Spel og hosting

Det har vore ei utfordrande veke med tanke på hobby og fritid.

Juniorane har vore heime frå barnehagen med lett feber. Sjølvsagt skal dei vere heime då. Men aktivitetsnivået har omlag vore like høgt som vanleg, berre eindel kortare lunter og mindre areal og rom til å få ut energien på innanfor huset sine vegger.

Uno, svarteper, brettspel og dataspel, og me har avansert mange brett i super mario wii. I dag vart det suplert med nokre lånte spel frå biblioteket. Noko må me jo ta oss til, og det er eit flott tilbod å kunne låne spel! «Kaptein Sabeltann» kom i hus, «frå 3 år og oppover» står det på spelet.

Det vart rigga til rundt bordet, og trass dårleg grafikk: det var moro for liten og moro for stor. Mor ivrrigast. Me styrde Pinky rundt omkring i båt og på land, fann gullpengar, kjøpte oss tre-sverd og lykt til å lyse i mørke huler med. Men då me kom til Sabeltann si borg måtte me bekjempe ein sjørøvar som stod å veiva med kniven sin, og eg byrja bli litt skeptisk. Han trengde vel og merke berre tre slag i hovudet med tresverdet vårt (!), men kanskje ikkje heilt eigna for 3 åringar likevel? Ikkje 4-åringar heller for den del.

Inne i slottet var det dørar i alle retningar, nøklar me måtte finne og greit konsept. Men so kom me inn til ein stor riddar med laaaaangt, glinsande sverd og raude lysande auger. Han stod heilt roleg då me gjekk forbi, men han måtte sjølvsagt overvinnast før me kunne komme inn neste dør. Ved frontering byrja han slå etter oss/stakkars Pinky med sverdet sitt. Då tok eg ein hurtig «riv-cden-ut-av cd-stasjonen-smell-att-loket manøver. Eg sat med høg puls og tykte det var litt før spennande sjølv, og då skal i ALLE fall ikkje 3-åringar spele det!

Eg søkte opp spele-anmeldelsar på nettet, og les at «testpanelet» sin 8-åring heller ikkje hadde klart å ta knekken på denne blikkboksen med sjølvlysande raude auger og hakkande sverd. Ikkje noko applaus til #dataspel #aldersgrense #fornuft osb. frå meg i dag!

Me avanserte heller til neste spel frå posen: «Familiemoro»-spelet for wii gjekk ut på ulike vinteraktivitetar for inntil 4 spelarar. Me har berre to kontrollar til wii. Og berre ei joystick. So familiemoro vart å sjå på mannen i huset forsøke seg på ulike aktivitetar: isblokk-knusing (pressluftbor i ermet kan vere kjekt å ha, men det vart ikkje oppdaga før tida rann ut), aking med isøks i sekken der målet truleg var å bremse før stupet. Det mislukkast tre av tre gonger til stor applaus frå meg, og me gjekk vidare til hurtigklatring med to isøkser. Då det blinka at dei andre tre konkurrentane hadde komme i mål og tiden rann ut, klarde vår utvalte spelar å bevege seg horisontalt og miste taket med begge øksene, so heller ikkje det var veleigna for familiemoro i vårt hus. Eller det vil sei, me lo godt heilt til ein liten betre-vitar kjefta på meg: «mamma, ikkje le. Det er stygt å le av andre».

OK, kanskje spelet var heilt greitt, men når skal me lære oss å gjere litt research og sjå gjennom spel/bøker/filmar før me skrur opp forventningane til alle – etterfulgt av eindel venting og ofte mystisk avledningsmanøver og sure miner =)

«NO vil eg spele super-mari» ropte betre-vitaren, og det vart einstemig vedteke.

Det er vel, som vanleg, me vaksne som er over snittet ambisiøse kanskje. Men eg kan, men håndi på hjarta og av erfaring, informere om at spel merka «frå 3 år» IKKJE høver for barn på 3 år når dei har vore heime frå barnehagen mange dagar, ikkje leika ute på lenge, og hovudnæringen siste dagane har vore flattbrød, potetgull, ostepop og sukkerholdig leskedrikk. Om det høver andre dagar, må konsekvensutgreiast før eg kan uttale meg…

Heldigvis verkar det som om feberen har rista av seg verste faktene, og me kan ut å måke snø att snart! DET er i alle fall familiemoro, krev ikkje dyrt utstyr, og best av alt: det eksisterar ikkje noko aldersgrense =)

RelatedPost