31.desember

Romjula er over, men for ei flott romjul me har hatt i år. 

Snø og temperaturar rundt null er perfekt å leike i. Skreiing og brøyting, kuleløyper og hopp, skigåing og snøborger, snøballkrig og kappkøyring – akkurat slik eg håpa det skulle bli.

Nyttårsafta er kommen, og me har laga snølykter og snømenn. Det er mildt og nedbør, men me håpar snøen får vere med oss langt ut i 2013. Det er so mykje meir å finne på ute då =)

Me takkar familie, vener og kjente for eit innhaldsrikt og spanande 2012. Måtte me finne på like mange sprell i året som kjem.

Frå oss på Nes, med ynskje om alt det beste i året som kjem:

GODT NYTT ÅR 

 

Related Post

One Comment