22.desember – kvelden før kvelden før kvelden

Pynting av juletre, julemiddag med koselege gjester og besøk av nissen!

Etterfulgt av sofaen, ullpledd og julenummeret av se og hør. Eg fekk kjensla av at julekvelden var over, og roen senka seg over huset. Tenk å få DEN kjensla 22.desember – og endå er det MANGE dagar att av juleferien, inkludert julafta! Det får meg litt bekymra over kva som kjem til å gå gale i måro for å få ting tilbake på sporet, men eg vel å tru at me endeleg har lært leksa og senka skuldrane =)

Me feirar at det går mot lysare tider. Kaldt i kjakane då sola forsvant bak Molden…

Herlege guttane mine i full fart: