Fredag 4.oktober

Me hoppar over september i år. Ikkje meir å seie om den saken.

Oktober hadde eg større håp for, men byrja litt skeivt då vannkoppane poppa opp måndag ettermiddag. Nokre timar før oktober offisielt tok til. 

Då er det logistikkplanlegging av høg kvalitet. Sjølvstendig næringsdrivande, som er kategorien min kjære har dukka opp i siste par månadane, dei kan eigentleg ikkje vere sjuke. Lærarar bør ikkje vere sjuke, det vert i alle fall dobbelt arbeid dei dagane ein er vekke. Men slikt kan me sjølvsagt ikkje ta hensyn til når sjukdom inntrer, og veka har no passert på eit vis, ting går seg til.

I dag var det besteforeldre på besøk som vart ei god løysing. Eg fekk frese over Heggmyrane og ut i Sogndal, ha min eine time, konstatere at å forklare faktorisering av ufullstendige kvadrat utan å tekke inn bevisføringa ikkje monnar mykje, men det får me spinne vidare på etter haustferien.

Bilen eg låg bak frå Fosshaugane, ned Trolladalen og gjennom Gravensteinsgata hadde venstre blinklys på heile vegen. Det stemde i halvparten av kryssa. Radioen slo til med Guns «n» roses; «don’t cry», og telefonen var tom for batteri. Jepp, sa eg til meg sjølv; no passar det bra med haustferie.

Støypekant oppå muren langs vegen er forskala og støypt, forskaling er rive ned att og tunet er greve opp og atte. Drenering, røyr til straum/lys/fiber – det er litt av eit nett på tomten vår no. Den som hadde tenkt på å lage eit kart frå dag 1… Godt eg har 2870 bilete av utsikten i alle fall. Ein veit aldri om ein kan få bruk for det til noko ein vakker dag…

 

CAM00253

 

Muren vart i alle fall steike fin, og solid støypekant på toppen manglar berre litt gjerding-plankar, so vert sikkerheiten på topp og =)

(Bilete kjem ein anna dag)