Dei tre små grisene

Ferietid om dagen og ferietid om natti. Det er i alle fall ikkje tida for å sove, meiner våre unge håpefulle. 

Dei tre gutane tok seg ei natt i teltet. Ære vere friluftslivet, men eg fekk sove inne denne gongen, og tykte eg hadde fått til ein god deal. Endeleg sovetid for meg. Heilt til eg høyrde morgonritualet byrja klokka 04.50. Fyrst med leik, so herjing, etterfulgt av noko som involverte ein del krigshyl, og deretter trampinga opp trappa og inn for å vekke meg. Då sende eg nokre godord til dei øvre makter, og sverga på å sende med ei klokke ned i teltet neste gong!

Litt døgnsnuing er lov om sommaren. Eg forstår jo at det ikkje er lett å forstå at det er midt på natti når sola kik fram og dei vil opp og leike. At me vaksne er i koma er ikkje lenger noko peikepinn på når på døgeret me held til, det har vore hyppige føremiddags-, ettermiddags- og midt-på-dagenlurar siste veka…

Ferie var nemmleg tida eg hadde sett av til kreative innslag med gutane, ikkje soving i tide og u-tide. So langt har det gått ei veke, og det mest kreative eg har funne på er å om-organisere oppbevaringa av dopapir! Ikkje heilt nådd forventningane med andre ord, men sumaren er endå ung. Kanskje kjem eg til botn i klesdongane rundt omkring før hausten gjere inntog.

Eller kanskje ser me plutseleg sola ein dag og rømmer til fjells. I fjor var det vel knapt soldagar, men eg kan ikkje erindre at eg gjorde noko vesentleg effektivt innadørs då heller, so eg kryssar fingrane for at eg klarar å utsetje mesteparten av husarbeidet denne sommaren og. Enn so lenge kan eg i alle fall skulde på søvnmangel.

For å unngå at alle sovnar etter/før/under middagen, var det i kveld dokketeater på timeplanen. Tigergutt, ein Tottenham-bamse og ein liten kvit søtnos fordelte rollane som dei tre små grisene. Ole Brum fekk æra av å spele den store, stygge ulven. Ikkje den mest skremmande ulven eg har sett, men rolla vart spela med høg dramatikk og mykje sjarm.

Forestillinga var vellukka, dei tre gutane var særs nøgde med framføringa og eg skulle til å skryte uhemma av showet då det dukkar opp ein lyslygg bak Ole Brum, alias storeulv, som gaular ut: «mamma har sovna». Eg SVERGAR eg berre hadde att augene i to sekundar, men akkurat DÅ skulle publikum sin reaksjon sjekkast! Framsyninga var strålande, og det var ei flott stigande spenningskurve, men gutar – gi meg ei heil natts søvn att; då lovar eg å vere betre publikum til neste forestilling..