«Kroppen vår»

«Kroppen vår» er tittelen på eit stort prosjektarbeid i barnehagen. Begge gutane lærer om kroppen – innvendig og utvendig – og har teikna seg sjølve i både full stoleik og profil. Eg tenker no mitt, at det kan no ikkje vere all verden ein 3-åring får med seg om dette emnet…  Når dei no er byrja å lære om indre organ minner nemleg tema mykje om pensum eg underviser i naturfag på videregåande. Men, som vanleg, gutane får med seg både eitt og hitt.

Me var på biblioteket og lånte bøker etter vellukka besøk hos tannpleiar. Målretta går gutane bort til ungdomsavdelingen, og kjem att med ei stor biledbok om skjelettet og indre organ i kroppen… Nja, svarar eg, er ikkje denne boka berekna på litt eldre ongar? Nei, det er dei ikkje enige i, det er akkurat dette dei jobbar med i barnehagen!

Me låner, køyrer heim, og set oss for å lese. Fyrste side. Eit bilete av alle indre organ og kjertlar. Eg ser skeptisk på mine to håpefulle, men peikar og les i veg. «Her er munn, svelg, spiserøyr, magesekk. To lunger, to nyrer. Lever og hjarta. Dei lange strekane her er tarmane våre. Fyrst ein rar som heiter tolvfingertarmen, so kjem tynntarmen og  tjukktarmen, og tilslutt endetarmen…»

Me bler om, same bilete kjem på nytt, og gutane peikar og ramsar opp: «der er munnen, røyr ned i magesekken. To lunger og to nyrer. Og den raude er hjarta. Høyr mamma, eg kan høyre mitt hjerte banke, då er eg frisk…»

Vel, vel, eg er rett so imponert – men eg tenkjer at  det berre kan vere godt korttidsminne…

I dag tidleg ved frukosten hadde me god tid, åt og kosa oss. Eg var litt hås, so eg forklarar at eg er litt sjuk, litt forkjøla, men at det går bra, eg skal like vel på jobben snart. Då kjem det frå junior: «Eg er litt sjuk og. Eg har ikkje æua (ilt) i hjerta og ikkje i nyrene og ikkje i lungene og ikkje i skjelettet. Eg har æua her i halsen og hostar litt, men det går bra mamma, so då skal eg snart i barnehagen».

Eg tykkjer det er flott at kunnskapssøkande små luringar får lære mykje artig i barnhagen, og skjønnar at eg berre må repetere og auke min eigen kunnskap før dei overgår meg heilt! Eg viste dei boki som eg brukar når eg underviser på skulen, og dei kjenda at bilete og ramsa opp organ og snakka i munnen på kvarandre. Det kom vel og merke etterkvart over på kaptein sabeltann, men det kan jo vere like relevant som mykje anna. Skal tru kva dei skal ha for å ta ei ei gjesteforelesing?

2 Comments