært kort samtale, for no har eg ein omtåka gut som krev mi fulle merksemd.

Etter ein time til på intensiv avdeling vert me flytta over til barneavdelinga sin overvåkingspost. Me får fjerna veneflon og diverse frå den eine armen, slik at den vert heilt fri. Det vert ein lang diskusjon mellom ein sløv gut og ein flink barnelege om den andre armen, men legen vinn til slutt. Då ser eg eit snev av det gode gamle, og skjønnar at det er guten min som er der inne ein stad, men at det tek tid å komme til hektene att. Argumentasjonen kjenner eg nemleg att frå kvardagen! Eg trudde aldri eg skulle bli so glad for å høyre guten min vere ueinig om noko att! Men det er framleis ein lang veg å gå…

Kvelden gjekk sakte men sikkert vidare. Me ringde heim slik at dei to heime på Nes fekk høyre at vår kjære gut prata att, men stakkars broren heime reagerte og på kor usamanhengande det var. Og det var spesielt tøft og hjarteskjerande for faren som sat der med ein frisk, bekymra gut, og høyre på kor dårleg det framleis stod til med den andre guten, sjølv om det var mange lyspunkt.

Ein utmatta og ned-dopa kropp som skal komme til hektene att vert vanlegvis enten sløva heilt ned, eller uroleg. Denne kroppen vart uroleg. Og fram til i halv fire tida på natta låg me to i same seng og prata. Eller eg småslumra litt medan han heldt praten i gang, og kjefta på ulike personar han meina han såg rundt oss. Det var vondt å sjå korleis han streva med å finne ord. Og uttale ord. Og stokke om på bokstavar. Og gjere grimasar. Og bable om heilt uforståelege ting. Og rope på broren… Kvar gong nokon passert på gangen so me såg ein skugge, ropa han på broren. Eller faren. Og kvar gong me høyrde ein unge som skreik ein stad på avdelinga, so ropa han på broren. Det var ei utmattande og tøff oppleving, og ei og anna tåre trilla ned på puta utover natta.

Skjærtorsdag

Me vart vekt i halv 8 tida, og då var formen betre. Og språket betrakteleg betre. Det fekk blodprøve-takaren erfare. Då det måtte to stikk til for å få nok blod fekk ho vite at det ikkje var greitt. Ho stod ikkje høgt i kurs. Me heldt framleis senga utover dagen, og tok det heilt roleg. Legevisitten i 10-tida gav oss svar på at me nok måtte belage oss på å bli her nokre dagar. Då var pappaen heime på Nes klar til å komme, og byrja organisere so snart me sende melding. Kan tru me gleda oss til å få besøk, og me snakka om pappaen stort sett heile dagen.

No hadde me vore på sjukehuset i over eit døgn, og tida byrja gå litt fortare. Eit par middagskvilar vart det, heldigvis, eg sov eg og, rimeleg utmatta. Etter andre kvilen var det som om det var ein ny gut som vakna opp. Då var språket nesten heilt normalt att, alle rykningar var vekke, og synet fungerte mykje betre. Me klarde å lese eit par sider i eit blad, som me hadde forsøkt mange ganger før, men ikkje klart å halde fokus på. Det var godt for ei bekymra mor å kjenne at no var konsentrasjonsevna i ferd med å komme tilbake. Litt før klokka 19 var me ute av senga og rusla litt i gangen, og de kan tru eg streva med å halde tårene tilbake då me oppdaga pappaen som kom i enden av gangen, og min vesle gut spring sjanglande i mot han og kastar seg i armane hans. Det såg ut som om pappaen streva med å halde tilbake tårene og. Eit lukkeleg augeblikk me ikkje kjem til å gløyme!

Det var mykje å fortelje pappaen, og mykje me måtte vise han. Og so hadde han jammen med seg noko til oss og. Skylanders-figurane, nettbrett og påske-egg smekkfullt med godteri. Og so fortalde pappa om broren heime som hadde leita heile huset rundt etter Skylanderen som heiter «Scorp», og til slutt funne han. Me måtte ta bilete av scorp i armane på ein smilande gut og sende heim til dei som passa broren, og takke for hjelpa. Me ringde og, og det er det herlegaste eg har opplevd, to 5-åringar som snakka i telefonen med kvarandre, han heime som spør korleis det går, og han i armane våre som streva litt med å seie det han vil seie, men til slutt kjem i mål. Ahhh, so velsigna heldige me er som har to so herlege gutar!

