Vinterferie

«Er det Nes friluftsbarnehage», fekk me spørsmål om i dag, då eg og ein nabo samla nokre ongar og grilla pølser oppå marki. 

Herleg mange ongar vart det i alle fall etter kvart, og endå ramsa me opp fleire som kunne vore med hadde dei ikkje vore på ferie. Det vert ein større og større gjeng små og litt større ongar her på Nes framover. Me er heldige me. Mykje sol, stabil snø siste vintrane – og no fleire og fleire leikande ongar rundt i snøhaugane

Fredagskveld, kakao i koppen og fyr i omnen. Eg sete og grublar over kvar dei siste dagane har teke vegen, vinterferien går mot slutten. Min betre halvdel er på Heggmyrane der NM i telemark er i ferd med å skyte i gang. Eg er ikkje heilt sikker på kva rolle han har i helga, men reknar i alle fall ikkje med å sjå han att før søndag kveld. Dei kunne ikkje vore meir heldige med veret, so me kryssar fingrane for eit vellukka arrangement.

Rekneskapsbilag, påskerevy-sketsjar og sogn avis ligg alle innan rekkevidde her eg set, men det vart meir fristande å sjå gjennom fotoapparatet, mange fine utebilete frå siste veka. Når kjem desse i album tru? Det har vore stabilt ver i lange periodar i vinter, noko som fører med seg kjølige netter. Men no etterkvar varmar sola skikkeleg utover dagane.

Me har sjølvsagt hatt nokre dagar i Jostedalen og. Ikkje so mykje sol på Sperla, men desto meir snø. Og ikkje minst – mange barnevaktar!

IMG_0394

Skigåinga har ikkje heilt teke av endå, men godt å få nokre rundar no i ferien. So lenge me berre går rundt i tunet kan eg vel ikkje legge skulda på skiføra heller…

IMG_0402

Sparkeføra derimot – har i alle fall vore heilt glimrande.

IMG_0430

Og herleg med aking og pølsegrilling i ettermiddagssola.

IMG_0447