Sol-leik

Diverse startproblem på Sperla i dag då gradstokken kraup under – 23 grader. Sjølv med motorvarmar på. 

Då var det godt å komme heim att på Nes til berre – 9 grader. Pappaen i huset pakka om og for rett på ski, medan me andre fann fram utekle og gode vottar og venta på soli. Den kom nett før kl 12, og me hadde to herlege timar i snøen. 14.05 forsvant soli bak Molden, det er vel nokre veker til ho klive over der endå, men nokre minuttar lenger skine ho dag for dag.

Me kjende i alle fall soli og minusgradene godt i dag, raude nissekjakar vart det på oss heile gjengen =)

Me byrja hardt og bratt oppi bakkane her, men fekk sleke fart at møkaruer og hestar flagra til alle kantar. Me kom etterkvart fram til at det gjekk meir enn fort nok på skaren på marki i dag, og tok siste økta der. Rompebretta er vanskeleg å balansere på med hompete underlag, og gjorde best nytte som handøvle, men dei hefte seg no vekk ei stund med det og.

Kaldt og snø er pøh, snø og sol… er berre supermoro!

 

One Comment