Kampen om soverommet

Det går mot nytt skuleår, og ikkje veit eg kvar sommaren tok vegen. Men kjekke dagar har det vore med mykje sol, utflukter og fjellturar. Nokre glimt:

Klatreeldorado for juniorar i Bjørneparken på Flå;
IMG_2159

Drøymeovernatting på Molden med solnedgang, fullmåne og soloppgang:
IMG_2371

20130723_045347

 

 

Avkjøling i snøen på Holmevatnet då temperaturen nede i dalen bikka 30 grader i skuggen:
IMG_2474

IMG_2487

 

IMG_2496

 

Bading på Mannen:
IMG_2527

 

Etter ein lang solperiode kom det etterlengta regnet. Me fekk oss ein bubilferie austover, men då soli kom att her i vest var det Jostedalsfjelli som atter lokka, og me hamna på Skårahammaren:
IMG_2793

Gebursdagsfeiring fekk me smette inn, og kan tru eg fekk ein fin start på dagen då mine tre gutar kom med kake på sengi og song til meg. Eindel smular i sengi, og skikkeleg sjokoladekakekyss over det meste av fjeset høyrer med, so reiste dei att og eg fekk sove litt til. Himmelen!

Eg rekna med dei var reist på jobb/barnehage, men då stikke ein lyslugg hovudet inn døri på soverommet att og kunngjer: «eg tykte eg såg sverdt mitt under den klesdongen, kåfer ligge det her?». Eg himlar oppgitt med augene og forklarar at det lurer eg på og. Kva er det dei antydar? At det er eg som har leika med sverdet på soverommet? Men då eg reiser meg opp og ser rundt meg kan eg forstå anklagane. Her trengst sterkare våpen enn sverd for å få orden, truleg har det vore prøvesprenging av ei eller anna form for klesbombe. Slek går det når ein vimer rundt i fjellet og tek ferie frå alt husarbeid…

Eit par dagar seinare får eg diskre spørsmål frå min betre halvdel. «Det soverommet…». Lenger kom han ikkje før eg klikka i vinkel. «DET ER VEL IKKJE MIN FEIL AT LEIKENE FORSVINN NÅR DEI BERE DEI MED SEG INN PÅ SOVEROMMET VÅRT!»… Eit anfall av feriestress gjekk etterkvar over då eg såg glimtet i auga, men det er verkeleg ikkje alt ein skal spøke med her i verden. Plastikksverd på soverommet kjem frå no av i den kategorien.

I dag har eg bete i det sure eplet/den sure sokken og gått til frontalangrep. Armert med bospose, vaskekost, frisk luft og leikekasse i tilfelle resten av maskinparken dukkar opp, so var det ikkje so lenge gjort likevel. Eg fattar ikkje korleis reine klede kan hope seg opp i slike mengder! Eg fann uåpna boks med hårprodukt, kor lenge har eg leita etter den? Og heisann, der låg kofferten frå Københavnturen i slutten av mai. Pineleg. So var det kanskje mest mitt rot likevel då, men det er det vel ikkje noko poeng i å innrømme?

 

4 Comments