Sydenliv, konfirmasjon og legevakt…

I kveld var det godt å synke ned i godstolen framfor fjernsynet. Ein tur til Spania ligg bak oss, ein ny konfirmant i familien er feira og eg har ein son med ein nydeleg bandasje på halve hovudet!

IMG_1054

Middelhavet vart alt me forventa i byrjinga av mai, og endå litt meir. Me målte ikkje badetemperaturen, men det var ikkje vanskeleg å legge seg uti der, so kaldt var det i alle fall ikkje. I lufta byrja det på vel 20 grader, og enda på nærmare 30 siste dagane. Heilt fantastisk!

IMG_1199

Artige dyr til leige på kjøpesentera. Mine håpefulle køyrde rundt på ein koalabjørn og ein brunbjørn, og me møter både blå elefantar og stripete tigrar på vår veg. Glisande slepp gutane knappen som lagar framdrift, og vinkar til forbipasserande. Etter kvart vert sjølvtilliten høgare og høgare, og dei styrer med ei hand og vinkar med den andre. «Hasta la vista, baby», vinkar fyrstemann, før han krasjar rett inn i ei blomsterpotte.

IMG_1314

Flyturen heimatt var hardast for mor sjølv. Ongane oppførde seg heilt fint, men du verden so lei EG vart. Knappe 4 timar vart i overkant. Då me kom i bilen utpå kvelden, og eg tenkte høgt om me skulle leige oss inn på Gardermoen ein stad og sove der, køyre til Hønefoss eller Fagernes, eller heilt til Årdal var det kontant svar frå sjåføren: «vi kjører heim til Nes!».

Hompande forbi Maristova med to skrikande gutar i baksetet kan det vere at angeren kom sigande, men heldigvis var det kortvarig fanfare, og me kom oss heim i morgontimane.

Litt soving og litt ompakking, so bar det rett til Årdal og flott konfirmasjonsfeiring i dag. Men dagen i Årdal starta med ein smell! Litt herjing inne, eit kleskåp som ikkje flytta seg, ein høg smell, og rett til legevakten. Eller det vil seie tunnelen mellom øvre og Tangen var midlertidig stengd, so på direkten gjekk det ikkje. Ein på passe på når ein skadar seg alvorleg i Sogn slik at det ikkje er vegarbeid!

Eg fekk melding frå fylgjet på Tangen at det vart 3 sting i hovudbotn, men ein stolt krigar hadde lege i ro og lete doktaren gjere jobben sin. Då var det full fart til kyrkja. Nei vent litt. Bunadskodna låg i bilen som var vekke. Det same gjorde bilnøklane til bil nummer to. På med støvlettar og låne seg ein bil. Kyrkjeklokkene klinga fint då me heseblæsande fann setene våre blant dei andre fadrane.

Eit par legofigurar i veska fekk tida til å gå for junioren som fekk med seg kyrkjegjenga. Presten pratar om sitt: «Velsigne deg og vare deg». «No skal eg ta deg» høyrer eg frå junior som halvveges set på golvet. «Gå i fred» sier presten. «Du skal dø» kjem det frå golvet og legoleiken…

Ut av kyrkja, rekke etter rekke. Plutseleg manglar det ein sko. På kne under benker, hurra ein sko, knyting i full fart. Ut med oss. Telefonkontakt med legevaktdelegasjonen. Ein er tilbake og rekk slutten av gudstjenesta. Dei andre må kvile litt, og kjem midt i middagen med ein flott bandasje over halve hovudet, litt redusert men elles i ok form. Junior frå kyrkjegjenga sovnar sitjande under middagsseansen medan han et. Er det mogleg?

Det vert aldri ein kjedeleg dag på tur med to 4-åringar! Me ser fram til nye sprell, men håpar på nokre rolege kvardagar fyrst =)

IMG_1352

2 Comments