Påske med eit smell

Onsdag før skrive-ferie. Kiropraktor i fritimen og deretter full fart oppatt på Campus for siste undervisningstimane.

Eg stoppar for ein fotgjengar som kjem ut i vegen på mi side. Lastebilen som kjem i mot meg stoppar og. Fotgjengaren passerar, og me byrjar begge to å køyre att, då ein syklist kjem smettande over fotgjengarfeltet i rasande fart.

Hjarta mitt hoppa over nokre slag før det enda øverst i halsen, syklisten enda i ein kjørr. Eg med hovudet ut glast, han med sykkelen på tvers, halvveges ut i vegen. Han beklagar og eg beklagar og alt gjekk strålande, men FY for ein ufjelg ting å oppleve. Eg skalv lenge etterpå, og roa meg ned med å tenkje att “Det er godt det snart er (skrive)ferie!”

Siste dag før skrive-ferie. Seint ute, skal arrangere heildagsprøve og mykje må ordnast før klokka 9. Eg finn parkering, hiv sekken på ryggen og småspring frå parkeringsplassen, over vegen, opp på fortauet på andre sida og mot skulen. Eg er svimmel, plutseleg mister eg balansen, byrjar å bikke framover, og medan hovudet får større fart enn føtene tek eg eit skikkeleg mageplask i asfalten. Håndballens glasdagar redda truleg nasen, eg tok tak med begge hendene og “sopa” overkroppen framover. Litt låg stilling med eine kjaken, den fekk seg eit rasp over kinnbeinet. Munnen var truleg open av forundring i det eg datt, so eg enda opp med kjeften full av sand og grus. Eg må ha kasta meg over på sida i sluttfasen av fallet, og trykt sekken litt ned i sanden.

Oppatt på føtene, flaut smilande i det eg ser rundt meg. Mange 9.- og 10-klassingar som passerar på veg mot Kvåle. Dei spurde om det gjekk bra, og lo ikkje openbart, det må truleg ha sett verre ut enn det var, konkluderar eg. No har eg alvorleg dårleg tid. Eg ser ned, og ser at dongeribuksa er klissblaut frå navle til midt nedpå leggen. Og langs heile høgre sida. Eg sputtar sand. Og litt blod kjenner eg på smaken.

Eg set opp eit tappert smil og skundar meg inn på do og ser meg i speigelen. Heildekka av sand i mesteparten av trynet, blodig leppe, sand i augene. Blodige kne oppdagar eg, og små sår i begge håndflater, men elles bra. Klar for 5 timars-prøve. Og buksa, den tørka i løpet av dagen, so det gjekk bra. Eg takka høgare makter for at eg har vet til å ikkje gå med lys bukse blant folk.

Største nedturen kom då eg eg sette meg til rette i klasserommet og oppdaga at sekken var full av youghurt. Det var den lunsjen, tenkte eg då, og måtte klype meg i armen for å ikkje skrike høgt. ER DET MOGLEG!

På heimtur vart pølse med brød kjøpt inn, jammen var det sikkert at det vart ikkje noko avansert middag etter slik ein lang dag, tenkte eg. Vel heime ringer det uventa på døri, og me endar opp med å invitere besøket på pølsefest. Me åt pølser, ongane herja og leika, og me vaksne drakk kaffi og lo av meg og mine klønete sprell. Skikkeleg koseleg vart det og ferien kunne offisielt starte. Eller eg lo ikkje heilt av meg sjølv endå, sjølv om eg skjønnar kor ustyrteleg moro det må ha vore for dei som fekk sjå dette live. Men ein dag snart skal eg sjå tilbake og le. Høgt.

Og jammen rakk eg ei påskerevyøving på kvelden og, før eg sov meg inn i påskeferien…

(Det ser ut til å bli ein knakande bra revy, med mange lokale heltar representert. Eg gledar meg!)

Resten av helga har det vore skriving. Og skriving. Og eit avbrekk med eit fyrverkeri av ein fotballkamp på fjernsynet i dag, ein kamp eg har gleda meg til heile veka. Liverpool må seiast å vere i siget, kan det gå heile vegen til topps?

Og no i kveld har eg atter ein gong rota meg nedatt i masteroppgåva mi, og her held eg meg meg truleg framover, påske eller ikkje påske. Det nærmar seg innlevering. Faretruande fort. Ein månad att. Det er på tide å setje inn siste gir… før det smell på nytt!

Men ein skitur eller to vert det kanskje, med eller utan smell!

1396091554944

God påske =)