Ferie i heimtraktene

Juli er nesten halvgått og endeleg har alle ferie, men ute blæs det hundar og kattar. Då høver det bra å tømme fotoapparatet frå siste vekas ekspedisjonar. Nokre glimt frå ferien:

Garasjen vår tek form.
IMG_1741
7 mann, 3 betongbilar og full action her om dagen. Det vert bra =)
IMG_1752

 

Me har hatt besøk ei vekes tid frå det høge nord, mitt kjære søskenbarn har vore heilt super med gutane. Mange turar i skog og fjell vart det og. Seljesete:
IMG_1830
IMG_1874  IMG_1846

Bretur for dei store og ishogging for dei små:
IMG_1916

IMG_1951
Ein må tidleg krøkast om ein god breførar skal bli =)

Fleire turar på stølen, og endeleg ein skikkeleg sommardag der oppe – utan støvlar. Me fekk gå «føtt» som gutane kallar det – eg skjønte etter ei stund at det måtte bety barføtt.
IMG_2135

Slaraffenliv i Solvorn måtte me legge inn ein dag og. Dimt i veret, men varmt nok i massevis. Eg tykte no ikkje temperaturen i fjorden var noko å skryte av, men mange som bada både langt og lenge.
solvorn

Endeleg – etter 6 år – har eg klart å plante rosebusker i min kjære hage. Og so koseleg å sjå marihønene som sat på blada, tenkte eg. Mamma hadde ein litt anna teori, og jodå, det var tjukt med lus på dei fleste knoppane. Vekk skulle dei, grønnsåpe er påført opptil fleire gonger, og no ser det meget betre ut. Vert interessant å sjå om dei overleve vinteren.

IMG_2101

Brepub har det vore i nye, flotte Breheimsenteret, og det var heilt suverent. Og ikkje verre enn at ein fjelltur dagen derpå kurerte det meste.

Innhaldsrike dagar i heimetraktene sete me pris på. Kalendaren har vore fullstappa so langt. So spørst det kva dei neste vekene byr på, måtte dei bli like bra =)