24.desember – julafta

Då var afta kommen!

Eg som har hatt so god tid siste dagane fekk sjølvsagt svi litt for det i dag.

Det må ha vore litt rot med timebestillinga hos lokale frisøren – men i dag skulle plutseleg alle tre gutane klippe seg. Eg har sjølvsagt prøvd å lokka dei ut på badet nokre gonger siste dagane, men hadde i grunnen innfunne meg med at dei fekk ha litt halvlangt hår til jul i år alle saman.

Vel, ein må smi medan jernet er varmt, men då tiden byrja bli knapp tenkte eg det heldt å stusse dei litt rundt øyrene, men nei då. «Du kan godt bruke maskin, mamma». Dongen på golvet vart større og større, og julesveisen var fiksa og klar på alle tre akkurat til me skulle vore KOMNE i bilen. Og frisøreringa hadde gått på bekostning av pakkinga, so det var på tide å gire opp eit hakk…

Å ja, her var det vist nokre julegåver som ikkje var pakka inn som skulle vore levert før me reiser. og me var tomme for julepapir ja. Og limbandet var pakka vekk… og ikkje meir gavelappar… og kalkunrestane eg skulle ha med var plutseleg oppete av fuglar/kattar/rev… og dressbuksa til eine guten var ca 10 cm for lang på føtene…

Men sjølvsagt vart dette fiksa på null komma svitsj, og me putra av stad smilande som nokre sursild =)

NO har derimot julefreden atter senka seg. Grauten har sige godt ned i magen, og gutane har fått seg ski som sjølvsagt måtte prøvast med EIN gong, aller helst inne på stovegolvet.

 

Me spår nokre strålande skikarrierar! Ein gjekk fint bortover og var nøgd med det, nummer to berre stod og hoppa opp og ned, og ville eigentleg forsøke å gå opp både troppi og ein bratt hammar! Ekstremkøyringa er truleg like om hjørna…

Då er julekalendaren min slutt – det har vore koseleg å skrive ein snutt kvar dag siste vekene, og tusen takk for mange gode tilbakemeldingar! Det er kjekt at folk tek seg tid til å lese litt om vår rotete kvardag midt i alt julestyret… No vert det kanskje ein liten juleferie på bloggronten, men me ser fram til fleire sprell på Nes, so føl dikka ikkje for trygge =)

Me ynskjer dykk alle ei fredeleg, roleg og retteleg  

GOD JUL

 

Related Post