IKEA 1

Endeleg var det tid for ein tur på Ikea. Eg har planlagd ein komposisjon av skåp som skal bli til vitrineskåp. Eller framskåp som det vart omtalt som i heile går. Min betre halvdel hadde eit aukande behov for kontormøblement.

I august var eg klar. “Skal me reise på IKEA då?. “Nei, reiser me no so har me ikkje peng til å kjøpe noko!”. Eg såg den, men repliserte tørt; “greit, men til lenger ut over hausten det går, til lenger vert handlelista!”.

Me fekk eit par advarslar om vêrutsiktene. Var det ikkje meldt mykje regn fredag og laurdag? Jodå, men det regnar då alltid i Bergen, kva skilnad kan det vere? Gutane sin superonkel ville ta seg av heimestyret ein ettermiddag. Då var det berre å koble på hengaren og setje kursen mot byen.

Oppsummering i bilen mot ferja, allereie ein time etter planen. Kva har me gløymt? Jo, å føre over peng til brukskontoane. “Ingen fare, har med kodebrikka!” seier sjåføren. Då har me kontroll.

Full overhaling iLærdal. “Rear right light on trailer defect” blinka og blinka på dashbordet. Me fiska opp utstyr, som eg ikkje er heilt sikker på kvifor me hadde med oss, men pærer og diverse vart målt. Null motstand i pæra, me skifter pære. Køyrelys fungerar, sjølv om det framleis står “defect”. Skifter vindusviskarar i same slengen. 650kroner for to viskarar. Det er neimen ikkje oppskrytt at det kostar å ha god utsikt!

Lærdalstunnelen. Gjennomsnittsmåling. Eg har teke over styringa, og plundrar med den knappen som eg i teorien veit skal halde farten konstant. Eller halde farten til ei minimumshastigheit fekk eg lære seinare på turen, ingen fare at dette på nokon måte bremsar farten i nedoverbakke. Eg må vekkje co-piloten før eg får det til, og då er det berre luksus. Automatgir og cruisecontroll, utfordringa vert då å halde seg vaken i 25 km rett fram i tunnelen, ikkje berre positivt med all den teknologien.

Like før rundkøyringane mot Åsane tek til, det har vore sjåførbyte, eindel vegarbeid, høljeregn HEILE vegen, mykje trafikk, då passar det utmerka å byrje å føre pengar fram og tilbake mellom kontoar. Det er sjølvsagt ikkje lagt inn i mobilbank på førehand, so me kjenner på stressfaktoren – det blir ein lang dag!

Kontormøblement bestemt. Eg søker mot kjøkkenavdelingen, finn meg ein PC og byrjar å byggje skåp. Arket med ferdigbygd modell og artikkelnummera ligg sjølvsagt att heime. Mannen kjem snart tusslande, han finn ikkje vegen ut.

Då lass ein er komme i bilen, og eg byrjar å plukke deler til lass 2 og 3 høyrer me regnet på taket, men tenkte at det var nett som det brukar vere. Kontormøblementet må betalast i kassa og hentast på lager 2. Eg sender med mannen handlekorg nr. 2. Då eg etter ei stund kjem slepande med 3.korgi mot kassen møter eg handlekorg 2. Sjølvsagt låg lommeboka att i bilen, so korga er ikkje kommen lenger.

Lang kø, eg dreg korg 2, 3 og 4 mot kassen, men i eg skal til å legge opp varer er mannen med pengane har forsvunne. Fignn han ved ein sjølvbetjeningsautomat, med arket med kontormøblement.

Får gjennom alle 3 korgene, sjølv om det var eit par ting for mykje. Mannen er i full fart tilbake med dei, då eg for ente gong ropar at pengane bør vere ved kassen til me har betalt. Endeleg betalt, og 3 korger er stua saman til 2. Jammen er det kjekt å handle på Ikea ;-)

Laaaaaang ventetid på varelager 2 og, men då fekk me 2 nye traller med varer, so de kan tru me fekk mange glis i vår retning der me kom med våre 4 korger baksande mot heis, dør og etterkvart bil. Dei er ikkje so  enkle å styre, eg handla 312 kg, og det var vel sikkert noko slikt det vog kontorlandskapet og. “Har dom handlade up hele Ikea”, sa svenskane me møtte i utedøra. Då måtte me berre le me og, korleis i svartaste granskogen skulle me få med alt dette heimatt?

1384535083902

 

Meanwhile… hadde det regna i Bergen, fann me ut då me skulle sjekke vegmeldingar før heimtur. Og me var i grunnen rimeleg godt nøgde me at me ikkje hadde teke turen innom sentrum. Himmel kor mykje vatn det var overalt.

Me fekk retningen ut att av kaoset, og i fyrste tunnelen møtte me 11 tanks og eindel andre køyretøy. INNVASJON! Me ratta oss mellom søylepyttar, småelvar og andre forvirra trafikantar med full latterkrampe, og tykte det bar øve!

Ein kjapp stopp på indre-Arna senter seinare, og turen gjekk heimatt til Sogn. Det var ikkje like mykje latter då me klokka 22.40 snegla oss inn på ferja på Fodnes, men turen heim gjekk overraskande smertefritt.

Heime kunne barnevakten fortelje om at det hadde regna her heime og. Ein av dei håpefulle var kliss klass blaut i barnehagen, og onkel lurde på kvifor han var so blaut inni regndressen. “Jo, du skjønnar, då eg sat i den søylepytten so kjende eg fyrst at det vart blautt her på magen, og so rann det nedetter foten. Det var litt kaldt…”. Det er ikkje vanskeleg når det finst ein forklaring ;-)

Garasjen vår tek form, og me ser fram til å få tak over hovudet. Ein ting er at det er blautt ditta vatnet, men det er vel ikkje lenger før isen kjem krypande….

IMG_3477

 

I dag er det derimot ikkje vatnet som er problemet, heller vinden. So me bardunerar fast det som bardunerast kan:

IMG_3475

Soli bryt gjennom inni mellom, men med iskalde vindkast freistar det mest med innearbeid i dag. Passar litt dårleg at me har 600kg møblar å bere i hus. Flatpakka. Er vel like før me kjem flygande over fjorden med ikeaplast flagrande til alle kantar. Det er i alle fall so sterke kast at det var vanskeleg å stå oppreist, so me får “drøye og sjå om han løyer”.

Sol i stormen

One comment on “IKEA

  1. kjellrun Nov 16, 2013 16:17

    Mi djupaste medkjensle ! Me skrur og skrur og skrur etter tre slike turar du beskriv-den siste i helga som var. (I dag 3meter garderobeskåp i gangen..)Minus regn men med lita håpefull som slett ikkje tykkje ikea er so kjekt. Puh!

Comments are closed.