Solkliving, kvardagsliv og påskerevy?

Nokre solfakta til meg sjølv:21 desember var det knappe to timar sol, i dag 13 februar nærmar det seg fem timar.

Klårver i ettermiddag, og eg nyte å sjå at soli nesten klive Molden. Ein dag eller tre til no, so kjem ho seg nok over, og ettermiddagssola kan byrje å skine for alvor =)

IMG_0388

 

IMG_0389
kl. 14.45 


Videosnutt

Livet elles: Ein lang sjukdomsperiode går forhåpentlegvis mot slutten, og vinterferien er like om hjørna. Snøen ligg fast og fin og er klar til skigåing og skreiing. Og eg ser fram til ein roleg ferie. Reisinga gjorde me oss ferdig med førre veke. Utanlandsreising på mannen, medan eg fekk meg ein Oslotur i jobbsamanheng. Og litt shopping sjølvsagt.

Torggata og Grensen på kryss og tvers, og sjølvsagt ein runde gjennom oslo city. Eit lite innslag av panikk då «tilbords» hadde rydde-utsal med 70% og eg berre skulle ha håndbagasje på flyet. Men Lindex sine «må-ha-bukser» som berre kom i str. 34, 36 og 38 fekk meg effektivt ned på jordi att! Makan!

Inni mellom jobbing, rydding og kvardagsliv, er påskerevyen 2013 byrja ta form. Det vert skrive replikkar og tekstar i mang ei heim for tida, og det ser særdeles lovande ut. Ver lur, og set av påskeafta til ein god latter. Me gledar oss i alle fall storveges =)

 

 

 

 

 

Related Post