Påsken 2013

Beste påskevêr i mi tid? sTruleg beste påskerevy og, dersom me skal dømme etter responsen!

Det er 2.påskedag, og tid for å pakke opp av sekkar og plastikkposar, oppsummering, rydding i hagen og planlegging av ny arbeidsveke. Og litt leik i soli sjølvsagt. For soli skin frå skyfri himmel att, etter litt snørusking i går.

Påskeplen ikkje heilt grøn plen endå…

Sol og skyfri himmel har gitt oss kalde netter og kjølige dagar. Men ein sein vår med mykje sol har gitt mange flotte dagar i snøen.

IMG_0683

Heggmyrane har vore besøkt nokre gonger. Skiheis og skreiing var mykje meir populært enn langrenn og bortoverski. Speseielt saman med superonkel! Heggmyri rett ned var ein stor suksess i palmehelgi, og snart lyte me vel stille med nokre deltakarar me og, må berre nett finne den berømte balansen.

DSC_1789

Super-tante hadde kvikk lunsj, kan dagen bli betre?

På Sperla vart det fleire snøholer og snøborger, og me leika og leika =)

IMG_0615

 

Flott utsikt frå Råum i soli, og me ser at det sakte men sikkert vårast på Nes:

DSC_1767

 

IMG_0715 snowracar-tur

IMG_0726

Og so var det sjølvsagt påskerevy! Dei fleste ettermiddag/kveldane i påsken gjekk vekk til fellesøvingar, omskriving eller eigenøving, men det var absolutt verdt det etter mottakinga me fekk påskeafta. FOR EIT PUBLIKUM!

Det vart mange utkast til program som måtte endrast og skrivast om undervegs:

DSC_1791

Men det var sjølvsagt fantastisk moro, og påskeafta-kvelden vart ein stor opptur!

VERDENS BESTE REVYGJENG:

PICT2289 - 1

 

Sogn Avis kom med svært positiv omtale i avisa, du kan lese ved å klikke lenkja under:

# faksimile frå Sogn Avis #

 

Og Songen me song som ein hyllest til skibomsen?
Den såg slik ut:

SJÅ SNØEN DALE  (mel. se ilden lyse)

Gå mot den snøen som liggje i nord
gå mot den snøen som ikkje har spor
Der so ingen har gått,
der er det flott

Gå mot det fjellet du veit du kan få
ikkje gå der som andre kan sjå
Gå den brattaste veg
me går med deg

ref
Vil du bli me so må du brøyte
og viss du brøyte, då er du snill
Viss me fryse gje me vel faen
her i snøen høyre me til

Sjå sjøen dale over jord
sjå snøen bli ein bakke heilt utan spor
Her skal ingen, ingen andre gå
det er den draumen me leve på

Me kan’kje seie kest hen me skal gå
og heller ikkje kest me kjem i frå
Me vil gå her i fred
og glede spre

ref
Vil du bli me so må du brøyte
og viss du brøyte, då er du snill
Viss me fryse gje me vel faen
her i snøen høyre me til

Sjå sjøen dale over jord
sjå snøen bli ein bakke heilt utan spor
Her skal ingen, ingen andre gå
det er den draumen me leve på

Det er den draumen me-e  leve på