23.desember – ventetid

Tidleg start på dagen.

Ein sår hals heldt huset oppe mesteparten av natti, og kl. 05.15 var det i alle fall på tide å stå opp. «Nasse Nøff»-teiknefilm, saft og vatn vart presentert. So, kva med litt mat kanskje, kva kunne poden tenkje seg? «Kanskje pølse med brød kanskje?»… Eit ypparleg forslag, kjapt servert, og me fordjupa oss inn i hundremeterskogen. Ikkje verste staden å tilbringe vesle-julafta på.

Eit bad i bassenget vart innvilga på han som ikkje hadde sår hals. Der møtte me langvegsfarande heilt frå Bergen, rett so triveleg å skravle litt medan ongane leika.

Nærmast orkan i vindkasti på Nes i dag, -0,5 grader, og eit stille håp om at det skal løye litt til i måro slik at me kan vere ute. Kanskje kjem det litt snø og? Slik vind er ikkje holdbar i lengden, me vert for rastlause her me leikar cowboy, sheriff og tjuv eller eventuelt cowboy og pusekatt. Eg har ikkje heilt fått med meg rollefordelinga. Eg trudde ei stund eg skulle vere fin dame, og lurte på om eg skulle finne eit skjørt, då eg litt forskrekka var sikker på dei sa sexy! Men det viste seg at dei snakka om heksi, og det var då meir logisk at dei ville ha meg i den rolla. «Eg høyrde feil», prøvde eg meg. «Har du ikkje vaska deg i øyrene mamma», sa poden. Eg har jo for so vidt det, men kanskje er der overtrykk etterkvart etter all badingi…

Me har lete dei håpefulle få opne kvar si julegåve i dag, og me plukka då ut dei med mest lyd og herjefaktor. Under treet vårt ligg det då att to pakker, resten er komme på plass hos tante. Me fekk tårer i augene då veslepoden lurte på om ikkje me snart skulle opne våre pakker og, han var gla for si pakke, og litt nysgjerrig på kva me skulle få til jul i år…

Det hadde med andre ord vore nok med ei pakke til kvar, erklert at det var julefeiringa, og vore ferdig med det. Men neeeeidå, her skal me druknast i julepakker fleire dagar til ende. Og godteri. Og ekstra av ditt og datt. Sjokoladekalendarane eg kjøpte på nille for 25kr/stk har vore kjempepopulære, eine vart jo halvdømd nokre dagar ut i desember, men me lærde av det, og sidan har det gått rett so fint. Men no siste dagane har det dabba av, dei har ikkje lyst å opne kalendarane lenger. Eg oppmoda eine poden om å ete dagens sjokolade i kveld, og dei tre andre han ikkje har ete siste dagane, men han berre riste på hovudet: «Du kan få han du mamma, kanskje du trenge han meir», får eg då høyre. Her er det noko som skurrar, og det er ikkje ongane som er problemet! Eg kjenner at årets ettertanke-tankar godt kan byrje her…

Me bestemde oss for å gå laus på pepperkakehuset, det vert ofte ståande til ut i januar, og so kasta i bos. So kvifor ikkje ete det i dag? Eg skulle finne noko å knuse det med, men vart for sein:

Jaja, kvifor ikkje. Det er dei som har pynta det, då kan dei vel like godt får den gleden. Det hang godt saman. Å lime saman hus med berre melis og eggekvite fungerar med andre ord utmerka, og det smakar godt og =)

Til slutt ein hyllest til dei tre jubilantane me har i familien i dag. To søskenbarn frå nord fyller år – HIPP HURRA!

Og tante i Kvam fyller år, HIPP HURRA

Her var tante og onkel på besøk på Nes i haust, dei leika seg godt =)

 

 

 

Related Post