Barcelona

Personalseminaret på vidaregåande i Sogndal vart i år lagt til Barcelona, og me var ca 140 ansatte på tur som tok over både fly, hotell og restaurantar på vår veg. 

Veret var på vår side, + 26 grader i lufta les me av på ein bygning ein dag. Nett passeleg. Byen levde opp til alle forventningane og litt til, og det vart ei knakande kjekk langhelg. Litt shopping – mange spanande bakgater der ein kunne tømme lommeboka, og eg holdt på å gå amokk i ein enormt stor Desigual-butikk, men det var likevel stranda som tok kaka! Fantastisk:

DSC_1870

 

Vintur til vingarden Torres:

DSC_1863

DSC_1862

Kanklar i aust og kanklar i vest. Cabernet Sauvignon i klart fleirtal.

Det var omvisning med «turist-tog», og me køyrde rundt både tankar og kanklar, og ein tur innom vinkjellaren der dei lagra ørten millionar fat.

Småbarnsmødrene i toget, som har sett sin del av barne-TV-serien «Dinosaurtoget» såg kjapt parallellane, og song kjenningsmelodien so det ljoma. Då me skulle inn i vinkjellaren og høgtalarstemma annonserte at me no skulle tilbake i tid for å sjå og høyre historien til Torres-familien holdt me på å knekke samen av latter – tidstunnellen er ein vesentleg del av dinosaurtoget og =)

DSC_1860

Det var 4 rettars mat til vinen me fekk tildelt, og stemninga var det ingen ting å seie på verken dag ein, to eller tre. Mogleg å spore ein down på dag 4, men då var det klart for heimreise og dei fleste fann fram vassflasker, cola og potetgullet i god tid før flyet skulle lette.

meny Torres

Ikkje noko å utsetje på menyen.

Ein lyserosa og ein mørkerosa trekant på nedre del av ryggen indikerar at solkremane eg nytta ikkje gav lik effekt, men eg kom betre ut ein ein kollega som var avholds, det vil seie han hadde ein «nær solkrem opplevelse» – men enda so vidt eg forstod stort sett opp i skuggen.

Hurra for ein super arbeidsplass – og me gledar oss til neste tur. Måtte det ikkje bli lenge til =)