Sol og Pinse

Plutseleg kom vår/sommaren til Sogn, og gradestokken kraup langt oppover 20-talet. 23 grader viser det her på Nes no kl. 21 i kveld. 

IMG_1564

IMG_1566

 

Det er nesten som å sitje å sjå på at graset gror =)

IMG_1565

 

17.mai vart feira i Jostedalen i år, og det var flott å kunne springe rundt i tørre graset og leike utan jakke og hue som eg frykta nokre dagar før. «Sjå ein leikeplass», gaula gutane då me steig ut av bilen ved skulen/samfunnshuset/barnehagen. Trygt å godt å feire der for både liten og stor!

I går feira med to luringar som snart fyller 1 år. Stor stas det og, og kaker og presangar som seg hør og bør.

IMG_1518

Åsso var det på tide å finne fram att syklane. Både styre og sete måtte justerast eindel, so vidt dei er store nok i år. Men dei helde nok =) Verre var det med ujame traktorspor på kryss og tvers i tunet. Slek ein humpete veg meinte gutane. Men kva var livet utan utfordringar?

IMG_1560

Ein god middag på nye, flotte breheimsenteret vart det og tid til. Eit flott bygg blir det!

20130519_160508