Då det lei utpå kvelden informerte eg pappaen so best eg kunne at det kom sjukepleiarar for å gi antibiotika kvar 6.time, neste kur var kl. 22 om kvelden. Og at det var frukost mellom kl 8 og 9 om morgonen. Og blodprøve skulle sikkert takast i 9-tida. Eg fekk eg meg eit eige rom, og eg la meg tidleg for å få nokre timar samanhengande søvn. Det var godt å legge seg, og eg sovna fort og sov tungt og lenge. 

Langfredag

Då eg kom opp på sjukehusrommet att i dag tidleg var dei to her so vidt vakne, dei hadde sove godt dei og. Det var eit godt teikn, og no var det frukosttid. Eg undra meg over at min betre halvdel ikkje hadde høyrt alle skrik og skrål frå romma rundt, alarmen som heile tida peip i gangen, og lydar utanfor glaset av ymse slag. Nei, det hadde ikkje vore noko problem. Eg svergar, den mannen kan sove seg gjennom ein verdskrig!

Utover føremiddagen gjekk me nokre småturar rundt om her, medan me venta og venta på legevisitten. Me hadde eit lite håp om å få vende nasen heimatt snart. Men forstod i grunnen sjølve at det var lite truleg. Det var ikkje lenger feber, men det var ein sliten og utmatta kropp som trengde meir kvile, og eit framleis omtåka hovud som framleis likte best å ligge i senga. Me venta og på fleire prøveresultat.

Barnelegen kom, og bekrefta det me tenkte sjølve. Det vert i alle fall ei natt til her på Haukeland, dei vil sjå at allmenntilstanden er betre før dei slepp oss av syne. Men me fekk flytte ut av overvakinga, og opp ein etasje til vanleg barneavdeling i dag. Far og son gjekk seg ein tur ut i frisk luft, medan mor byrja å tolke alle notat og kryptiske teikn som var notert i løpet av opphaldet. Eg kjende det var på tide å setje ord på nokre av dei tunge opplevingane, og byrja skrive. Og då trilla tårene att. Eg har ikkje snakka med andre enn min mann og min bror endå, og kjenner at eg gruar meg til å seie orda høgt. Om kva som har skjedd, og detaljane rundt dei fyrste timane. Det er hardt nok å skrive det. Men det kjem vel ei tid då det vert lettare. Eg veit det er terapi i å snakke om det, og ein reaksjon er vel å forvente, men det får berre komme. Enn so lenge har hovudet fungert ok, men kjensler eg har stengt ute kjem vel att. Og eg merkar at det er nokre svarte hol inni mellom, eg hugsar ikkje alt som har skjedd, medan andre ting og detaljar set spikra fast…

Det vart ein lang middagskvil i dag og, rusleturen var ikkje lang, men tok hardt på. Det er ikkje betre ventande, det tek tid å komme til hektene att etter slike strabasar. Me får nok aldri vite kor lenge anfallet varde, men mellom 1,5 og 2 timar har legane estimert. Og det er lenge det. Ei stor påkjenning for ein liten kropp! Han får framleis antibiotika, då CRP er litt høg, men dei finn ikkje spor etter kva virus eller infeksjon som truleg er i kroppen. Noko svar på kva som skjedde er det ikkje sikkert at me får. Det vert sjølvsagt oppfølging framover, og fleire utredningar ventar, men ikkje noko som skal skje fyrste par dagane. Dei må vente til all medisin er ut av kroppen. So me håpar at me kanskje får forlate Haukeland i måro eller søndag, og at me får komme heimatt til vår andre son som utolmodig ventar på sin kjære bror.

 

Me har nok ikkje endå heilt forstått kor gale det kunne gått, og kor utruleg heldige me har vore. Men no pustar me letta ut. Takk og lov kor heldige me er som fekk fantastisk god hjelp frå dyktige folk i ambulanse og luftambulanse!

Og kjære foreldre og søsken, familie og venner, de har hjelpt oss enormt gjennom nokre dramatiske dagar for oss: tusen, tusen takk for all støtte!

 

2 Comments