Påskerevy-y-y

Det er palmehelg. Sola skin frå skyfri himmel, gradestokken på Sperla har krope frå -18 til -10 og tilhøva i tunet ser optimale ut. Likevel ligg eg lettare henslengt på sofaen og lese replikkar: det er revy-tid!

Heile tre år har gått sidan forrige revy, og det er lenge nok! I år vert det fullt køyr med songar, sketsjar og eminent revyband. Det er berre å krysse fingrane for at publikum går mann av huse og møter opp og støttar opp om ungdomslaget sitt arrangement.

Meld deg på du og:

Påskeafta 2013 i Jostedal Samfunnshus.
Servering av gryterett frå Jostedal Hotell

Revyen «Pudderludder på sporet»
IMG_0643
Musikk: Hæstsko
  Hæstsko er eit festorkester som spelar musikk frå 50-, 60-talet med ny giv og hett driv. Musikarane i bandet har lang fartstid innanfor pop, rock, jazz og country, og tek med seg det beste frå alle alle greiner når dei spelar opp til dans. Her får gamle klassikarar nytt liv og blir framført med glød, entusiasme og speleglede. Det rykkjer garantert i dansefoten! Amund Stokke frå NRWY trakterar bassen.


Påmelding til Morten Vigdal 91797430

eller på web:
http://goo.gl/oQhp2

Påmeldingsfrist innan kl. 12:00 langfredag
Dørane opnar kl. 19:30

Det vert ikkje alkoholservering.

Sogn Avis har vore og lodda stemninga på øving, les kva dei rapporterte om sprella våre  # HER #