ENDELEG skikkeleg vinter på Nes

Me skrive 2.juledag, og siste døgeret har kong vinter verkeleg funne vegen til Nes! ENDELEG!

Eg feirar romjula med nytt kompaktkamera, og knipsar alt som rører seg og alt som står i ro. Det vert mange bilete, og omlag kvart nittifjerde er over middels brukbart, målet er å kanskje komme under femti bomskot mellom kvart blinkskot =) Men det har me 2013 til å jobbe med!

Eg merkar i alle fall at utebileta vert betre enn speilreflekskamera – der vert alt so mørkt når det er snø ute. Ja, det ser sikkert innstillingar for slikt, men det har eg ikkje vet på. Det må vere lett å knipse, reagere fort, og snedde å ha i lommen. Eg ser fram til ein flott foto-vinter =)

SNØ hurra:

Og flotte vintermotiv på rad og rekke.

Tjukk snøing på indrebygdi framleis, no har det letta litt på Nes, det går mot 2 varmegrader, og me er vel førebudde på at det kan verte regn etterkvart…

Men fjona som dalar er framleis kvite, og me er snart klare for økt nummer to. Eg er i alle fall klar. Det kom ei stor mystisk pakke til meg under treet i år, som viste seg å vere ei stor øskje med Wii på. Mine tre kjære gutar har då fått ein ny hobby, og eg må vel innrømme at bilkøyringa var skikkeleg artig. Litt taktikk av mannen, han kjøpte med eit super-mario spel til fruen, då visste han at det ikkje vart noko protest, og som vanleg – han hadde rett =)

Lunsj-utsikten mot Molden/Store Haugmelen i snøkavar: