Vår og ekspedisjonstid

Etter nokre sjukedagar for dei små, og hanglande-rygg-dagar for stor var me tilbake til kvardagen att i dag: barnehage for dei små, og oppgåveskriving for stor. Då ettermiddagen kom, var det plutseleg ingen planar som låg og venta på oss, og veret var fantastisk. Ekspedisjons-udyret i oss vakna, og ein stor og to små la i veg på eventyr!

Fyrste etappe: langs fylkesvegen. Truleg den skumlaste delen av turen, det er nett ikkje alle bilar som held 60 i 60-sona, og det er heller ikkje alle som senkar farten sjølv om dei har folk i vegen føre seg og det kjem bil i mot. Me lærde oss at me aldri må stole på at bilar ser oss – sjølv om det er aldri so lyst, og me lærde oss at bilar er farligare enn det meste fjell og fjordar kan by på.

CAM00954

 

Heldigvis skulle me ikkje so langt før me skar av frå fylkesvegen, og det bar til skogs. Jo brattar jo betre, sa me, og  juniorane småsprang til det plutseleg sa stopp: eit vegskilje. Då skulle me, mot sunn fornuft, velge den vegen som såg kronglegast ut, og eg forklara at det vanlegvis var lurast å velge den lettaste, men no var eg kjend i det uutforska landskapet frå tidlegare ekspedisjonar, slik at då trumfa kunnskap logikk. Eg trur ikkje eg nådde heilt inn med alle mine praktiske råd, men tru ikkje at det stogga meg for resten av turen!

CAM00956

 

Oppover bar det, og me hadde ein liten diskusjon om kva dyr som kanskje budde under alle steinane her i ein solvendt helling på Nes. Fyrste forslag: «- steinbit?»… eg sleit med å forklare logikken i at steinbiten ikkje levde i steinrøyser, men me kom fram til at det var lite truleg at me kom til å møte fisk ettersom me klatra høgare og høgare opp i steinrøysa. «- å, det er hoggorm», kom det då nesten i kor. Ja, andre forsøk, me godkjenner den. Me møtte ingen hoggorm. Heldigvis eller dessverre etter kven av oss du spør, men det kjem vel fleire turar i steinurane utover vår og sommar…

CAM00957

Det enkle er ikkje alltid det beste. Og opp kom me oss, sjølv om det ikkje alltid var den lettaste vegen.

Mat må me ha på slike store ekspedisjonar. Og saft. Me kosa oss med flott utsikt utover havet. Eller fjorden kom me fram til at det måtte vere. Og me såg heilt til Marifjøra og Indrebygdi, der vinteren framleis er dominerande, medan soli spegla seg i fjorden og skein so fint på oss.

Me tykte det var løge at me hadde sol og tøya steinrøyser, medan dei låg i skuggen og hadde snø overalt. Der klarde eg ikkje å komme opp med noko god forklaring, Nes er då beste staden å vere?

CAM00958

Me kom etter kvart forbi steinrøysa, og over på stiaktige vegar. Med litt mat og drikke i magen, var me energiske opp bakkane.

IMG_3781

Det vart mange diskusjonar om vegval. Eg argumenterte med at det var lettast å gå etter stien, då sparde me mest krefter. Gutane hadde mange gode mot-argument. Som at alle monsteri (velta trerøtter) låg langs stien. Og at det var raskare å gå rett fram…

IMG_3784

Me vart einige om å vere ueinige, og gjekk ofte kvar våre vegar. Eg kom alltid på tredje plass (som er ei klar forbetring frå 5.plassen eg vanlegvis får tildelt… sjølv om me berre er tre stk på tur… so eg tykte dette lovar godt, og var strålande nøgd!)

IMG_3786

Plutseleg kom me til ein diger bre. Eller snøflekk måtte eg moderere meg til. Me leikar ekspedisjon, men eg får prøve å halde vranglæra til eit minimum. Me fann spor av folk med enormt digre føtter. Eller kan dei spori ha utvida seg? Me tenkte lenge på den…

IMG_3783

Det var og mange avkappa tre langs vegen. Eg ropa ekspedisjonsdeltakarane bort, og spurde om dei visste kva dyr som hadde gjort dette…. Dei kjende på treet, såg nokre biller, og slo fast at det måtte vere bever! Eg lurde på kvifor det var bever; «- dei bygge med tre, og so var sikkert treet for stort for dei…». Eg måtte vere enig i grunnen, men eg viste fram sagflisene på bakken, og sa at eg ikkje trudde beverane brukte motorsag…

«- ååååhh… det er sikkert han med dei store føttene då!», sa gutane i kor. Ingen kommentar, tenkte eg, og me rusla vidare.

IMG_3789

Me lærde oss skilnaden på barnåler frå gran og furu. I alle fall at det var skilnad. Og at det var slike tre som var kjekkast å ha som juletre. Me diskuterte kva frukt som kom til å vekse på desse trea til hausten, og kom fram til at det ikkje vart noko me kunne ete i alle fall. Epler og pære voks på tre utan nåler. Og so fann me heldigvis ein del ulike typar bæsj, som fekk samtalen inn i ein heilt anna retning…

IMG_3792     IMG_3793

Då høgast punkt for ekspedisjonen var nådd, tykte nokre av deltakarane at det eigentleg var nok tur for i dag. Eg som byrja gå tom for samtale-emner var og eigentleg samd i det, men me måtte på ein eller anna måte komme oss heimatt.

«- Me kan vel ikkje berre setje oss rett ned i skogen?», spurde eg. Eg lærde at eg ikkje bør spørje spørsmål om det berre er eit svar eg vil ha. For sjølvsagt svara min utslitne ekspedisjonsdeltakar: «- jo, det kan me vel!». Dette vart det argumentet som vart vanskelegast å få gehøyr for, og det som eg absolutt ikkje kunne tape.

Men, etter ein lengre samtale om kor mørkt og kaldt det vart i skogen om kvelden, kom me fram til at me kunne leike «ikkje trø på snøen» nedover bakkane, og plutseleg var me komme tilbake til sivilisasjonen.

IMG_3794

«- Sjå gutar, eit sikkert vårteikn! Krokusen er byrja spire!»…. eine ekspedisjonsdeltakaren set augene i meg, og kviskrar med eit bestemd tonefall so eg akkurat høyrer han; » – eg skjønnar ikkje kva som er spennande med DET!».. og då fann eg ut at det truleg var nok naturfag for i dag….

Home, sweet home.

IMG_3795

 

 

 

 

 

 

 

 

2 Comments